Nyretransplantasjon, nynorsk

I Noreg er det berre Oslo universitetssykehus Rikshospitalet som utfører nyretransplantasjonar.

Årsaker

Pasientar som blir viste til nyretransplantasjon lid av nyresvikt i ulik grad. Nokon har starta i dialyse, blod- eller posedialyse (PD), medan andre blir transplanterte før oppstart av dialyse. Nyre kan transplanterast frå både levande donor – som oftast ein person i nær familie med pasienten – eller frå avdød anonym donor.

Utgreiing

Utgreiing til nyretransplantasjon skjer på lokalsjukehuset til pasienten.

For transplantasjonar der nyre blir donert av levande givar møter begge på Rikshospitalets transplantasjonskirurgiske sengepost to – fire dagar før den planlagde operasjonen. Dette for å gjere dei siste førebuingane før operasjonen.

For transplantasjonar med nyre frå avdød donor, blir dei same undersøkingane gjennomførte, men med mykje kortare varsel.

Behandling

Transplantasjonen blir gjennomført på Oslo universitetssykehus Rikshospitalet.

Når du kjem til Rikshospitalet, blir du teken imot av sjukepleiar og lege og blir deretter gjord klar til operasjon. Ved planlagde transplantasjonar med nyre frå kjend donor, kan dette planleggjast litt meir og ta litt lengre tid enn ved transplantasjon av nyre frå ukjend donor.

Innkomstsamtale

Det er viktig at du fortel om det har skjedd noko den siste tida, som til dømes om du har vore forkjølt eller hatt svie ved vasslating. I innkomstsamtalen med sjukepleiar vil vi ta utgangspunkt i ønska og behova dine under opphaldet hos oss. Du har høve til å stille spørsmål om du lurer på noko. I tillegg vil vi informere deg om det som er aktuelt for det du har framfor deg, og be deg om opplysningar som er relevante for at du skal få det best mogleg før og etter operasjonen.

Prøvar

Under opphaldet vil det bli teke blodprøvar.

Dialyse

For deg som går i dialyse kan det bli aktuelt med ein kort dialyse for å redusere ein høg kaliumverdi, eventuelt trekkje væske før narkosen. Dette gjeld særleg dersom det er dialysedagen din.

Anestesi og medisinar

Anestesilegen vil ha ein samtale med deg om narkosen før operasjonen viss det er tid til det.

For å hindre at det nye organet blir støytt bort, må du bruke fleire immundempande medikament resten av livet. Du startar med medisinane før operasjonen. Du bør ha med deg ei liste over medisinane du bruker når du kjem til transplantasjon.

Transplantasjonen tek cirka fire timar, og du får full narkose. Den nye nyra blir operert inn i bekkenet på høgre eller venstre side gjennom det som blir kalla eit transplantasjonssnitt.

Ved å plassere nyra her blir sjølve operasjonen enklare og operasjonssåra ganske lite. Det blir også lettare å undersøkje og eventuelt ta prøvar av nyra seinare. Blodårane på den nye nyra blir kopla til blodårane i bekkenet, og urinleiaren blir kopla til urinblæra.

Dersom du har dialysekateter i bukhòla, blir dette teke bort under operasjonen.

Sentralt venekateter (SVK)

Under operasjonen har du fått innlagt eit SVK. Det er eit tynt kateter som ligg i ei stor blodåre på halsen eller øvst på brystet. Det beheld du til du reiser frå avdelinga. I tillegg får du eit kateter til urinblæra. Ein del pasientar kjenner ein sterk trong til å tisse dei første timane etter operasjonen. Dette kan vere ubehageleg, men er heilt ufarleg. Urinen kjem av seg sjølv i kateteret. Etter cirka 2–5 dagar blir kateteret tatt ut, og du tissar som vanleg.

