Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Operasjon av blærehalsen ved vannlatingsproblem

Dersom du har fått påvist ein trong eller stiv overgang mellom urinblæra og prostata, kan dette gi redusert avløp frå urinblæra og plager med vasslatinga. Ein operasjon kan betre problema.

Før

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Det får du i så fall beskjed om.

Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.

  • Ikkje ta på hudkrem eller sminke etter at du har dusja.
  • Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, naglelakk og piercingar før operasjonen. Er piercingane vanskelege å fjerne, kan du risikere at dei blir klipte. Det er derfor lurt å bruke litt tid på dette før du kjem.
  • Briller og høyreapparat kan du ha på.

Forhuden må trekkast tilbake for god rengjering, og navlen må gjerast rein. Vask hender og føter godt. Personalet barberer operasjonsområdet, og det må være fritt for kviser og sår.

Medisinar

Ikkje ta eigne medisinar denne morgonen. Anestesilegen bestemmer medisinane du skal ha, og du får desse av personalet. Nokre pasienter får antibiotika før operasjonen. Bruker du inhalasjonsmedisin, eventuelt øyedropar/nasespray, må du ta desse med.

Operasjonen blir gjord dagkirurgisk.

Under

Du får bedøving i forkant av operasjonen. Når du er godt bedøvd, blir det ført eit skop («kikkertrøyr») gjennom urinrøyret og inn til det aktuelle området. Operatøren spaltar i overgangen mellom blæra og prostata (blærehalsen) for å få ei god opning. Hos enkelte pasientar kan det vere nødvendig å fjerne litt prostatavev i tillegg. Etter operasjonen blir det lagt inn kateter med gjennomskyll for å reinse ut blod. Dette beheld du vanlegvis til dagen etter. Operasjonstida er 20 til 40 minutt.

Etter

Etter operasjonen blir du overflytta til ei observasjonsseng. Du får servert mat og drikke, og det er viktig at du kjem deg på beina så fort som mogleg. Nokon reiser heim same dag, medan nokon er inneliggjande til neste dag.

Du kan ikkje køyre bil etter ein operasjon i narkose. Gjer derfor avtale med nokon som kan hente deg.

Det kan oppstå kateterreaksjon etter operasjonen. Det kan du merke som vasslatingstrong eller smerte, og du kan om nødvendig få smertestillande. Dersom kateteret blir tett, kan det bli nødvendig å skylje og eventuelt skifte kateter. Rikeleg drikke er viktig når du skal komme i gang med vasslatinga. Nokon må halde fram med kateter, anten som selvkateterisering ved vasslatingsbehov, eller med permanent inneliggjande kateter i nokre veker.

Etter at du har reist heim

Sjukmelding er litt avhengig av yrket ditt, men er vanlegvis 2 til 4 veker.

Hyppig vasslating og svie er vanleg den første tida etter operasjonen, men dette vil minke etter kvart. Blod i urinen kan finnast i opptil 4 til 6 veker. Derfor er det viktig å drikke rikeleg (halvannan til to liter per dag) for å halde oppe god gjennomskylling av urinblæra. Blodig urin kan forsterkast av tunge løft, hard avføring og fysisk krevjande arbeid/aktivitet.

Oppfølging

Somme pasientar blir innkalla til kontroll ved poliklinikken. Du vil ved heimreise få beskjed om dette gjeld deg.

Ver merksam

Av og til kan det oppstå ein infeksjon etter operasjonen, og då får du symptom som feber, smerter og endring i vasslatinga. Då må du oppsøkje fastlegen for å få teke urinprøve og eventuelt få behandling. Gjer legen merksam på at du er nyoperert, og at det er normalt å ha blod i urinen etter dette.

Mykje blod i urinen kan hindre vasslating. Det kan bli nødvendig med tapping på legevakta eller innlegging på sjukehuset for skyljing.

Potensproblem er ikkje vanleg, men kan finnast. Sæden vil som regel gå «baklengs» og opp i blæra i staden for ut gjennom urinrøyret ved sæduttømming. Ved første vasslating vil så sæden komme ut saman med urinen.

Lekkasje er ikkje uvanleg dei første dagane etter at kateteret er fjerna, men skal gi seg raskt. Dersom lekkasjen held fram, bør du kontakte oss – gjerne via fastlegen. Ved lekkasjeproblem får du rettleiing i knipeøvingar frå fysioterapeut.

Sist faglig oppdatert 12.09.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.