Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nyretransplantasjon

Nyretransplantasjon blir utført hos personar med alvorleg nyresvikt. Nokre pasientar har starta i dialyse, blod- eller posedialyse (PD), mens andre blir transplanterte før oppstart av dialyse. Nyrer kan transplanterast frå både levande givar – som oftast ein person nær pasienten – eller frå avdød anonym donor.

Transplantasjon av nyre er eit aktuelt behandlingsalternativ for personar med alvorleg nyresvikt. Etter ein vellykka nyretransplantasjon får pasienten tilnærma normal nyrefunksjon. For å forhindre at immunforsvaret til kroppen støyter frå seg det nye organet, må du bruke immundempande medisinar resten av livet.

Somme pasientar med svært vanskeleg regulerbar diabetes i tillegg til nyresvikt, kan samtidig transplanterast med bukspyttkjertel (pankreas).

Utgreiing

Utgreiing til nyretransplantasjon skjer på lokalsjukehuset ditt.

Om du samtidig skal få transplantert bukspyttkjertel (pankreas), vil delar av utgreiinga skje på Rikshospitalet.

Utgreiinga blir gjord for å avdekke sjukdom i hjarte, blodårar og lunger. Under utgreiinga går du gjennom ei rekke undersøkingar:

  • røntgen av lungene
  • CT eller MR av hovudpulsåra og bekkenkar (hos pasientar over 40 år)
  • vurdering av funksjonen til hjartet for å avdekke eventuell sjukdom
  • lungefunksjonstesting
  • malignitetsscreening for å utelukke kreft
  • blod- og urinprøver
  • undersøking hos tannlege og sosionom

For transplantasjonar med levande givar av nyre blir innlagde både den som skal gi og den som skal få nyre, to–fire dagar før den planlagde operasjonen. Dette for å gjere dei siste førebuingane før operasjonen.

For transplantasjonar med nyre frå avdød donor, gjer vi dei same undersøkingane, men over mykje kortare tid. Ventetida frå du blei godkjent for transplantasjon til transplantasjonen skjer, varierer frå månader til år. Blodgruppe, alder, størrelse og om du har antistoff har noko å seie for ventetida.

Behandling

Transplantasjonen blir gjennomført på Oslo universitetssykehus Rikshospitalet.

Når du kjem til Rikshospitalet tar ein sjukepleiar og lege imot deg, og du blir deretter gjord klar til operasjon. Ved planlagde transplantasjonar med nyre frå levande givar, kan dette planleggast litt meir og ta litt lengre tid enn ved transplantasjon av nyre frå avdød givar.

Innkomstsamtale

Det er viktig at du fortel om det har skjedd noko den siste tida, som for eksempel om du har vore forkjølt eller hatt svie ved vasslating. I innkomstsamtalen med sjukepleiar vil vi ta utgangspunkt i ønska og behova dine under opphaldet hos oss. Du har høve til å stille spørsmål om du lurer på noko. I tillegg vil vi informere deg om det som er aktuelt for det du har framfor deg, og be deg om opplysningar som er relevant for at du skal få det best mogleg før og etter operasjonen.

Prøver

Når du er på sjukehuset tar vi blodprøver, røntgen og EKG.

Dialyse

For deg som skal transplanterast med levande givar og går i dialyse, får du vanleg dialyse dagane før transplantasjonen. Ved transplantasjon med avdød givar kan det bli aktuelt med ein kort dialyse for å redusere ein høg kaliumverdi, eventuelt trekke væske før narkosen. Dette gjeld særleg dersom det er dialysedagen din.

Anestesi og medisinar

Anestesilegen har ein samtale med deg om narkosen før operasjonen dersom det er tid til det.

For å hindre avstøyting av det nye organet må du bruke fleire immundempande medisinar resten av livet. Du startar med medisinane før operasjonen. Du bør ha med deg ei liste over medisinane du bruker når du kjem til transplantasjon. Ta gjerne med deg medisinar for nokre dagar. Om du bruker spesielle medisinar, ta med deg for heile opphaldet.

Transplantasjonen tar rundt 4–5 timar frå du blir køyrd inn til operasjon til du er ferdig. Du får full narkose. Den nye nyra blir operert inn nedst i buken via eit snitt nedst på høgre eller venstre side av magen. Blodårane på den nye nyra blir blodårar kopla til til bekkenet og urinleiar til blæra. Ved at nyra ligg slik blir det lettare å undersøke henne og ta vevsprøver (biopsiar) seinare. Dine eigne nyrer blir vanlegvis ikkje rørte.

Etter transplantasjonen blir du overvakt på intensivstua ved sengepost transplantasjon i om lag eitt døgn, deretter blir du flytta ut til eit vanleg sengerom.

Det er legevisitt med transplantasjonskirurgane dagleg.

Utstyr

  • Under operasjonen har du fått innlagt eit SVK. Det er eit tynt kateter som ligg i ei stor blodåre på halsen eller øvst på brystet. Det beheld du til du reiser frå avdelinga.