Dren

Under operasjonen har du fått eit sårdren som ligg ved det nye organet og kjem ut på magen. Dette er ein slange som drenerer sårvæske. Det blir fjerna etter nokre dagar. Narkosen set ned rørsla i mage- og tarmsystemet ditt og du må derfor vere varsam med å drikke for mykje operasjonsdagen.

Dagen etter kan du både ete og drikke dersom du ønskjer det. I tillegg får du det kroppen treng av væske og næring i SVK. For deg som får transplantert både nyre og pankreas vil det vere individuelle tilpassingar.

Det er legevisitt med transplantasjonskirurgane dagleg.

Pankreas og nyretx illustrasjon Rune (002).jpg
Pankreas og nyrtex illustrasjon. Rikshospitalet.

 

Du som blir nyretransplantert, får vanlegvis smertelindring via PCA (pasientkontrollert smertelindring). Du vil ha ei lita pumpe hengande på intravenøsstativet ved senga. Slangen frå pumpa er kopla til eit venekateter i ei blodåre på armen og du har ein knapp som du kan trykkje på når du har vondt. Då vil pumpa gi deg ein dose smertestillande som verkar i løpet av eit par minutt. I tillegg får du smertestillande tablettar. Rett etter operasjonen trykkjer sjukepleiaren for deg. Når du er ordentleg vaken, trykkjar du sjølv.

Du som får transplantert både nyre og pankreas får vanlegvis smertelindring via to kateter på magen der sjukepleiaren gir smertestillande legemiddel ved faste tider (blokade). Du vil også få smertestillande tablettar og/eller intravenøst. I nokre tilfelle vel ein å gi smertelindring via EDA (epidural smertelindring). Då vil du også ha ei lita pumpe hengande på intravenøsstativet ved senga. Slangen frå pumpa er kopla til eit tynt kateter som går inn i ryggen mellom to ryggvirvlar og pumpa sørgjer for at du får smertestillande kontinuerleg. I tillegg har du ein knapp som du kan trykkje på når du treng ekstra smertestillande, til dømes før du skal stå opp. I tillegg får du smertestillande tablettar jamleg fordelt på døgnet.

Etter operasjonen er det ein fordel å ha laust og ledig tøy som ikkje strammar over operasjonssåra. Joggedress er behageleg, og du kan bruke det når du trener hos fysioterapeutane. Fysisk aktivitet er viktig for å førebyggje komplikasjonar. Vi hjelper deg opp av senga allereie dagen etter operasjonen, og minst 2–3 gonger om dagen til du klarer deg sjølv. I tillegg vil fysioterapeuten komme dagleg for å trene med deg.

Fysisk aktivitet førebyggjer

  • blodpropp
  • lungebetennelse
  • svekking av muskulatur
  • forstopping

Nokre pasientar får lagt inn ein JJ‐stent i urinleiaren under transplantasjonen, for å sikre god passasje av urin frå nyra til urinblæra. Ein JJ‐stent er eit lite plastrøyr som sørgjer for at urinvegane blir haldne opne. Denne stenten ligg som regel inne i 6–8 veker, og du må sjukehus for å fjerne han igjen.

Drikk rikeleg med væske før du skal fjerne stenten. Det er lettast å fjerne JJ‐stenten når urinblæra di er full. Du treng ikkje å faste før prosedyren.

Når du kjem til sjukehuset vil ein sjukepleiar skanne blæren din for å sjå at han inneheld meir enn 150 ml urin.

Ved fjerning av JJ‐stenten blir det brukt ein magnetisk sonde som blir ført opp i urinblæra via urinrøyret. Sidan JJ‐stenten også er ein magnet, klikkar denne seg på sonden og JJ‐stenten kan førast lett ut igjen. Prosedyren kan minne om innlegging av urinkateter, men sonden er tynnare.

Heile prosedyren tek berre få minutt, og du kan reise heim/tilbake til hotellet straks etter at prosedyren er avslutta. Du kan tisse straks etter at prosedyren er utført. Det blir tilrådd at du drikk rikeleg minst 2,5 liter etter fjerning av JJ‐stenten. På denne måten vil du skylje ut eventuelle bakteriar som kan komme inn i urinvegane under prosedyren.

