Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Observasjon av vasslatingsmønsteret – barn

Formålet med observasjonen er å danne seg eit bilete av blærefunksjonen til barnet med tanke på kor ofte det tissar, kor mykje og om blæra er tom etter vasslating. Observasjon av vasslatingsmønsteret blir nytta som ledd i utgreiing ved gjentekne urinvegsinfeksjonar, spørsmål om nevrogen blæreforstyrring (blæra, hjernen og lukkemuskelen kommuniserer dårleg), urinlekkasjar eller andre forstyrringar i vasslatingsmønsteret.

Før

Dersom barnet bruker bleier, ta med den typen bleiar barnet er vant med å bruke. Bleiane blir ofte skifta.

Under

Undersøkinga startar med å måle kor mykje som er i blæra. Dette blir gjort ved hjelp av ultralyd/blæreskannar. Deretter blir det observert nøye når barnet tissar. Dersom barnet bruker bleie, blir bleia undersøkt kvart 5.‐10. minutt. Etter kvar vasslating blir det målt kor mykje urin det eventuelt er igjen i blæra, bleia blir vegen og ny bleie blir sett på. Observasjonen blir gjord i samarbeid med føresette og sjukepleiar/uroterapeut. Ein uroterapeut er ein spesialutdanna sjukepleiar innanfor dette feltet.

Barnet kan leike, ete og drikke som normalt. Etter kvar vasslating blir barnet lagt på ein behandlingsbenk for resturinregel. Det blir nytta ultralydgelé og blæreskannar med ein probe som blir lett trykt mot magen. Geleen kan verke litt kald, og vi oppmuntrar  barnet til å liggje så stille som mogleg.

Undersøkinga er tidkrevjande og det blir sett av 4 timar til observasjon, samtale og oppsummering. I løpet av 4 timar rekk blæra å fylle seg fleire gonger og barnet venner seg til undersøkinga slik at ein oppnår ein så normal situasjon/observasjon som mogleg.

Etter

Barnet kan reise heim når observasjonen er ferdig.

De vil få vite resultatet frå undersøkinga omgåande. I tillegg blir sendt svar til lækje/barneavdeling som har vist til undersøkinga og dessutan fastlege og til heimen.

Sist faglig oppdatert 18.03.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund