Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nyre- og urinvegsstein, endoskopisk knusing

Nyrestein kan bli fjerna/knust via eit skop som blir ført gjennom urinrøyret og opp i urinblæra og vidare til urinleiaren/urinleiarane.

Før

Før operasjonen vil ein sjukepleiar orientere deg om operasjonen og førebuingane til denne. Det vil bli tatt blod- og urinprøve, og er du over 60 år eller har kjent hjartesjukdom, skal du ta EKG (hjarteprøve). Ein lege vil gjennomføre journalopptak, med ei enkel kroppsundersøking. Ta med oppdatert medisinliste.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Hygiene

For å førebygge infeksjon, er det viktig at du kjem nydusja til avdelinga. Hos menn må forhuda trekkast tilbake og navlen må reinsast. Vask hender og føter godt.

Du må ikkje ta på «makeup» (sminke) eller ansiktskrem/bodylotion etter dusjen. Neglelakk må fjernast. Du kan ikkje ha på deg smykke eller piercing, heller ikkje giftering.

Personalet barberer operasjonsområdet og ordnar med reint tøy.

Ikkje ta eigne medisinar denne morgonen. Anestesilegen bestemmer kva medisinar du skal ha og du får desse av sjukepleiar. Nokre pasientar får ei sprøyte på magen 6 timar etter operasjonen, for å unngå blodpropp og nokre pasientar får også antibiotika før operasjonen. Bruker du inhalasjonar, eventuelt augedropar/nasespray, tar du desse med.  

Under

Bedøvinga du får er vanlegvis spinalbedøving i ryggen, eller ein kort narkose. Når du er godt bedøvd, lyser kirurgen inn i urinleiaren/eine og knuser/fjernar stein. Som oftast blir det lagt inn ein ureterstent (innvendig plastrøyr som sikrar at urinen renn frå nyrene til urinblæra). Ureterstenten blir fjerna nokre veker etter operasjonen ved urologisk poliklinikk. Etter operasjonen vil du få innlagt eit blærekateter som vanlegvis blir fjerna nå bedøvinga er gått ut. Operasjonstida varierer frå ½ – 2 timar.

Etter

Du blir liggande på oppvakningsavdelinga til observasjonane av deg er stabile og utpå dagen/ettermiddagen blir du flytta tilbake til sengeposten. 

Du kan starte med mat og drikke når du ønsker etter operasjonen. Når du har fått tilbake kjensla i beina (ved bedøving i ryggen), kan du stå opp. 

Etter at du har reist heim 

Urinen kan vere litt blodig den første tida. Dette er normalt, men vil minke etter kvart. Det er derfor viktig å drikke rikeleg (1–2 liter per dag) slik at du har god gjennomskyljing i urinvegane. 

Sjukmelding er avhengig av arbeidssituasjonen din. Vanlegvis vil det trengast nokre dagar etter utskriving. 

Urinvegane 

Om du har fått innlagt eit urinkateter i blæra di under operasjonen, kan dette fjernast same dag eller dagen etter operasjon. Dette blir vanlegvis gjort så lenge det ikkje er teikn til infeksjon eller stor bløding. 

Det inneliggande plastrøyret (stenten) i urinleiaren blir vanlegvis behalde  i 3-7 dagar. Du vil ha ein tråd ut av urinrøyret som blir brukt ved fjerning. Dette blir gjort på urologisk poliklinikk eller du kan fjerne han sjølv heime (da vil du få opplæring i dette før du reiser heim). Tråden er festa med teip på penis eller innsida av låret. Det er viktig at du ikkje trekker i tråden slik at stenten sklir ut, vêr derfor merksam på dette ved intimvask.  

Nokon må behalde stenten nokre veker etter operasjonen (vanlegvis 2-4 veker), da vil du ikkje ha tråd ut frå urinrøyret. Stenten blir fjerna med eit tynt kamerarøyr (cystoskopi) og lokalbedøving på urologisk poliklinikk. 

Fysisk aktivitet 

Du kan ta opp att normal aktivitet same dag som operasjon. Det blir anbefalt å avvente trening til 2 veker etter operasjonen. 

Kva du kan vente 

  • Dersom du har inneliggande stent  frå nyra til urinblæra er det normalt med svie, ubehag og blod ved vannlatning. Desse symptoma kan også halde fram ei stund etter at stenten er fjerna.
  • Kontakt sjukehuset viss stenten skulle skli ut eller at du har fått drag på tråden.
  • Om du får problem med å late vatnet, få smerter/spreng i blæra eller underlivet, må du oppsøke legevakta eller sjukehuset.
  • Om du opplever ubehag over blæra, at urinen endrar lukt og/eller at du har vedvarande svie i samband med vannlatningen, kan dette tyde på ein urinvegsinfeksjon. Du bør da ta med deg ei urinprøve og oppsøke fastlegen. I tillegg opplyser du om dette ved etterkontrollen på sjukehuset.
  • Perforasjon av ureter (hol på urinleiaren) er ein sjeldan komplikasjon som medfører at du må ha ein inneliggande stent i urinleiaren i 2-3 veker, slik at såret gror.
  • Ureterstriktur er også ein sjeldan komplikasjon som inneber ei forsnevring av urinleiaren og blir førebygd ved at ein legg inn ein stent i urinleiaren etter operasjonen. 

Kontroll

Skal eg til kontroll eller følgast opp på nokon måte? 

  • Nokon fjernar den inneliggande stenten sjølv heime etter 3-7 dagar. Om ikkje det er ønskeleg kan du få time på urologisk poliklinikk for hjelp til fjerning.
  • Dersom du har stent utan tråd vil du få time hos lege til fjerning etter cirka 2-4 veker.
  • Kontroll med røntgen blir som regel gjord 4-8 veker etter operasjonen for å sjå at alle nyresteinane er borte, eller om det har tilkomme ein trongheit i urinrøyret etter inngrepet. 

Ver merksam

Infeksjon i urinvegane kan oppstå med symptom som feber, smerter og endring i vasslatinga. Da må du oppsøke fastlege for å få tatt urinprøve og eventuelt få behandling. Gjer legen merksam på at du er nyoperert og at det er normalt å ha blod i urinen etter dette.

Sist faglig oppdatert 19.01.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.