Det kan hende du må ta urinprøve, CT eller røntgenbilde før behandlinga. Dette får du i så fall beskjed om.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Hygiene
Før du kjem til sjukehuset må du vere nydusja. Det er viktig med god hygiene før operasjonen, for å førebygge infeksjon. Vask hender og føter godt. Ta av ringar og piercingar heime.
Medisinar
Hovudregelen er at du kan ta dei vanlege medisinane dine heilt fram til behandlinga.
Bruker du dei nye perorale antikoagulasjonsmidlane (Dabigatran, Rivaroksaban, eller Apixaban) må du slutte med det minst 3 dagar før behandling om ikkje anna er avtalt.
Dersom du bruker Marevan, skal du i utgangspunktet slutte med det 2 dagar før behandlinga, om ikkje anna er avtalt.
Bruker du acetylsalisyl-preparat skal du vanlegvis ikkje slutte med desse dersom ikkje anna er avtalt med fastlege/sjukehuset.
Om du bruker medikament som Plavix eller Efient, må du avklare dette med sjukehuset eller fastlege.
Dersom du bruker hormonpreparat, kan du vanlegvis ta desse fram til behandlinga.
Er du i tvil om kva medisinar du kan ta, kan du ta kontakt med fastlegen eller behandlande kirurg.
