Undersøking
Nyresykdommer
Sjukdommar som rammar nyrene, gir redusert nyrefunksjon, unormale urinfunn eller høgt blodtrykk. Dette blir ofte oppdaga ved undersøking hos fastlege, som kan vurdere tilvising til nyremedisinsk poliklinikk for utgreiing. Dei fleste har likevel lett og stabil kronisk nyresvikt og treng ikkje vurdering på sjukehuset.
Tilvising og vurdering
Når tilvising frå fastlege er mottatt, vil nyrelege på sjukehuset vurdere om det er behov for vurdering eller oppfølging ved nyremedisinsk poliklinikk. Om det ikkje er nødvendig, vil nyrelege normalt anbefale oppfølging hos fastlege og ny tilvising dersom tilstanden blir verre. Vurderinga blir basert på grad av nyresvikt, kor fort nyrefunksjonen fell, urinfunn og sannsynleg utløysande årsak. Dei fleste pasientar som treng det, vil få time ved nyremedisinsk poliklinikk i løpet av tre–seks månader, men ved mistanke om alvorleg nyresjukdom kan det vere behov for vesentleg raskare vurdering.
Før
Under
Etter
Avhengig av kva tilstandar som blir påvist og sannsyn for framtidig forverring, vil ein trenge kortare eller lengre oppfølging ved nyremedisinsk poliklinikk eller hos fastlege.