Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Poliklinisk behandling i psykisk helsevern

Poliklinisk behandling i psykisk helsevern betyr at du kjem til jamlege samtalar hos ein behandlar, enten aleine eller i gruppe. Du og behandlaren din blir einige om mål for behandlinga, kor ofte de skal møtast og kor lenge tilbodet skal vare.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.

Les meir på helsenorge.no

Før

Det kan vere lurt å begynne å tenke over mål for behandlinga allereie når du blir tilvist. Om du i tillegg klarer å gjere nokre små endringar i ventetida er det verdifullt. 

Under

Behandlinga vil bestå av polikliniske samtalar individuelt, i gruppe, eller med ein kombinasjon av desse. Du kan og få medikamentell behandling, og det blir alltid gjort i samarbeid med lege. 

Samtalen på poliklinikken er ein dialog som skil seg frå andre sosiale relasjonar ved at det er du som kjem for å jobbe med dine problem, og temaa er ofte det som kjennest vanskeleg i livet. Det gjeld også å få hjelp til å oppdage og framheve ressursane dine. Det er jo nettopp ein ressurs at du har fått mot til å be om hjelp for vanskane dine, og kjenner motivasjon for å jobbe med deg sjølv. 

Mange ulike yrkesgrupper 

Behandlarane våre tilhøyrer vanlegvis yrkesgruppene lækjer, psykologar, psykomotoriske fysioterapeutar, psykiatriske sjukepleiarar eller andre høgskoleutdannande med vidareutdanning, og du vil bli varetatt av ein behandlar med god erfaring og kompetanse i akkurat det du treng hjelp til. 

Vi prøver å forstå deg og plagene dine, og saman lagar vi ein behandlingsplan. Relasjonen mellom deg og behandlaren din er viktig for at du skal nå måla dine. Med det siktar ein til at du kan kjenne du har grunnleggande tillit til behandlaren, at de er einige om behandlingsmål, og kva metodar de skal nytte for å nå måla dine. 

Korleis vite om behandlinga verkar? 

Den viktigaste indikasjonen på om behandlinga er nyttig, er opplevinga di av meining og endring. Det er ulikt kor lang tid vi treng for å jobbe med målsettingane. Det avheng av kor samansette vanskane dine er. 

Målet med behandlinga er ikkje at alle problema dine skal forsvinne, men at det kan bli lettare for deg å akseptere dei og forhalde deg til dei, og samtidig finne andre løysingar slik at du får meir plass til dei tinga i livet som du ønsker. 

Etter

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandling. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av ein terapi. 

Etter avslutta poliklinisk behandling sender behandlingsstaden ei epikrise til pasienten og viser. Epikrisa oppsummerer innhaldet i behandlinga og forslag til vidare behandling og/eller andre tilbod.

Sist faglig oppdatert 22.08.2024

Kontakt

  • Kontakt Haugaland DPS

    Oppmøtestad

    Vi held til i Haugesund og i Kopervik.

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    Oppmøtested

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Kart

    Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

    Oppmøtested

    Asaldalvegen 1

    4250 Kopervik

    Kart

    Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

    En rekke bygninger

    Haugaland DPS

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Transport

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan nyttast. Parkering er gratis

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan brukast.
    Parkering er gratis. 

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

    ​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

    Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Kopervik. Søk på haldeplassen "Eide kryss" i reiseplanleggaren. 

    Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Stord DPS

    Oppmøtestad

    Stord DPS og BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk) held til i lokale som ligg like ved Stord sjukehus.

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    En bygning med et skilt på

    Stord DPS

    Tysevegen 64

    5416 Stord

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Transport

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

    Praktisk informasjon

    ​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

    ​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

    Eigendel

    Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

    Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

    Frikort

    Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

    Frikort for helsetjenester - Helsenorge

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Publikumskantine finn du i underetasjen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
     
    Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
     
    ​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
     
    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
     
    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.

  • Kontakt Folgefonn DPS

    Oppmøtestad

    Poliklinikk og døgnavdeling på Valen, besøksadresse: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen.
    Poliklinikken i Odda, besøksadresse: Sjukehusvegen 8, 5750 Odda.

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    En bygning med parkeringsplass

    Folgefonn DPS

    Sjukehusvegen 8

    5750 Odda

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Praktisk informasjon

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    ​Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.

    Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

    Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

    Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

    Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

    Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

    Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.

    Parkeringsplassen har 2 ladestasjonar.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt BUP Helse Fonna

    Oppmøtestad

    BUP Haugesund

    Poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10. Poliklinikken ligg i 1. etasje, hovudinngang mot vest. Ved oppmøte, meld deg i ekspedisjonen.

    Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Meieriet), 3.etasje.

    Parkering Haugesund: Det er ikkje mogleg å parkere utanfor BUP Haugesund i Vinjesgate. Vi tilbyr parkering i parkeringshuset ved Haugesund sjukehus, men ver ute i god tid, da det kan vere vanskeleg å finne ledig parkering.

    BUP Stord

    Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus. Meld deg i ekspedisjonen ved oppmøte.

    Lokasjon Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5 (underetasje)

    Lokasjon Odda: Folgefonn DPS, Sjukehusvegen 8, 5750 Odda (1. etasje).

    En bygning med plen og gangvei

    BUP Haugesund

    Vinjes gate 10

    5532 Haugesund

    En bygning med et skilt på

    BUP Stord

    Tysevegen 64

    5416 Stord

    Praktisk informasjon

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    ​Vi oppfordrer besøkande på BUP Haugesund i Vinjesgate om å vere ute i god tid. Det kan vere utfordrande å finne ledig parkering. 

    Det er dessverre ikkje mogleg å parkere utanfor BUP i Vinjesgate. Du kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Du betaler på p-automatane, anten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 2 ladestasjonar. Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis.