Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nesepolypper og/eller biholebetennelse, operasjon

Målet med operasjonen er å opne opp slik at nase og biholer blir ventilert. Du vil puste betre med nasen, det blir mindre snørr og slim, presset i biholene blir mindre og for ein del pasientar blir luktesansen betre. I tillegg får du mindre plager med biholebetennelsar. Dei fleste vil merke forventa effekt av inngrepet allereie etter 2-4 veker.

Akutt biholebetennelse er ein betennelse i biholene som vanlegvis oppstår i samband med forkjøling. Typiske symptom er tett nase, smerter eller trykk i ansiktet, nedsett luktesans og nasesekret. Dei fleste blir friske utan behandling.

Les meir på helsenorge.no

Før

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. ​

 

Dersom operasjonen gjerast med lokalbedøving treng du ikkje å faste. Tannpuss utførast på vanleg måte. 

Under

Under inngrepet bruker kirurgen eit endoskop. Det er eit liten røyr med ei forstørrande linse eller kamera. Kirurgen sett endoskopet inni eit nasebor, fører det mot opningen til biholene og vidare til området med eventuelle polyppar. Det blir brukt små instrument for å fjerne bein, slimhinne/polyppar og andre hindringar som blokkerer biholene. 

Operasjonen tek vanlegvis mellom 1-2 timar og du blir observert i ca. 2 timar etterpå. Du kan vanlegvis reise heim same dag som du er operert. 

Etter

Dei fleste som blir operert for nasepolyppar og/eller kronisk biholebetennelse vil ha ein liten tampong i eit eller begge nasebor når de vaknar. Tampongane blir fjerna på første kontroll etter operasjonen. Vanlegvis er det dette etter mellom to til fem dagar. I nokre tilfelle blir det brukt tampongar som løyser seg opp sjølv. Desse treng ein ikkje fjerne manuelt. 

Etter operasjonen må du sørge for å ha transport heim. Du kan ikkje køyre bil sjølv denne dagen. 

Sjukmeldingstida er vanlegvis mellom ca. 5 -10 dagar, men kan variere ut frå kva jobb du har. 

Ver merksam

Ver merksemd 
Komplikasjonar hender sjeldan. Det er normalt dei første tolv dagane etter operasjonen at ein kan blø litt frå nasen. Ein av 100  pasientar kan få større blødingar. Ta kontakt med sjukehuset om blødingen ikkje stoppar.

Infeksjon er sjeldan men kan hende hos ca. 2-5 % av pasientane. Symptoma på infeksjon er aukande smerte, hevelse og feber. Det kan kjennast ut som ein akutt biholebetennelse.

Svært sjeldan oppstår det  endringar på synet eller skade på auga i forbindelse med operasjonen. Fordi biholene ligg svært nær hjerne kan det skje ein lekkasje av hjernevæske. Om det skulle skje må du ha ein ny operasjon for å lukke lekkasjen.

Sist faglig oppdatert 11.11.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for utredning

Ikke oppdatert ventetid for dagbehandling

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Haugesund

  • Måndag til onsdag kl. 07.30 - 14.15
  • Torsdag kl. 07.30 - 16.30.
  • Fredag kl. 07.30 - 13.00.

Oppmøtestad: Haugesund sjukehus.

Telefon: 52 73 22 81.  

Blodbanken Haugesund

Stord

Måndag til fredag kl. 08.30 - 15.00. 

Oppmøtestad: Stord sjukehus.

Telefon: 53 49 10 90.  

Blodbanken Stord

Odda

Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00. 

Oppmøtestad: Odda sjukehus.

Telefon: 91 24 59 96 / 53 65 11 23.  

Blodbanken Odda

Sauda

Vi har ein tappestasjon i Sauda. Kontakt oss på telefon: 52 73 22 81.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.