Når tilvisinga er vurdert får du innkalling til utgreiing og samtale med urolog.
Prostatahyperplasi
Prostatahyperplasi, godarta forstørring (hyperplasi) av prostata, blir vanlegvis betrakta som ein aldersavhengig tilstand, og er ein normal del av sjølve aldringsprosessen. Det medfører ei forsnevring av urinrøyret med redusert avløp/urinstråle. Behandlinga er vanlegvis kirurgisk inngrep eller medikamentell behandling.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen som viser deg til utgreiing ved mistanke om prostatahyperplasi. Tilvisinga blir vurdert av spesialist i urologi ved poliklinikken.
For at du skal få rask og god behandling er det viktig at fastlegen gjer dei nødvendige undersøkingane, og sender denne informasjonen om deg til poliklinikken.
Utgreiing
Behandling
Kirurgisk behandling er nødvending ved total urinstopp, ved stor avløpshindring, hos pasientar med mykje rest-urin, og eventuell nyresvikt. Det kan også vere nødvendig dersom du er plaga med blærestein eller gjentekne urinvegsinfeksjonar.
Medikamentell behandling
I seinare tid er det også utvikla medikament som gjere det mogleg å påverke symptoma ved prostatahyperplasi. Den eine gruppa medikament verkar på hormonproduksjonen ved at prostatakjertelen skrumpar med cirka 30 prosent. Det fører til lettare vasslating, og mindre plager og symptom. Den andre medikamentgruppa som blir brukt ved hyperplasi motverkar samantrekkinga av muskulaturen i prostata og ved blærehalsen. Behandling fører til redusert motstand for vasslating, og symptoma dine blir mindre.
Det kan også vere nødvendig med blærekateter (slange til urinblæra) i ein overgangsperiode medan du ventar på operasjon eller at medikamenta skal verke.
Oppfølging
Somme pasientar blir innkalla til oppfølgjande konsultasjon ved poliklinikken, men dette er vanlegvis ikkje nødvendig. Dersom undersøking av prostatavev i mikroskop skulle vise kreft som ikkje var forventa, blir du kalla inn til samtale.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Urologisk avdeling
Oppmøtestad
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund