Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Narkolepsi

Narkolepsi er ei nevrologisk liding som gjer hypersomni. Nokon har også andre sømnrelaterte symptom. Lidinga kan vere arveleg, det vil seie at det er opphoping av narkolepsi i visse familiar. Førekomsten av sjukdommen varierer frå undersøking til undersøking. Nokre studiar peikar på at meir enn éin av 1000 personar har narkolepsi. Det vil bety at det finst nokre tusen personar i Noreg med denne sjukdommen. Mange er ikkje diagnostiserte. Symptoma startar vanlegvis i ung alder, men det er ikkje uvanleg at det går 10–20 år frå det første symptomet opptrer til diagnosen blir stilt.

Narkolepsi er ein sjeldan, kronisk hjernesjukdom som gir ekstrem trøyttleik (hypersomni) på dagtid i ei eller anna form. Det finst behandling som kan hjelpe.

Les meir på helsenorge.no

Utgreiing

Korleis stiller vi diagnosen narkolepsi?

Søvnigheit blir mellom anna utgreidd ved hjelp av spørjeskjemaet Epworth søvnigheitsskala. Ein verdi på 11 eller høgare blir rekna som eit teikn på auka søvnigheit (hypersomni). Pasientar med narkolepsi skårar ofte svært høgt på denne søvnigheitsskalaen, ofte 16 eller høgare. Ved høge verdiar på Epworth søvnigheitsskala bør ein mistenkje narkolepsi.

Ved å spørje ut om dei spesifikke symptoma på narkolepsi, vil mistanken styrkjast eller svekkjast. Dersom pasienten har ekstrem søvnigheit og katapleksi, blir diagnosen rekna som sikker. Dersom pasienten ikkje har katapleksi, trengst spesifikke funn ved ei søvnregistrering. Alle pasientar med mistanke om narkolepsi bør tilvisast til vidare utgreiing ved eit søvnsenter eller ei nevrologisk avdeling.

Det er nødvendig med full søvnregistrering for å utelukke andre årsaker til søvnigheit på dagtid, som til dømes søvnapne. Det blir også gjort ei søvnregistrering på dagtid som heiter multippel søvnlatenstest (MSLT).

Ved narkolepsi med katapleksi kan ein ofte påvise vevstypen HLA DQB1* 0602 i ei blodprøve og lågt nivå av hypokretin i spinalvæska. Ved narkolepsi utan katapleksi har slike prøver liten diagnostisk verdi.

Behandling

Symptoma varierer frå pasient til pasient. Behandlinga bør derfor også variere etter alvorsgrada til symptoma. Det er viktig å passe på å få nok nattesøvn.

Dei fleste pasientar med narkolepsi treng medikamentell behandling. Det er vanleg å nytte sentralstimulerande medikament mot den ekstreme søvnigheita på dagtid, og medikament som hemmar REM søvn mot dei andre symptoma ved narkolepsi. Slik behandling er ei spesialistoppgåve.

Oppfølging

Narkolepsi er ein alvorleg sjukdom som varer livet ut. Sjukdommen har svært plagsame symptom, og det er viktig at diagnosen blir stilt tidleg. Ved rett behandling fungerer pasienten mykje betre. Symptoma fører likevel til at visse yrke er lite aktuelle. Arbeid der det er høge krav til vaktsemd, som til dømes betening av farlege maskinar, kan vere risikabelt for pasientar med narkolepsi. Køyring av bil er tillate dersom pasienten er velregulert på medikamentell behandling.

Sist faglig oppdatert 14.02.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Nevrologisk avdeling

Kontakt Nevrologisk avdeling

Oppmøtestad

Nevrologisk sengepost

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Besøkstider - Helse Fonna HF

Nevrologisk poliklinikk

Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.