Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nukleærmedisinsk undersøkelse av hjertet – myocardscintigrafi

Ved myocardscintigrafi brukar vi eit radioaktivt merka stoff som blir tatt opp i hjartemuskelen din. Kor mykje av stoffet som blir tatt opp er avhengig av kor god blodforsyning hjartemuskelen har. Undersøkinga er ofte todelt, vi undersøker blodforsyninga både i ein stress-situasjon og ein kvilesituasjon. Stressundersøkinga kan gjerast anten som ei sykkelbelastning, eller at du får eit legemiddel som gir same effekt på blodårane i hjartet ditt som om du hadde sykla.

Før

Innkallingsbrevet inneheld informasjon som er viktig for undersøkinga. Les difor brevet grundig. Dersom du ikkje kan møte til timen, ber vi om at du gir beskjed så raskt som mogeleg.

Dersom du er gravid, kan vere gravid, eller ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogeleg. Ved graviditet eller amming kan ein i dei fleste tilfelle ikkje gjennomføre undersøkinga.

Viktige førebuingar

  • Ikkje ta med gravide eller små barn som følgje til undersøkinga
  • Ikkje ha på smykke eller andre metallgjenstandar når du kjem til undersøking
  • Det er ein del medisinar du må slutte med før undersøkinga. Det vil du få beskjed om i innkallingsbrevet
  • I innkallinga vil du også få informasjon om kva mat og drikke du ikkje kan ete/drikke før undersøkinga
  • Dersom du skal til sykkelbelasting er det fint at du har på deg, eller med deg, tøy og sko som er eigna til sykling

Under

Stressundersøking
Du får ein kanyle i arma, og gjennom denne set vi stoffet/legemidlet. Du får leidningar kopla til overkroppen, slik at vi kan følge med på hjarterytmen din. Vi følger også med på blodtrykket ditt. Vi set det radioaktivt merka stoffet når hjartet er tilstrekkeleg belasta. Hjartet tar opp stoffet og viser korleis blorforsyninga til hjartet er under belastninga. Belastinga held fram ei lita stund til etter at stoffet er sett inn.

Kvileundersøking

Du får ein kanyle i arma, og gjennom denne får du det radioaktive stoffet i blodet. Du skal sitte i ro. Det radioaktive stoffet blir tatt opp av hjartet ditt og vil vise korleis blodforsyninga til hjartet ditt er når du kviler.


For begge undersøkingane 

Ventetida frå vi set inn stoffet til vi tek bileta, kan vere frå 30-90 minutt. For å få betre kvalitet på bileta, får du beskjed om å drikke/ete noko mens du ventar. Vi tar bilete av hjartet med eit gammakamera eller ein SPECT/CT. Du får leidningar kopla til overkroppen, slik at vi kan registrere hjarterytmen din. Billedtakinga tek 15-30 minutt. Du må ligge stille under billedtakinga. 
SPECT/CT

SPECT/CT. Foto: Sykehuset Østfold.

Etter

Etter undersøkinga kan du reise heim. 

Det tek nokre timar før den vesle mengda radioaktivitet er ute av kroppen din. 

Bileta blir etterbehandla og vurdert av lege ved nukleærmedisinsk avdeling. Legen som tilviste deg får resultatet tilsendt skriftleg. 

Sist faglig oppdatert 22.09.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no