  • Du får eit kateter til urinblæra. Ein del pasientar kjenner ein sterk trong til å tisse dei første timane etter operasjonen. Dette kan vere ubehageleg, men er heilt ufarleg. Urinen kjem av seg sjølv i kateteret. Etter cirka 4–5 dagar blir kateteret tatt ut, og du tissar som vanleg.

  • Du får eit sårdren som ligg ved den nye nyra og kjem ut på magen. Dette er ein slange som drenerer sårvæske. Den blir fjerna når det er lite sekresjon, som regel etter nokre dagar. Somme gonger må du ha drenet over lengre tid.

Ete og drikke

  • Narkosen set ned rørsla i mage– og tarmsystemet ditt og du må derfor vere varsam med drikke for mykje operasjonsdagen.

  • Dagen etter operasjonen kan du både ete og drikke om du ønsker det. I tillegg får du det kroppen treng av væske og næring intravenøst. For deg som får transplantert både nyre og pankreas vil det vere individuelle tilpassingar.

Smertelindring om du har transplantert nyre

Du som blir nyretransplantert, får vanlegvis smertelindring via PCA (pasientkontrollert smertelindring). Du vil ha ei lita pumpe hengande på intravenøsstativet ved senga. Slangen frå pumpa er kopla til eit venekateter i ei blodåre på armen.

Du har ein knapp som du kan trykke på når du har vondt. Da vil pumpa gi deg ein dose smertestillande som verkar i løpet av eit par minutt. I tillegg får du smertestillande tablettar. Rett etter operasjonen trykker sjukepleiaren for deg. Når du er ordentleg vaken, trykker du sjølv.

Smertelindring om du har transplantert nyre og pankreas

Du som får transplantert både nyre og pankreas får ein annan type smertelindring. Enten epidural smertelindring (EDA) eller nerveblokade som er smertelindring via to kateter på magen der sjukepleiaren gir smertestillande legemiddel ved faste tider (blokade). Du vil også få smertestillande tablettar og/eller intravenøst.

Ved epidural smertelindring vil du ha ei lita pumpe hengande på intravenøsstativet ved senga. Slangen frå pumpa er kopla til eit tynt kateter som går inn i ryggen mellom to ryggvirvlar og pumper sørger for at du får smertestillande kontinuerleg. I tillegg har du ein knapp som du kan trykke på når du treng ekstra smertestillande, for eksempel før du skal stå opp.

Etter operasjonen er det ein fordel å ha laust og ledig tøy som ikkje strammar over operasjonssåra. Joggedress er behageleg, og du kan bruke det når du trener hos fysioterapeutane. Fysisk aktivitet er viktig for å førebyggje komplikasjonar. Vi hjelper deg opp av senga allereie dagen etter operasjonen, og minst 2–3 gonger om dagen til du klarer deg sjølv. I tillegg vil fysioterapeuten komme dagleg for å trene med deg.

Fysisk aktivitet førebyggjer:

  • blodpropp
  • lungebetennelse
  • svekking av muskulatur
  • forstopping

Mange pasientar blir plaga av treg magefunksjon (obstipasjon) etter transplantasjonen. Det er viktig at du fortel korleis magefunksjonen din er, slik at  du får rett avføringsmiddel om du treng det.

Nokre pasientar får lagt inn ein JJ‐stent i urinleiaren under transplantasjonen, for å sikre god passasje av urin frå nyra til urinblæra. Ein JJ‐stent er eit lite plastrøyr som sørger for  at urinvegane blir haldne opne. Denne stenten ligg som regel inne fleire veker, og du må fjerne han på sjukehuset.

 

Oppfølging

Den første tida etter transplantasjonen vil du følgast tett opp på avdelinga di på Rikshospitalet, og seinare på lokalsjukehus eller hos legespesialist. Dette er for å prøve å redusere eventuelle komplikasjonar, minske faren for at kroppen din støyter frå seg det nye organet og for gradvis å trappe ned på medisinar.

Etter transplantasjonen vil du oppleve at det blir fokusert mykje på blodprøvesvar. Hos enkelte pasientar kan det ta nokre dagar eller veker før den transplanterte nyra fungerer tilfredsstillande. I denne perioden kan det vere nødvendig med dialyse.

Dei fleste nyretransplanterte vil også måtte ta biopsi (vevsprøve) av den nye nyra for å kontrollere at ho fungerer som ho skal.

 

For å forhindre avstøtning av det nye organet må du bruke fleire immundempande medikament resten av livet. Du startar med desse før operasjonen. Det blir ditt ansvar å ta rett dose til rett tid, du vil få undervisning om dette i løpet av opphaldet. Den første tida etter transplantasjonen er dosane høge og så blir dei etter kvart reduserte.

Det er viktig å hugse at medisinane er avgjerande for å behalde det nye organet. Alle medikament har biverknader. Ingen kan seie om du kjem til å få biverknader, kva du eventuelt får og i kva grad du kan få dei, fordi det varierer veldig frå person til person. Biverknader minkar i takt med at dosen blir redusert.

 

Immunforsvaret treng litt tid for å reagere på det nye organet. Flest avstøytingar oppstår derfor frå éi til tre veker etter transplantasjonen. Etter to til tre veker minkar risikoen for avstøyting, og etter tre månader skjer det relativt sjeldan. Ved nyretransplantasjon får 10–20 prosent, og 20–30 prosent av dei som får transplantert pankreas og/eller nyre ei avstøyting i løpet av det første året. Det vil seie at ei avstøyting må reknast som ein relativt naturleg del av prosessen.

Har du avstøyting av nyre kan du trenge dialyse mens du får behandling mot avstøyting. Har du transplantert pankreas får du alltid insulin når ei avstøyting blir behandla. Målet med nyretransplantasjon er at du får god nyrefunksjon og betre livskvalitet.

Nokon opplever at dei får høgt blodsukker etter transplantasjonen. Dette er på grunn av dei immundempande medisinane og det gjeld særleg personar som frå før har anlegg for dette. Éin av ti vil utvikle diabetes som vil halde fram. Dette er ein slags diabetes type 2 som blir kontrollerte og behandla med tilpassing av kost og mosjon, og eventuelt medisinar.

Dersom det ikkje oppstår komplikasjonar, blir du skriven ut frå transplantasjonssengepost 7–10 dagar etter transplantasjonen.

Etter transplantasjon med nyre eller nyre-pankreas går dei fleste til kontroll ved medisinsk poliklinikk på Rikshospitalet til det er gått 8 veker etter transplantasjonen. Dette er fordi risikoen for å få avstøyting og/eller infeksjon er størst i denne perioden.

Om du bur så nær at du kan reise til Rikshospitalet tre gonger i veka, kan du bu heime. Om du bur for langt unna og klarer deg sjølv, får du bu på hotell. Her får du einerom og mat. Det er moglegheit for å ha pårørande buande hos deg. Desse må sjølv dekke reise og opphald.

Når du reiser heim, blir det kontroll hos den faste nyrespesialisten på heimstaden i starten 2 gonger i veka, og så sjeldnare etter kvart. Etter 1–2 år er det vanleg med kontroll kvar eller annankvar månad. Ein vellykka transplantasjon vil bety mange av dei plagene du har hatt, på grunn av at sjukdommen blir borte. Det er ingen hinder for at transplanterte kan studere eller vere i arbeid.

Ver merksam

 

Etter ein operasjon kan det oppstå komplikasjonar. Nokon opplever at såret ikkje gror som venta. Som regel gror det av seg sjølv etter kvart, men hos nokon kan det ta fleire veker. Somme pasientar vil trenge behandling med VÁC (sårbehandling med undertrykk) der det ligg ein svamp i såret, plaster over såra og ei vakuumpumpe er kopla til. Dette er for å betre sårheilinga. Vanlegvis gror såret i løpet av éi til to veker med denne behandlinga.

Mange pasientar bruker blodfortynnande medikament frå tidlegare. Og du som blir transplantert med både nyre og pankreas får ekstra blodfortynnande medikament den første tida. Det er for å unngå blodpropp i pankreas.

Når du får mykje blodfortynnande, har du høgare risiko for blødingar, nokre pasientar må få blodoverføring eller opererast på nytt.

Fordi immunforsvaret er dempa, er det auka risiko for infeksjonar med virus og bakteriar. Dette gjeld spesielt den første tida når dosane med immundempande medisinar er høgast. Infeksjonar kan behandlast med antibiotika (mot bakteriar) eller medisinar som drep virus.

Av og til samlar det seg lymfevæske rundt den transplanterte nyra. Det kan da bli aktuelt med behandling med dren over veker eller ein mindre operasjon ved hjelp av kikhòlskirurgi for å fjerne væska.

 

Pasientar som er opererte i magen kan oppleve å få brokk i operasjonsarret. Dette kan skje når laga i bukveggen ikkje gror skikkeleg saman igjen etter operasjonen. Arrbrokk kan gi smerter og ubehag ved bruk av magemusklane. Brokk er i tillegg ofte kosmetisk skjemmande for pasienten. I nokre tilfelle kan brokk føre til innklemming av for eksempel tarm med fare for tarmslyng.

Det er fare for utvikling av ulike krefttypar etter ein transplantasjon. Det er på grunn av dei immundempande medisinane du må bruke for å unngå avstøtning. Du vil følgast opp av lokalsjukehuset ditt også med henblikk på dette.

Du er også meir utsett for infeksjonar. I nokre tilfelle kan det hende du vil trenge langvarig medikamentell behandling med antibiotika eller virusmidlar.

Du vil følgast nøye opp med omsyn til utvikling av hjartekarsjukdom, osteoporose og andre komplikasjonar relatert til det å vere transplantert.

Som transplantert må du forhalde deg til nye medisinar, biverknader og utfordringar som eit lågt immunforsvar kan gi. For å førebu deg på dette går alle transplanterte gjennom eit omfattande undervisningsprogram som blir skreddarsydd etter behovet ditt.

Kontakt

Haugesund sjukehus Nyrepoliklinikk

Kontakt Nyrepoliklinikk

Oppmøtestad

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Enklaste vegen er å ta heisen ved resepsjonen. Gå til ventesone 5A.  

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.