Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Navlebrokk er ei svakheit i bukveggen som fører til ei utposing frå navlen. Navlebrokk er vanlegast hos barn, og i dei fleste tilfelle går det tilbake av seg sjølv. Dersom brokket ikkje er gått tilbake innan seksårsalderen, kan vi vurdere operasjon – også av kosmetiske grunnar.
Navlebrokk er ofte utan symptom og treng då inga behandling. Dersom det gir ubehag, kan det vere aktuelt å operere.
Brokket kan også setje seg fast, og gi akutte, sterke smerter. Ved slike sterke smerter bør du kontakte lege så snart som mogleg. Det kan vere at brokket inneheld tarm som blir inneklemt.
Både barn og vaksne kan bli tilviste av fastlegen til vurdering av planlagt operasjon. Rettleiande frist for start av utgreiing er ifølgje Helsedirektoratet 26 veker. Det er også varierande ventetider for sjølve operasjonen.
Mange kan bli operert som dagkirurgisk pasient. Det vil seie at du kjem og reiser heim igjen same dag. Dersom du har fleire andre sjukdommar og/eller bur aleine, blir du lagt inn og overnattar første natt på sjukehuset.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Det får du i så fall beskjed om.
Brukar du blodfortynnande medisinar, sjå informasjon i innkallingsbrevet frå sjukehuset om kva du skal gjere. Ta med liste over dei faste medisinene når du kjem til sjukehuset.
Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, naglelakk og piercingar før operasjonen. Dersom piercingane eller liknande ikkje er fjerna, du risikere at dei blir klipte av.
Briller og høyreapparat kan du ha på.
På morgonen operasjonsdagen eller kvelden før skal du dusje og vaske håret. Skyll godt i navlen. Ikkje bruk krem eller sminke etter du har dusja.
Operasjonsområdet blir barbert på sjukehuset om nødvendig.
Dersom du har fått beskjed om at du skal bruke brokkbind eller kompresjonstøy, kan du kjøpe dette hos bandasjist.
Før operasjonen blir du tatt imot av sjukepleiar, og du får samtale med kirurg og anestesilege.
Operasjonen blir gjort anten open eller med kikholskirurgi.
Vi lagar eit lite snitt over utposinga, dyttar den tilbake og syr svakheita i bukveggen slik at det ikkje oppstår navlebrokk på nytt. Denne metoden er best eigna hos barn og hos vaksne med små brokk.
Operasjonen blir gjort i narkose, og varar cirka 30 minutt.
Ved større navlebrokk tilrår vi ofte laparoskopisk (kikhols-) teknikk med innlegging av nett. Dersom det er eit svært stort navlebrokk kan vi også gjere inngrepet med open teknikk. Då forsterkar vi også defekten med nett.
Operasjonen blir utført i narkose og varer rundt 1 time, men dette kan variere.
Ved all kirurgi er det risiko for bløding og betennelse. Ved operasjon for navlebrokk kan du mellom anna risikere at brokket kjem tilbake. Dersom brokket då gir symptom som smerte bør du igjen vurderast av kirurg. Nokon kan då få tilbod om ny operasjon.
Det er også risiko for smerter i operasjonssår, som oftast går dette over.
Dersom du røykjer aukar risikoen for tilbakefal og smerter. Vi anbefaler alle som skal til operasjon for brokk om å slutte å røykje.
Etter operasjonen blir du overvakt til du vaknar. Du får ete og drikke, og vi sjekkar at du klarar å late vatnet.
Dersom du er operert som dagkirurgisk pasient kan du reise heim. Du får med deg nokre smertestillande tablettar og eventuelt resept. Du kan ikkje køyre bil eller betene maskinar første døgnet etter operasjonen. Sjukemelding får du før heimreise, og lengd blir vurdert individuelt. Det avhengar oftast av kva du jobbar med.
Før du reiser heim får du munnleg og skriftleg informasjon. Du får med deg smertestillande tablettar og eventuelt resept. Du kan ikkje køyre bil eller betene maskiner første døgnet etter operasjonen. Om nødvendig ordnar sjukehuset med transport.
Du får sjukmelding før du reiser heim. Lengda på sjukmeldinga blir vurdert individuelt. Det avheng av kva du jobbar med.
Dersom du har sting som må fjernast, vil du få beskjed om det. Dei fleste må ikkje fjerne nokon sting.
Såret i huda gror raskt, mens vevet under huda treng lengre tid på å gro.
Det er som regel ikkje nødvendig med oppfølging etter operasjon. Du må ta kontakt med fastlege dersom du får vondt i såret, blir hoven eller raud, eller føler deg sjuk etter operasjonen.