Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Narkose ved tannbehandling og kjevekirurgi

Narkose er ei bedøving (anestesi) som verker i heile kroppen. Du blir smertefri, søv og kroppen blir heilt slapp. Vi bruker narkose dersom det av ulike årsaker ikkje er mogleg å gjennomføre operasjonen/ behandlinga med lokalbedøving.

For at vi skal kunne gjennomføre ei tannbehandling  eller kirurgisk operasjon, er det viktig at du fastar og følgjer alle førebuingane før narkose.

Før

Førebuingar heime

Blodfortynnande medisinar

Nokre blodfortynnamde medisinar må du ikkje ta før behandlinga, dette avtaler du med kirurg/tannlege. Elles skal faste medisiner takast som vanleg bortsett frå Insulin og andre sukkesjukemedisinar og vanndrivande medisiner. Hugs og å seie ifrå om du bruker naturmedisinar, for eksempel ginkgo, ginseng og kvitløk.

Ta med medisinar

Ta med deg alle medisinar som du bruker til vanleg (alternativt ei liste over alle medisinar). Det er viktig at sjukehuset veit kva medisinar du bruker, spesielt gjeld dette blodfortynnande medisinar (Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin). 

Bedøvingsmiddel/plaster

Om ein ønskjer, kan ein kjøpe bedøvnigskrem/plaster reseptfritt på apoteket. Kremen er i eit plaster som kan settast på handa (og evt på innsida av olbogen) ein time før behandling startar. Dette kan vere spesielt til hjelp for barn.

Røyking

Det er påvist at røyking oftare fører til lungekomplikasjonar (lungebetennelse) og sårinfeksjon. Dersom du røyker tar det også lenger tid å bli frisk. Du bør derfor slutte å røyke 4-8 veker før operasjonen. Sjølv om du ikkje klarar å slutte å røyke fleire veker før inngrepet, er det viktig at du ikkje røyker den dagen du skal opererast.

Før operasjonen må du faste

Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.

Barn (opptil 18 år): Med mindre anna er avtalt gjeld følgande: Barnet kan drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt) inntil 1 time før operasjon. Barnet kan få morsmjølk/-erstatning inntil 4 timar før operasjon. For mjølk og fast føde gjeld same reglar som for vaksne (6 timar).

Vaksne: Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml).

Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.

Munnhygiene   

Skal du operere i munnen, bør du pusse tennene og tunga kvelden før og om morgonen operasjonsdagen og skylje med munnskyljevatn som Corsodyl eller Paroex i forbindelse med tannpuss

Påkledning

Briller og høyreapparat kan du ha på deg/med deg. Du må fjerne ringar, klokker, øyredobbar, piercingar, kontaktlinser, sminke og neglelakk før operasjonen.  Du må gjerne gå kledd i joggebukse eller anna lettsittjande tøy. Ta gjerne med eit ekstra par bukser.

Førebuingar på sjukehuset      

Før du blir lagt i narkose vil du igjen bli spurt om nakkeplager, allergiar og tannstatus. Du har blitt spurt om dette tidlegare, men sjukehuset ønsker å vere på den sikre sida. 

Tannstatus

Vi må vite om du har protesar, bru, kroner, stifter eller lause/kunstige eller dårlige tenner. Du kan bruke protesar frem til du kjem inn til operasjonsstova. Vi tek ut protesane før du sovnar.

Allergi

Du må seie ifrå om allergiar og matintoleranse. Det er viktig at vi får opplysningar  om medisinar du ikkje toler eller kan bruke.

Under

Når du kjem til operasjonsstova får du  eit plastrøyr (venekanyle) i ei blodåre på handa eller armen. Gjennom dette plastrøyret får du dei ulike medisinane. Først får du smertestillande, då blir du som oftast døsig, men du er framleis vaken og kan følgje med på førebuinga til operasjonen. Deretter får du sovemedisinen som verka i løpet av kort tid, denne kan hos enkelte svi i blodåra. Dette går raskt over og er ufarleg. I nokre tilfelle (særleg hos barn) gir vi narkosegass via ei maske.

Pårørande 

Pårørande kan vere med inn på narkoserommet fram til pasienten sovnar. Under behandlinga ventar pårørande  utanfor.

Hjelp til å puste

Når du er i narkose treng du hjelp til å puste. Derfor fører vi eit plastrøyr (ei tube) inn i luftrøyret (tube). Dette kan føre til at du blir hes i etterkant av operasjonen for ei tid. I sjeldne tilfelle kan tenner bli skada, spesielt dersom dei er lause eller i dårleg stand.

Nøye overvaking

Nokon er redde for å vakne opp under operasjonen utan at dei kan seie ifrå om dette, at dei skal kjenne smerte sjølv om dei har fått narkose, eller dei er bekymra for ikkje å vakne etter narkosen. Vi kan forsikre om at under heile narkosen er anestesisjukepleiar eller anestesilege rett ved sida av deg og passar på at du søv godt og får riktig mengde bedøving. Blodtrykk, puls og mengde surstoff i blodet målast kontinuerleg. Dersom det er teikn til at narkosen ikkje er djup nok, aukar vi tilførselen av bedøving. I samarbeid med kirurgen reduserer/stoppar vi tilførselen av narkosemiddel etter inngrepet er gjennomført.

Tømme blæra

Før du kjem til operasjonsstova ber vi deg om å tømme blæra. Men varar operasjonen/ behandlinga  over ei viss tid, vil ein kontrollera urinblæra med ein såkalla blærescanner, og i enkelte tilfelle må ein tømme blæra med et urinkateter.

Komplikasjonar

Dersom du har dårleg helse og/eller har høg alder, er ein operasjon i narkose ei belasting for kroppen. Særleg ved kjent hjarte/lungesjukdom. Alvorlege komplikasjonar er uvanleg hos friske personar. 

Etter

Når du vaknar opp frå narkosen, overvaker vi hjerterytmen din, samt puls, blodtrykk og pust normalt i mellom 1-2 timar.

Pårørande

Etter avtale kan du ha følge av pårørande(ledsager) til oppvåkningsavdelinga. 

Smerter

Mange opplever smerter etter ein operasjon/tannbehandling, og du får smertestillande medikament etter behov. Nokon blir kvalme, spesielt personer som har lett for å bli bilsjuke. Sei ifrå dersom du blir kvalm etter narkosen, då kan vi gi deg medikament mot dette.

Eldre kan bli forbigåande forvirra etter ein narkose.

Kost 

Når du blir operert /behandla i munnen, får du lokalbedøving i tillegg til narkose. Lokalbedøvinga er årsaka til at du etter narkosen normalt må vente i omlag to timar med å ete og drikke. Bruk av snus og røyk må ein vente med i minimum 6 timar etter inngrepet er avslutta.

eimreise

Dei aller fleste reiser heim same dag både etter tannbehandling og kjevekirurgi. Enkelte gonger må ein overnatte på sjukehotellet /sjukehuset, men det varierer. Det kjem an på kva slags operasjon du har gjennomgått og kvar du bur.

Følge heim operasjonsdag: 

Alle må ha følge heim operasjonsdagen. Du skal heller ikkje vere aleine heime den første natta etter narkose.

Bilkøyring

Du kan ikkje køyre bil sjølv same dag som du får narkose

Ver merksam

Når operasjonsdagen nærmar seg: Dersom du får anna sjukdom, feber, hoste eller andre infeksjonar, som for eksempel forkjøling,  - ta kontakt med sjukehuset slik at vi kan vurdere om vi kan gjennomføre operasjonen. Gi også beskjed dersom du er blitt gravid.

Sist faglig oppdatert 20.01.2025

Kontakt

Stord sjukehus Dagkirurgi Stord

Kontakt Dagkirurgi Stord

Oppmøtestad

Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.

Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss. 

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.