Pacemaker og hjertestarter, batteribytte, nynorsk

Batteriet i pacemakeren eller hjartestartaren din har varigheit på åtte til tolv år, avhengig av kva funksjon den har, og kor mykje den er i bruk. Vi les av kapasiteten til batteriet ved alle kontrollar og planlegg tidspunkt for byte av batteri i pacemakeren eller hjartestartaren din i god tid før det er tomt. Ved behov for batteribyte byter vi heile generatoren.

Før

  • Du skal faste frå midnatt dagen før operasjonen. Det vil seie at du ikkje skal ete eller drikke. Du skal heller ikkje røyke eller bruke snus, tygge tyggegummi eller ete sukkertøy. Du kan drikke litt (nokre munnfullar) vatn til medisinar.
  • Vanlegvis skal du ta dei faste medisinane dine på morgonen. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar som Marevan® (Warfarin), Pradaxa® (Dabigatraneteksilat), Xarelto® (Rivaroksaban), Lixiana® (Edoksaban) eller Eliquis® (Apiksaban), gjeld eigne reglar. Du får beskjed om kva medisinar du skal ta. 
  • Kvelden før operasjonen eller same morgon skal du dusje. Ved behov vil brystkassen bli barbert. Du skal ha på deg reint tøy. Du må ta av sminke, naglelakk, smykke og klokke.
  • Det blir lagt inn ein venekanyle på armen din, slik at du kan få avslappande/smertestillande medikament og væske direkte i blodet. Før operasjonen får du smertestillande og roande medikament.




Under

Du er vaken under heile operasjonen og vi snakkar med deg og forklarer kva som skjer undervegs. Sjukepleiar gir deg nødvendig smertestillande eller roande medikament ved behov. Det blir gitt ein dose antibiotika direkte i blodåra for å førebygge infeksjon.

Legen set lokalbedøving og lagar eit snitt i huda i nærleiken av det gamle operasjonsåret. Den gamle pacemakeren/hjartestartaren blir tatt ut og ein ny blir sett inn. Dei same leidningane blir vanlegvis brukt vidare. Til slutt syr vi huda saman over pacemakeren/hjartestartaren og legg på ein bandasje og kompresjonsrull.

Operasjonen tar vanlegvis under ein time.

Pacemakeren/hjartestartaren din blir programmert med dei same innstillingane som den gamle.




Etter

Etter operasjonen blir du observert av sjukepleiar på sengepost. Du må ligge i senga dei første timane og unngå store bevegelsar med armen nærmast operasjonssåret. Du kan vanlegvis reise heim same dag. Før du reiser heim, vil pacemakeren/hjartestartaren og bandasjen bli kontrollert. 

Du får eit nytt kort (Norwegian Pacemaker Registry) utlevert før heimreise. I kortet står viktige opplysningar om pacemakeren/hjartestartaren din. Dette kortet bør du alltid bere med deg. Kortet skal bli oppdatert ved vesentlege endringar.

Etter at du har bytt batteri, er det ikkje nødvendig med kontroll ved poliklinikken ved lokalsjukehuset ditt. Vanlegvis er det eitt år til neste kontroll.   

Etter heimreise

Operasjonssåret vil kunne vere litt ubehageleg mens det gror. Paracetamol vil som regel vere tilstrekkeleg som smertebehandling.

Du må halde bandasjen tørr dei første 14 dagane for å forhindre infeksjon. Du skal ikkje dusje dei to første vekene. Du kan ikkje ta karbad, badstove eller bade i basseng/sjø i fire til seks veker etter operasjonen.

Du skal ikkje ta av eller skifte bandasjen dei første 14 dagane. Om dette likevel skulle vere nødvendig, skal den bli skifta sterilt på det lokale sjukehuset ditt. 

Sting forsvinn av seg sjølv og skal ikkje bli fjerna. Om snittet er lukka med metallsting (agraffar), blir desse fjerna med ei spesialtong etter 14 dagar, som regel på sjukehus. Ofte vil denne kontrollen skje på lokalsjukehuset ditt. Viss ikkje, må du sjølv bestille time hos fastlegen din 14 dagar etter operasjonen for å ta bort bandasjen og sjekke operasjonssåret.

For at arret skal bli finast mogleg, kan du sette på ein tape (silikontape er anbefalt) som held det saman i ytterlegare 14 dagar. Skjerm arret for direkte sollys dei første 3–6 månadane.

Ver merksam på teikn til infeksjon. Teikna kan vere raudleik, ømheit, hevelse eller smerte omkring operasjonssåret. Dersom huda har blitt så tynn at du kan skimte pacemakeren, må du kontakte lege.

Du skal bruke armane som normalt, slik at dei ikkje stivnar. Dei 14 første dagane skal du ikkje overdrive høg armføring. Du bør også unngå å løfte tungt og bruke ryggsekk. Når såret har grodd, kan du fortsette med normal aktivitet. Du kan også fortsette med seksuell aktivitet.

Aktivitetar som ski, styrketrening, golf og svømming må du vente med til seks veker etter operasjonen.

Du skal alltid informere lege og anna helsepersonell om hjartestartaren din, slik at dei kan ta forholdsreglar ved bruk av elektromedisinsk utstyr.
  • MR-undersøking kan du berre gjere dersom du har fått eit MR-kompatibelt system. MR-undersøking bør bli gjort på sjukehuset, ikkje privat. Det må gå minst 6 veker etter operasjonen før ein tar MR-undersøking, og det må bli gjort omprogrammering før og etter MR.
  • Behandlande ultralyd som blir brukt ved fysioterapi, skal ikkje bli brukt nær eller over hjartestartaren.
  • Unngå bruk av TENS- apparat (elektrisk nervestimuleringsapparat).
Dei fleste tekniske hjelpemidla i heimen er ufarlege for hjartestartaren din.
  • Du kan bruke mobiltelefon, men då bør du halde den på motsett side av hjartestartaren
  • Hald minst 15 cm avstand frå hjartestartaren til induksjonskomfyr/plater.
  • Unngå bruk av sveiseapparat og slagbor.

I utlandet vil dei fleste sjukehus kunne kontrollere pacemakeren din. Det er derfor viktig at du alltid har med deg kortet (Norwegian Pacemaker Registry) du fekk på sjukehuset etter operasjonen.

Det er trygt å gå gjennom sikkerheitskontrollen på flyplassar, men det er mogleg at pacemakeren din kan utløyse alarmen. Om dette skulle hende, forklarer du sikkerheitsvakta at du har hjartestartar og viser fram kortet ditt.

Ver merksam

Komplikasjonar av operasjonen er sjeldne, men det som kan oppstå, er:

  • Bløding i operasjonssåret
  • Aukande hevelse eller smerte frå operasjonssåret
  • Feber
  • Aukane svimmelheit eller at du svimar av
Dersom noko av dette skulle skje innan dei første 14 dagane, skal du ta kontakt med sjukehuset som opererte deg. Utover dette må du ta kontakt med lege for vurdering. 






Kontakt

Haugesund sjukehus Hjarteavdelinga

Kontakt Hjarteavdelinga

Oppmøtestad

2. etasje. Bruk heisen ved Narvesen (heis B), så kjem du rett til avdelinga vår.

Henvend deg i luka til høgre når du kjem ut av heisen.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.