Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Prolaps i ryggen, operasjon

I dei fleste tilfelle vil prolaps gå over utan kirurgisk behandling. Dersom du har sterke vedvarande smerter og nervesystemet er påverka kan det vere aktuelt med kirurgi.

Før

Førebuing heime

Vi vil som oftast tilrå at du beveger deg sjølv om du har smerter. Ta opp dagleg aktivitet og arbeid om du klarar det. Snakk med arbeidsgivaren din om du kan gjere alternative arbeidsoppgåver. Sjukemelding kan vere eit alternativ, men dette må du diskutere med fastlegen din.   

Dersom du blir betre i ventetida før operasjonen, må du ta kontakt med sjukehuset. Hos nokon kan kroppen lege seg sjølv, og då er det sjeldan behov for operasjon. 

Ofte kan smerter lindrast med smertestillande reseptfrie medisinar. Treng du sterkare smertelindring kan du diskutere dette med din fastlege.

Dersom du bruker blodfortynnande medisiner som Marevan, Pradaxa, Xarelto, Albyl E, Plavix eller andre merker, må du i samråd med din fastlege avgjer om du kan slutte med desse ei veke før innlegginga. Dette er fordi desse medikamenta aukar risiko for bløding under operasjonen. Det er viktig at du gjer avtale med lege før du stoppar å ta desse tablettane. 

Bruk av andre faste medisinar skal vere avklart med fastlegen din i god tid før operasjonen.

Du bør unngå større inntak av alkohol den siste veka før operasjonen og du skal ikkje drikke alkohol dei siste 24 timane før operasjonen. Alkohol tynnar ut blodet og gjer vevet meir lettblødande.

Du bør slutte å røyke før operasjonen. Røyking hemmar blodsirkulasjonen og gir auka risiko for blodpropp og luftvegskomplikasjonar under narkose.

Pasientar som skal ha narkose bør slutte med p-piller seinast 14 dagar før operasjonen. Kombinasjonen p-piller og røyking kan auke risikoen for blodpropp. Minipille eller hormontablettar i samband med overgangsalderen kan du fortsette med.

Du bør ikkje ha noko infeksjon ved operasjonstidspunktet på grunn av auka risiko ved narkose. Forkjøling gjer at operasjonen normalt bør utsettast. Spesielt gjeld dette dersom du har feber eller hoste. Ein lettare forkjøling på tilbakegang har normalt ingen betyding.

Førebuing på sjukehuset

Dagen før eller same dag som operasjonen skal du ha samtale med kirurg og anestesilege. Ein sjukepleiar informerer deg om nødvendig førebuing til operasjonen.    

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 


 

 

Under

Inngrepet blir utført i narkose.

Vi bruker ein mikrokirurgisk teknikk der vi bruker mikroskop og opererer gjennom eit 2 - 4 cm langt hudsnitt på ryggen. Under operasjonen skyver vi nerva til side og fjernar prolapset.
Operasjonstida varierer, men er vanlegvis rund 60 minutt. 


 


 





Etter

Etter operasjonen må du vere nokre timar på overvakingsavdelinga.

 
Ryggen din er ikkje ustabil på nokon måte, ingen ting kan slitast av eller gå bli øydelagt. Du kan stå opp av senga når du er vaken av narkosen. Fysioterapeut ved avdelinga vil rettleie deg i forhold til aktivitet. 

 
Du kan reise heim same dag eller dagen etter operasjonen.

 
Instrukser om oppfølging, kontrollar og aktivitetsnivå vil bli gitt av lege og fysioterapeut ved utreise. Sjølv om du har lite smerter, anbefala vi at man ikkje er for aktiv dei første dagane. Vanlig aktivitet med kortare kvileperiodar er anbefalt dei første dagane.

 
Det er normalt å kjenne stivhet og sårsmertar nede i ryggen dagane etter operasjonen. Smerten er som regel verst det første døgnet. Deretter blir det normalt rask betring. Har du vert plaga med nedsett kraft i muskulatur og vert nomen før operasjonen, kan desse plagene vare opptil fleire månader. Det er også vanleg å kunne kjenne litt utstråling i periodar dei første fire vekene etter operasjon. Instrukser om smertelindrande medisinar vil bli gitt av lege før heimreise.

 

Etter inngrepet kan man få ein lett feberreaksjon med temperatur opp til 38 – 38,5 grader. Etter to dagar er vanlegvis temperaturen normal igjen. Blir temperaturen høgare eller ikkje normaliserer seg, bør du ta kontakt med din fastlege eller legevakt.

 

Det er uvanleg at det blir betennelse i operasjonssåret. Du bør likevel vere på vakt dersom du får aukande smerter, hevelse eller raud hud rundt operasjonssåret.

 

Du kan dusje dagen etter operasjonen. Skift alltid til tørr bandasje etterpå. Vent med å bade til etter stinga er fjerna

Stinga fjernar du hos fastlegen din 10 - 14 dagar etter operasjonen. Ofte blir det brukt innvendige sting som ikkje skal fjernast. Det vil du får beskjed om etter operasjonen. 

Kontroll blir avtalt ved behov. Oftast etter cirka 8 veker. 

Opptil 20 % av dei som blir operert vil oppleve å få eit nytt prolaps på same stad. Av desse er det nokon som vil trenge ny operasjon.


 

Ver merksam

Blødingar og infeksjon i sår kan skje som ved alle kirurgiske inngrep. Skade på nervar er veldig sjeldne komplikasjonar. 

Ta kontakt med fastlege/legevakt viss:

  • sjukdomsbildet ditt forandrar seg og du føler deg utrygg på kva det kan vere.
  • smertene er sterke og smertestillande tablettar eller avlasting av ryggen ikkje er nok
  • du merkar aukande problem med nedsett muskelkraft
  • du opplev problem med å tisse/gå på do eller blir nomen i skrittet. Det kan skuldast eit stort prolaps som trykker på nervene til blære og endetarm, og må opererast raskt.
     

Kontakt

Haugesund sjukehus Ortopedi, Haugesund

Kontakt Ortopedi, Haugesund

Oppmøtestad

1. etasje
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​