Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Tappe væske frå lungene

Pleuratapping

Lungene ligg i kvar sin pose i brysthòla. Desse lungesekkane blir kalla pleura. Nokre pasientar kan få væske i pleura og det kan da vere behov for å tappe væska. Det blir gjort enten for å kartlegge årsaka til væskedanninga (diagnostisk tapping) eller for å lindre plagene som væska gir (terapeutisk tapping).

Før

Det kan vere at du må ta blodprøver før tappinga. Dersom du står på blodfortynnande medisin, vurderer legen om du skal stoppe med desse mellombels.

Førebuingar på sjukehuset

Ofte tar vi røntgenbilete av lungene før behandlinga.

Under

Mens du ligg eller sit i den stillinga som kjennest best, utfører legen ei ultralydundersøking for å sjå kor mykje væske det er og kor det er best tilgang til væska. Vi merkar innstikkstaden på huda di, og vaskar området rundt. Legen set lokalbedøving i huda og heilt inn til pleurahòla.

Nåla må førast inn mellom to ribbein. Når bedøvinga er sett, stikk legen ein tynn slange inn i pleurahòla. Slangen blir kopla til ei sugesprøyte og ein pose, slik at væska enten kan sugast opp aktivt med sprøyten, eller berre renne ned i posen. Når all væska er tømt, blir slangen trekt ut og stikkopninga plastra. Om det er mykje væske kan det bli nødvendig å la slangen ligge i ein eller fleire dagar. Du vil i så fall bli innlagt på sjukehuset. 

Kor lenge varer inngrepet?

Varigheita av inngrepet er avhengig av kor mykje væske som skal tappast ut. Heile prosedyren tar ofte rundt 30 minutt.

Gjer det vondt?

Lokalbedøving blir gitt med ei sprøyte. Når bedøvinga er sett, er det vanlegvis ikkje vondt å få sett inn slangen i pleurahòla. På slutten av tappinga kjenner nokre pasientar eit sug i brystet, mens andre begynner å hoste eller opplever at dei ikkje får puste ordentleg. Dersom dette skjer, stoppar vi tappinga, sjølv om det skulle vere noko igjen. Plagene gir seg oftast raskt. Mange pasientar kjenner at pusten er bedre etter tapping. 

Etter

Resultatet av tappinga merkar du som regel med ein gong ved at det blir lettare å puste, men av og til tar det litt tid før pusten kjennest betre. Du kan ete og drikke rett etter inngrepet.

Oppfølging

Ofte tar vi prøver av væska for å finne ut kva slags væske det er. Prøvene blir sende til laboratoriet og patologen. Prøvesvara kjem i løpet av 1-5 dagar, avhengig av kva slags analyse det er. 

Sist faglig oppdatert 15.05.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Lunge poliklinikk

Kontakt Lunge poliklinikk

Oppmøtestad

Vi har felles ekspedisjonsluke med hjertepoliklinikken i 2. etasje. Dersom du tar heisen ved resepsjonen i 1. etasje, finn du luka vår i korridoren til høgre når du kjem ut av heisen.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering