Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Oksygenbehandling i hjemmet
LTOT er langtidsbehandling med oksygen i heimen. Oksygentilførsel gjeng føre seg via ulike apparat som du får låne på Behandlingshjelpemiddelsentralen. Behandlinga kan vere aktuell for deg som har ein lungesjukdom, og som har betydeleg redusert oksygennivå i blodet.
Å vere tungpusta utan redusert oksygennivå i blodet er ikkje ein indikasjon. Behandlinga kan også vere aktuell for kreftpasientar når rett indikasjon føreligg. Det er ein føresetnad at du ikkje røyker.
Formålet med langtidsoksygenterapi er forlenga levetid, betre helse og auka livskvalitet.
Før
Før du blir vurdert til denne behandlinga, må vi gjere ei full utgreiing av grunnsjukdommen din, og du må vere optimalt behandla med medikament. Dersom lungefunksjonsmålingar og blodprøve viser at du har varig lågt nivå med oksygen i blodet, kan det bli aktuelt med LTOT.
Før eventuell oppstart av behandling må du ha vore røykfri i tre månader.
Under
For å finne ut av kva oksygenmengde du skal ha, variasjonar i dosen frå kvile til aktivitet og antal timar i døgnet du skal ha LTOT-behandling, vil vi ta blodprøve av deg, der vi måler arteriell blodgass. Dette gjer vi fleire gonger med ulik mengde oksygentilførsel.
Du vil også få opplæring i å bruke utstyret. Det finst både stasjonære apparat og berbare einingar.
Etter
Hos nokre sjukehus får du ein rekvisisjon på utlån av oksygenutstyr frå legen. Denne leverer du på den lokale hjelpemiddelsentralen din og får med utstyret heim.
Andre sjukehus sender ei elektronisk bestilling på oksygenutstyret. Du og behandlar avtaler om utstyret blir sendt rett heim til deg eller til sjukehuset.
Ver merksam
Tørre slimhinner i dei øvre luftvegane, sår nase og såre auge, tett nase, hovudverk, svimmelheit og ein følelse av å vere uvel kan førekomme.
Ukontrollert oksygenbehandling (for store doser) kan få alvorlege følger, så det er viktig at du følger ordinasjonen til legen om mengde oksygen. Juster ALDRI på doseringa utan at dette er avtalt med behandlar.
Forholdsreglar
Oksygen under trykk skal ikkje bli kombinert med feitthaldige salver eller kremar. Du må ALDRI smøre delar av oksygenutstyret inn med feitt.
Oksygen må bli sett på som ein brennbar gass.
Røyking og oksygen passar ikkje saman. Ein skal IKKJE røyke i rom der oksygen blir oppbevart.
Du bør unngå å bruke open eld i rom der det blir brukt oksygen. Vi anbefaler at du held deg sjølv og oksygenutstyret på minst to meters avstand til for eksempel peis og levande lys.
Vi har felles ekspedisjonsluke med hjertepoliklinikken i 2. etasje. Dersom du tar heisen ved resepsjonen i 1. etasje, finn du luka vår i korridoren til høgre når du kjem ut av heisen.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Eigendel
Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.
Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.
Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.
På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.
Kantina i 6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.
Opningstider kantine
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.
Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har tre ladeuttak.
Reserverte parkeringsplassar
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Parkeringsavgift
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.