Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nyre- og urinvegsstein, perkutan knusing

Ikkje alle nyresteinar kan passere ut gjennom urinvegane på eiga hand. Då kan kirurgisk behandling vere nødvendig. Ved perkutan knusing knuser/fjernar vi nyresteinen via ein arbeidskanal som blir etablert frå ryggsida.

Før

Før operasjonen vil ein sjukepleiar orientere deg om operasjonen. Vi tar urinprøve, blodprøve og EKG (hjarteprøve). Lege vil gjere journalopptak og undersøke deg. Ta med oppdatert medisinliste.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Hygiene

For å førebygge infeksjon er det viktig at du dusjar før operasjonen. Vask hender og føter godt. Det er viktig at navlen òg blir vaska. Menn må trekke forhuda tilbake. Du må ikkje ta på makeup/sminke eller ansiktskrem/bodylotion etter dusjen. Naglelakk må fjernast. Du skal ikkje ha på deg klokke, smykke, piercing eller giftering under operasjonen. Personalet barberer operasjonsområdet og ordnar med reint tøy.

Medisinar

Ikkje ta eigne medisinar denne morgonen. Anestesilegen bestemmer kva medisinar du skal ha og du får desse av sjukepleiar. Nokre pasientar får ei sprøyte i magen 6 timar etter operasjonen for å unngå blodpropp og nokre pasientar får også antibiotika før operasjonen.

Bruker du inhalasjonar, eventuelt augedropar/nasespray, tar du desse med.

Under

Inngrepet blir gjort i narkose.

Når du er godt bedøvd, blir det først lag eit tynt kateter gjennom urinrøyret, via urinblæra opp til nyra. Vanlegvis blir du snudd på magen og det blir lagt eit lite snitt i sida for «kikkertinstrumentet». Via denne tilgangen blir nyresteinen/nyresteinane knust(e) og henta ut.

Operasjonstida er vanlegvis 2 timar. Nokre pasientar blir opererte mens dei ligg på ryggen.

Etter operasjonen blir eit dren (slange) lagt gjennom huda til nyrebekkenet i kanalen til kikkertinstrumentet. Innvendig blir det eventuelt lagt ein ureterstent som sikrar at urinen renn frå nyra og ned til blæra.

Etter

Etter operasjonen

Du blir liggande på oppvakningsavdelinga til observasjonane av deg er stabile, da blir du flytta tilbake til sengeposten. Du kan starte varsamt med litt drikke, og du får mat når du er svolten.

Kateteret blir vanlegvis fjerna dagen etter operasjonen, mens drenet gjennom huda til nyrebekkenet blir behalden nokre få dagar. Før drenet blir fjerna, blir passasjen testa gjennom urinleiaren mellom nyrebekken og urinblære ved at drenet blir stengt i periodar. Når drenet er avstengt og seinare når det blir fjerna, er det viktig at du er mest mogleg oppe.

Etter at du har reist heim

Sjukmelding er avhengig av arbeidssituasjonen din. Vanlegvis vil det vere eit behov for nokre få dagar etter utskriving. Du har mest sannsynleg ein stent liggande i urinleiaren etter operasjonen og urinen kan vere litt blodig den første tida. Dette er normalt, men vil minke etter kvart. Det er derfor viktig å drikke rikeleg (1–2 liter per dag) slik at du har god gjennomskylling i urinvegane.

Fjerning av stent

Dersom du fekk innlagt stent under operasjonen, får du time til å fjerne denne ved Urologisk poliklinikk nokre veker etter operasjonen. Dette blir gjort i lokalbedøving. Av og til blir det gjort ein røntgenkontroll på førehand.

Sårstell

Du vil ha eit lite sår i sida der nefrostomikateteret har stått. Dette er lukka med sting som kan fjernast hos fastlegen etter om lag 14 dagar.

Det er vanleg med lekkasje av urin den første tida etter at kateteret er fjerna. Det er viktig at bandasjen blir skifta når ho er gjennomtrekt av urin eller sårvæske. Dersom bandasjen er tørr, kan du ha ho på i 2-3 dagar etter utskriving. Ta deretter bandasjen av forsiktig. Ekstra bandasje får du kjøpt på apoteket.

Det er viktig at du observerer såret når du har kome heim. Du skal sjå etter teikn som raudheit, heving og pussdanning. Dette kan vere teikn på sårinfeksjon. Ta kontakt med fastlegen din dersom du opplever dette. 

Reoperasjon

Ved stor nyrestein, og stein inne i sidegangane i nyret, førekjem reststeinar som du får tilbod om behandling for. Dette kan både gjerast med same teknikk, eller med ytre steinknusing, ESWL (Extracorporeal shock wave lithotripsy).

Aktivitet

Det er inga avgrensing for vanleg fysisk aktivitet etter ein slik operasjon, men ta det gjerne med ro dersom stenten gir ubehag. Det blir tilrådd å avstå frå trening og annan hard fysisk aktivitet i om lag 14 dagar etter operasjonen.  

Biverknadar og komplikasjonar

  • Kontakt legevakt eller sjukehuset om du får feber og/eller frysningar.
  • Om du skulle oppleve ubehag, at urinen endrar lukt og/eller at du har svie i samband med vasslatinga, kan dette tyde på ein urinvegsinfeksjon. Du bør då ta med deg ei urinprøve og oppsøkje fastlegen din. I tillegg opplyser du om dette på etterkontrollen på sjukehuset.
  • Det er normalt at det kan kome noko blod i urinen og at vasslatinga vil vere hyppigare den første tida etter operasjonen.
  • Dersom du skulle få problem med å late vatnet, få smerter eller spreng i blæra, må du oppsøkje legevakta eller sjukehuset.
  • Det er normalt med lokale smerter i sida der nefrostomikateteret har stått. Vanlege reseptfrie smertestillande medisinar som Paracetamol og Ibuprofen er ofte tilstrekkelege.
  • Under operasjonen kan komplikasjon med hull i nyrebekkenet førekome. Dette gror vanlegvis av seg sjølv etter nokre dagar ved at ein beheld nefrostomikateteret for avlasting ei stund etter operasjonen.
  • Bløding under operasjon kan òg førekome, og nokre gonger har ein behov for blodoverføring. Ved større eller vedvarande bløding etter operasjon, kan det vere aktuelt med ny operasjon eller intervensjon på røntgenavdelinga. Dette er sjeldan.
  • Etter operasjonen får nokon problem med fordøyinga. Råd ved forstopping: Drikk sure mjølkeprodukt, et fiberrik kost og ver i aktivitet.

 

Ver merksam

Infeksjon i urinvegane kan oppstå med symptom som feber, smerter og endring i vasslatinga. Då må du oppsøkje fastlege for å ta urinprøve og eventuelt få behandling. Gjer legen merksam på at du er nyoperert og det er normalt å ha blod i urinen etter dette.

Smerter

Det hender at små bitar av nyrestein glir ned i urinleiaren og sit seg fast, eller gir smerter, under passasjen nedover. Då kan eventuelt bli behov for ytterlegare behandling.

Sist faglig oppdatert 15.01.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.