Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Palliativ behandling for barn og unge

Palliasjon til barn og unge betyr aktiv, heilskapleg og tverrfagleg oppfølging av unge pasientar (0–18 år) som lever med livsavgrensande eller livstruande tilstandar. Det overordna målet for palliativ behandling er best mogleg livskvalitet for barnet, søsken og foreldre gjennom heile sjukdomsforløpet, ikkje berre dersom livet går mot slutten.

PALBU-team

Det er etablert team for Palliasjon og livskvalitet til barn og unge (PALBU-team) ved alle barne- og ungdomsklinikkane i landet. Målet for PALBU-team er å sørge for eit likeverdig, heilskapleg tilbod til barn og unge i palliative forløp, uavhengig av kor i landet pasienten bur.

PALBU-team samarbeider tett med behandlarane til pasienten, og er eit supplement til den sjukdomsretta behandlinga. I samarbeid med kommunehelsetenesta bidrar PALBU-team til at barnet eller ungdommen kan vere heime så mykje som mogleg gjennom sjukdomsforløpet, dersom det er ønskeleg.

Før

Pasient eller føresette kan komme i kontakt med PALBU-team på ulike tidspunkt i sjukdomsforløpet. Nokon blir tilviste allereie ved diagnosetidspunkt. Andre blir tilviste til teamet når sjukdommen går over i ein ny fase. Det er kontaktlegen til barnet på sjukehuset som tilviser til PALBU-teamet. Føresette kan be legen om tilvising til PALBU.

Under

PALBU-team kan hjelpe til med råd og rettleiing i ulike fasar av eit palliativt forløp. Problemstillingane kan vere mange og samansette, og kan omhandle fysiske, psykiske, sosiale og eksistensielle behov.

Eit PALBU-team kan bidra til at barnet og familien får:

  • tverrfagleg kartlegging av behov for støtte
  • samtalar om behandlingsmål og utarbeiding av ein beredskapsplan
  • ein plan for lindring av plagsame symptom, slik som smerter, uro, pustevanskar, utmatting, ernærings- eller søvnvanskar
  • støtte ved vanskelege samtalar heime, på sjukehuset og på skolen
  • hjelp til å koordinere lokalt hjelpeapparat og nettverk
  • rettleiing om økonomiske støtteordningar
  • hjelp til planlegging og førebuingar dersom livet går mot slutten  

Etter

Dersom eit palliativt forløp endar med at barnet eller ungdommen døyr, kan eit PALBU-team bidra til at dei etterlatne får støtte og rettleiing i sorgprosessen.

Sist faglig oppdatert 10.02.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund