Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Operasjonssår, barn og unge

Informasjon om korleis du steller eit reint operasjonssår når du kjem heim frå sjukehuset. Gjeld ikkje for deg som har kjent infeksjon i såret. Operasjonssår er sensitivt for skade og infeksjon dei første 8–10 dagane.

  • Operasjonssår hos barn og unge er hos dei fleste sydde med tråd som løyser seg opp av seg sjølv. I nokre tilfelle er det sydd med sting eller brukt agraffar (stiftar).
  • Agraffar (stiftar) skal fjernast etter 10 til 14 dagar. Dette blir utført primært hos fastlegen din.
  • I ansiktet blir sting fjerna etter 5–7 dagar. Dette blir utført primært hos fastlegen din.
  • Det er vanleg at det i tillegg til sting eller agraffar er sett sårstrips. Sårstripsa skal sitte på til dei fell av sjølv.
  • Du får kjøpt nye bandasjar på apoteket.

Før

Dersom bandasjen er rein og såret gror fint treng du ikkje å skifte på såret. Vent med bandasjeskift i inntil 24 timar etter operasjonen. Forsterk eventuelt bandasjen ved å legge ein ny på toppen dersom det har blødd gjennom.

Dersom bandasjen det første døgnet blir gjennomtrukken av avføring, kontakt sjukehuset. Bandasje skal skiftast om det siv sårvæske og blod gjennom, den blir skitten, våt eller losnar.

Under

Skift av bandasje

Vask hendene før og etter bandasjeskift. Ikkje ta direkte i såret med hendene.

Det er normalt ikkje behov for å reinse såra kvar gong du skiftar bandasje. Du skal derfor ikkje gjere dette rutinemessig, berre ved mykje fukt og sårvæske eller mykje stivna blod. Slik gjer du det:

  • Bruk sterilt saltvatn og reine kompressar for å vaske varsamt.
  • 48 timar etter operasjonen kan vanleg lunkent springvatn brukast til å reinse for blod og sårvæske.
  • Start med å vaske frå såra og ut til vanleg hud. Dette er for at du ikkje skal dra bakteriar inn i såret.

Du kan dusje 48 timar etter operasjonen. Da dusjar du med bandasjen på. Ta av den våte bandasjen etter at du har dusja.

  • Når du losnar bandasjen, kan det vere ein fordel å strekke huda med ein finger eller to for å unngå drag i operasjonssåret, og dra av plasteret på langs av såra.
  • Har du dusja – la såret lufttørke før du legg på ny bandasje.
  • Ver merksam på forandringar som kan vere teikn på begynnande infeksjon: Aukande smerte/sensibilitet i såret, raude, hevelse, puss eller bløding, lokal varme, såra opnar seg, feber eller nedsett allmenntilstand. Oppstår éin eller fleire av desse tilstandane må du kontakte sjukehuset.
  • Er operasjonsåret over eit ledd – kne, ankel eller olboge – er det ein stor fordel om du bøyer leddet før ny bandasje blir lagd på.

Kor lenge skal du bruke bandasje?

Operasjonssåra skal vere dekte av bandasje i minimum 48 timar og fram til det er tørt. Ein tørr bandasje kan gjerne ligge på operasjonssåra i 7 dagar. For deg som har agraffar/stiftar eller sting som skal fjernast, vil mange føretrekke å ha bandasje på til dei er fjerna, da dei lett kan hekte seg i klede.

Nokon operasjonssår vil vere dekte med ein vasstett gjennomsiktig bandasje (Tegaderm). La denne ligge på i 7 dagar før han blir fjerna. Byt om han losnar. Tegaderm skal ikkje bytast rutinemessig etter dusj.

Bading etter operasjon

Det blir anbefalt at du unngår badekar og bading dei første 14 dagane til såra er grodde og eventuelle sting/agraffar er fjerna.

Etter

 

For deg som har sting som løyser seg opp av seg sjølv, vil nokon oppleve at det sit igjen ein blank tråd med knute som nokre gonger ikkje fell av naturleg. Dersom han framleis sit på etter 2 veker, kan du gjere følgande:

Trekk (lett napping) i tråden ved hjelp av ein pinsett, sjå om han losnar av seg sjølv.

Dersom han ikkje losnar; trekk tråden varsamt opp ved hjelp av ein pinsett, bruk ei rein saks som du legg ned mot huda. Press saksa lett mot huda før du klipper tråden. Tråden vil da trekke seg inn under huda og løyse seg opp der.

Normalt kosthald (mat og drikke) er viktig for at såret skal gro. Frukt, grønsaker, meieri- og kornprodukt, kjøtt og fisk tilfører kroppen vitamin, mineral, feitt og protein som er viktig for heiling av sår. For deg som har diabetes, er det viktig å ha eit så stabilt blodsukker som mogleg.

Røyk og snus reduserer blod- og oksygentilførselen til såret, og er ein av dei største grunnane til infeksjon og dårleg heiling av sår.

For å få eit jamnare og mindre synleg arr, kan du dekke arret på langs med arrteip eller papirteip (for eksempel Micropore) etter at bandasjen er av og sårstripsa har falle av. Skift 1–3 gonger i veka eller dersom teipen losnar. For best effekt bør arra teipast i 3–6 månader.

Arr vil bleiknast med tida, men dette vil ta tid. Det er viktig å verne arret mot soling i tida der arret er rosa. Bruk derfor høg solfaktor, arrteip på arret eller dekk til med klede når du er ute i sola.

Fuktgivande krem gir fukt og kan bidra til eit glattare og finare arr.

Ver merksam

Det er normalt å oppleve smerter i såret dei første dagane og at såret ser fuktig ut. Aukande smerter og lekkasje frå såret kan derimot vere teikn på infeksjon. Oftast oppstår infeksjon mellom dag fem og ti etter operasjonen, men det er viktig å observere teikn til infeksjon i 30 dagar etter operasjonen.

Før utreise er det som regel avtalt om du skal ta kontakt med sjukehus eller fastlege ved teikn på infeksjon.

Sist faglig oppdatert 16.06.2023

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund