Etter undersøkinga blir du flytta tilbake til sengeposten.
- Du skal liggje på ryggen dei neste to timane for å unngå bløding frå stikkstaden i nyra.
- Blodtrykk og puls blir kontrollert kvart femtande minutt den første timen, deretter kvar time dei neste fire timane.
- Resten av væska som blei starta før undersøkinga vil no gå raskt inn for å framskunde vasslatingsbehovet. Du må faste fram til første vasslating etter biopsien. Dersom det ikkje er synleg blod i urinen ved første vasslating, kan du ete. Ved synleg blod i urinen blir blodprosenten målt. Svaret på målinga avgjer om du kan ete eller ikkje.
- Om morgonen etter biopsien blir det alltid teke ein urinprøve og blodprosenten blir kontrollert. Dersom det ikkje er blod i urinen og du har det bra kan du skrivast ut frå sjukehuset.
Dei første vekene etter nyrebiopsien skal du ikkje løfte over 10 kilo, eller utføre hard fysisk trening. Ved blod i urinen skal du raskt kontakte avdelinga der biopsien blei teken.
Det tek omtrent éi veke før eit førebels svar på vevsprøven ligg føre. Du vil få tilsendt brev i posten med innkalling til poliklinikken når svaret er klart.
Komplikasjonar
Den hyppigaste komplikasjonen er ømheit i muskulaturen over nyra. Dette kjem seg oftast i løpet av få dagar.
Det kan komme blod i urinen, men dette skjer ganske sjeldan. Hos halvparten går det over av seg sjølv i løpet av få timar, men i sjeldne tilfelle kan det bli behov for å gi blodoverføring. I svært sjeldne tilfelle kan blødinga ikkje stansast og operasjon kan bli nødvendig, men dette skjer hos under 1 av 1000 undersøkte pasientar.