Peritonealdialyse

Peritonealdialyse, også kalla posedialyse, utfører du heime. Med litt planlegging kan du fint kombinere behandlinga med jobb og reiser. Ved peritonealdialyse blir dialysevæske ført inn i bukhulen gjennom eit kateter på magen din. Dialysevæska i buken må skiftast ut med jamne mellomrom fordi han etter nokre timar blir metta med avfallsstoff, og dermed mistar effekt.

Dialyse er ei livslang behandling, dersom du ikkje kan få ny nyre. Ved peritonealdialyse er det bukhinna som fungerer som reinsefilter når avfallsstoffa frå blodbanen blir transportert over i dialysevæska. Dialysevæska inneheld glukose i varierande konsentrasjon, avhengig av kor mykje væske som skal trekkjast ut. 

Viss du startar med peritonealdialyse, og dette ikkje fungerer medisinsk eller passar for deg, har du mogelegheit til å byte over til hemodialysebehandling.

Symptomreduksjon

Mange opplever at energinivået aukar gradvis etter oppstart av peritonealdialyse. Peritonealdialyse erstattar ikkje funksjonen til friske nyrer fullt ut, men symptoma blir reduserte.

Kost- og drikkerestriksjonar

Med peritonealdialyse vil mange i mindre grad enn ved hemodialyse trenge kost- og drikkerestriksjonar. Dette kjem delvis av at nyrene si eiga evne til å skilja ut væske og avfallsstoff ofte blir bevart betre, og delvis at reinsinga av blodet og utskiljing av overskotsvæske føregår kontinuerleg.

To ulike metodar

Det finst to ulike metodar for peritonealdialyse: Med manuelle poseskift (CAPD) eller ved hjelp av dialysemaskin (APD). Utstyret du treng til peritonealdialyse blir levert heim til deg, og er plasskrevande.

Tilvising og vurdering

Dei fleste pasientar med kronisk nyresjukdom blir tilvist til nyremedisinsk poliklinikk i god tid før det er aktuelt med nyreerstattande behandling (peritonealdialyse, hemodialyse eller nyretransplantasjon). Val av behandlingsform gjer du etter grundig diskusjon med nyrelegen og eventuelt nyresjukepleiar.

Kontakt

Haugesund sjukehus Nyrepoliklinikk

Kontakt Nyrepoliklinikk

Oppmøtestad

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Enklaste vegen er å ta heisen ved resepsjonen. Gå til ventesone 5A.  

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.