Nokre pasientar som får transplantert nyre, får samtidig også transplantert bukspyttkjertel (pankreas).

Les meir om organtransplantasjon hos Nasjonal behandlingsteneste for organtransplantasjon (Oslo universitetssykehus)

Oppfølging

Den første tida etter transplantasjonen vil du følgjast tett opp av avdelinga di på Rikshospitalet, og seinare av det lokale sjukehuset ditt eller legespesialist. Dette for å prøve å redusere eventuelle komplikasjonar, minske faren for at kroppen din støyter frå seg det nye organet og for gradvis å trappe ned på medisinar.

Etter transplantasjonen vil du oppleve at det blir fokusert mykje på blodprøvesvar. Hos enkelte pasientar kan det ta nokre dagar eller veker før den transplanterte nyra fungerer tilfredsstillande. I denne perioden kan det vere nødvendig med dialyse.

Dei fleste nyretransplanterte vil også måtte ta biopsi (vevsprøve) av den nye nyra for å kontrollere at ho fungerer som ho skal.

 

For å forhindre avstøyting av det nye organet må du bruke fleire immundempande medikament resten av livet. Du startar med desse før operasjonen. Det blir ditt ansvar å ta rett dose til rett tid, og dette vil du få undervisning om i løpet av opphaldet. Den første tida etter transplantasjonen er dosane høge og så blir dei etter kvart reduserte. Det er viktig å hugse at medisinar er avgjerande for å behalde det nye organet. Alle medikament har biverknadar. Ingen kan seie om du kjem til å få biverknadar, kva du eventuelt får og i kva grad du kan få dei, fordi det varierer veldig frå person til person. Biverknadar minkar i takt med at dosen blir redusert.

Immunforsvaret treng litt tid for å reagere på det nye organet. Flest avstøytingar oppstår derfor frå éi til tre veker etter transplantasjonen. Etter to til tre veker minkar risikoen for avstøyting, og etter tre månadar skjer det relativt sjeldan. 20–30 prosent av dei som får transplantert pankreas og/eller nyre vil oppleve å få ein avstøyting i løpet av det første året.

Det vil seie at ein avstøyting må reknast som ein relativt naturleg del av prosessen. Har du avstøyting av nyre, kan du trenge dialyse medan du får behandling mot avstøyting. Har du transplantert pankreas får du alltid insulin når ein avstøyting blir behandla.

Nokon opplever at dei får høgt blodsukker etter transplantasjonen. Dette er på grunn av dei immundempande medisinane og det gjeld særleg personar som frå før har anlegg for dette. Éin av ti vil utvikle diabetes som vil halde fram. Dette er ein slags diabetes type 2 som blir kontrollert og behandla med tilpassing av kost og mosjon, og eventuelt medikament.

Pasientar som er opererte i magen kan oppleve å få brokk i operasjonsarret. Dette kan skje når laga i bukveggen ikkje gror skikkeleg saman igjen etter operasjonen. Arrbrokk kan gi smerter og ubehag ved bruk av magemusklane. Brokk er i tillegg ofte kosmetisk skjemmande for pasienten. I nokre tilfelle kan brokk føre til inneklemming av til dømes tarm, med fare for tarmslyng.

Behandlinga er berre kirurgisk og kan utførast både med kikhòlskirurgi og med open kirurgi, som oftast i full narkose. Små brokk kan opererast med lokalbedøving. Operasjonstida varierer, men kan ta mellom 1 til 3 timar. Alt avhengig av storleiken og karakteren til brokket.

Du må vere fastande i minst seks timar før operasjonen for å fjerne brokket. Du kan ta dei faste medisinane dine heilt inntil innleggingsdagen. Dersom du bruker blodfortynnande, må du høyre med legen din om du må ta ein pause før operasjonen.

Hos dei fleste pasientar som bruker Sirolimus/Everolimus kan det vere aktuelt med eit mellombels byte av medikament for å forbetre sårheilinga. Dette bør skje cirka 1 månad før operasjonen og du vil ikkje gå tilbake til Sirolimus/Everolimus før cirka 3 månadar etter operasjonen. Snakk med legen din om dette.

Under og etter operasjonen vil du få smertestillande i form av tablettar, intravenøst eller gjennom eit tynt kateter som blir lagt inn i ryggen (epidural). Dette blir vurdert i forhold til kor stort brokk du blir operert for. Framleis god smertelindring etter operasjonen er også viktig for at du skal kunne vere i aktivitet, kunne hoste opp slim, puste lett, kvile og få god nattesøvn.

Dersom det ikkje oppstår komplikasjonar, blir du skriven ut frå transplantasjonssengepost 7–10 dagar etter transplantasjonen.

Etter transplantasjon med nyre eller nyre-pankreas går dei fleste til kontroll ved medisinsk poliklinikk på Rikshospitalet til det er gått 8–10 veker etter transplantasjonen. Dette er fordi risikoen for å få avstøting og/eller infeksjon er størst i denne perioden.

Dersom du bur så nær at du kan reise til Rikshospitalet tre gonger i veka, kan du bu heime. Dersom du bur for langt unna og klarer deg sjølv, får du bu på pasienthotell. Her får du einerom og måltid blir servert i restauranten. Det er moglegheit for å ha pårørande buande hos deg. Desse må sjølv dekke reise og opphald. Dersom du blir innlagd medan du og pårørande bur på hotellet, må pårørande dekkje alle utgifter til hotellet sjølv medan du er innlagd.

Når du reiser heim, blir det kontroll hos den faste nyrespesialisten på heimstaden i starten 2 gonger i veka, og såg sjeldnare etter kvart. Etter 1–2 år er det vanleg med kontroll kvar eller annankvar månad. Ein vellykka transplantasjon vil bety at mange av dei plagene du har hatt på grunn av sjukdommen blir borte. Det er ingen hinder for at transplanterte kan studere eller vere i arbeid.

Ver merksam

 

Etter ein operasjon kan det oppstå komplikasjonar. Nokon opplever at såret ikkje gror som forventa. Som regel gror det av seg sjølv etter kvart, men hos nokon kan det ta fleire veker.

Du som blir transplantert med både nyre og pankreas får mykje blodfortynnande medikament den første tida. Det er for å unngå blodpropp i pankreas.

Når du får mykje blodfortynnande har du høgare risiko for blødingar, og nokre pasientar må opererast på nytt.

Siden immunforsvaret er dempa, er det auka risiko for infeksjonar med virus og bakteriar. Dette gjeld spesielt den første tida når dosane med immundempande medisinar er høgast. Infeksjonar kan behandlast med antibiotika (mot bakteriar) eller medisinar som drep virus.

Av og til samlar det seg lymfevæske rundt den transplanterte nyra. Det kan då bli aktuelt med ein mindre operasjon ved hjelp av kikhòlskirurgi for å fjerne væska.

 

Det er fare for utvikling av ulike krefttypar etter ein transplantasjon. Det er på grunn av dei immundempande medisinane du må bruke for å unngå avstøyting. Du vil følgjast opp av lokalsjukehuset ditt også med tanke på dette.

Du er også meir utsett for infeksjonar. I nokre tilfelle kan det hende du vil trenge langvarig medikamentell behandling med antibiotika eller virusmiddel.

Du vil følgjast nøye opp med omsyn til utvikling av hjarte-kar-sjukdom, osteoporose og andre komplikasjonar relatert til det å vere transplantert.

Kontakt

Haugesund sjukehus Nyrepoliklinikk

Kontakt Nyrepoliklinikk

Oppmøtestad

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Enklaste vegen er å ta heisen ved resepsjonen. Gå til ventesone 5A.  

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.