Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Narkose

Narkose er ei bedøving (anestesi) som verka i heile kroppen. Du blir smertefri, søv og kroppen blir heilt slapp. Vi bruker narkose dersom det av ulike årsaker ikkje er mogleg å gjennomføre operasjonen med lokalbedøving. For at vi skal kunne gjennomføre ein operasjon med narkose, er det viktig at du fastar og følgjer alle førebuingane.

Før

Førebuing heime

Faste

Du skal ikkje ete eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan drikke litt vatn, saft, brus, te eller kaffi inntil 2 timar før planlagt inngrep. Unngå snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Dersom du ikkje fastar før operasjon i narkose, kan vi ikkje gjennomføre behandlinga.

Røyking

Det er påvist at røyking oftare fører til lungekomplikasjonar (lungebetennelse) og sårinfeksjonar. Om du røyker, tar det også lengre tid å bli frisk. Du bør derfor slutte å røyke fire til åtte veker før operasjonen. Sjølv om du ikkje klarer å slutte å røyke fleire veker før inngrepet, er det viktig at du ikkje røyker den dagen du skal opererast.

Smykke

Du må fjerne ringar, klokkar, øyredobbar, piercingar, kontaktlinser, sminke og naglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på deg/med deg.

Medisinar

Ta med alle medisinane du bruker fast og ei oppdatert medisinliste til sjukehuset. (alternativt ei liste over alle medisinar). Det er viktig at sjukehuset veit kva medisinar du bruker, spesielt gjeld dette blodfortynnande medisinar (For eksempel Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin). Hugs også å seie frå om du bruker naturmedisinar, for eksempel ginkgo, ginseng og kvitløk.

Les informasjonen i innkallingsbrevet nøye og i god tid før operasjonen. Feil bruk av medisinar kan føre til at operasjonen må utsettast. Ta kontakt med sjukehuset om du er usikker på noko når det gjeld medisinar før operasjon.

Førebuingar på sjukehuset

Tannstatusen din

Vi må vite om du har protesar, bru, kroner, stifter eller lause tenner. Du kan bruke protesar inntil du kjem inn til operasjonsstua. Vi tar ut protesane før du sovnar.

Eventuelle allergiar

Du må seie ifrå om allergiar og matintoleransar, særleg dersom det er medisinar du ikkje toler. Før du blir lagd i narkose vil du igjen bli spurd om nakkeplager, allergiar og om du har kunstige eller dårlege tenner. Du har blitt spurd om dette tidlegare, men vi ønsker å vere på den sikre sida.

Under

Når du kjem til operasjonsstua får du eit tynt plastrøyr (venekanyle) lagt inn i ei blodåre i armen. Gjennom denne slangen får du dei ulike medisinane. Først får du smertestillande, og da blir du som oftast døsig, men du er framleis vaken og kan følge med i førebuingane til operasjonen. Deretter får du sovemedisinen som verkar i løpet av kort tid. I nokre tilfelle (særleg hos barn) gir vi narkosegass via ei maske.

Hjelp til å puste

Når du er i narkose, treng du hjelp til å puste. Enten førar vi eit plastrøyr inn i luftrøyret eller vi set ei maske ned i svelget. Dette kan føre til at du blir hås i etterkant av operasjonen. I sjeldne tilfelle kan tenner bli skadde, spesielt om dei er lause eller i dårleg stand.

Nøye overvaking

Nokon er redde for å vakne opp under operasjonen utan at dei kan si ifrå om dette, at dei skal kjenne smerte sjølv om dei har fått narkose eller at dei ikkje vaknar opp frå narkosen i det heile tatt. Slike ting skjer svært sjeldan.

Under heile narkosen er anestesisjukepleiar eller anestesilege rett ved sida av deg og passar på at du søv godt og får rett mengde bedøving. Blodtrykk, puls og mengda surstoff i blodet blir målt kontinuerleg. Dersom det er teikn til at narkosen ikkje er djup nok, aukar vi tilførselen av bedøving. Vi reduserer og stoppar tilførselen av narkosemiddel etter at inngrepet er gjennomført.

Komplikasjonar

Alvorlege komplikasjonar er sjeldan hos friske personar. Dersom du er sjuk og/eller gammal er ein stor operasjon i narkose ei belastning for kroppen. Det er risiko for komplikasjonar som for eksempel lungebetennelse og hjarteinfarkt.

Etter

Når du vaknar opp frå narkosen, overvaker vi hjarterytmen din, og dessutan puls, blodtrykk og pust.

Smerter

Dei aller fleste opplever smerter etter ein operasjon, men du får smertestillande medikament etter behov. Nokon blir kvalme, spesielt personar som har lett for å bli bilsjuke. Sei ifrå om du blir kvalm etter narkosen, da kan vi gi deg medikament som verkar mot dette.

Mange eldre blir forbigåande forvirra etter ein narkose.

Når kan eg reise heim?

Mange kan reise heim allereie den same dagen, men dette varierer og avhenger av kva type operasjon du har gjennomgått.

Du kan ikkje køyre bil den same dagen som du har fått narkose. Du skal heller ikkje vere aleine heime den første natta etter ein narkose.

Ver merksam

Dersom det oppstår annan sjukdom, feber, hoste eller andre infeksjonar, for eksempel forkjøling, når operasjonsdagen nærmar seg – ta kontakt med oss slik at vi kan vurdere om vi kan gjennomføre operasjonen. Gi også beskjed dersom du blir gravid.



Sist faglig oppdatert 15.01.2025

Kontakt

Stord sjukehus Dagkirurgi Stord

Kontakt Dagkirurgi Stord

Oppmøtestad

Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.

Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss. 

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.