Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Prostatahyperplasi, operasjon (TURP)

Prostatahyperplasi blir vanlegvis betrakta som ein aldersavhengig tilstand, og er ein normal del av sjølve aldringsprosessen. Behandlinga er vanlegvis kirurgisk inngrep eller medikamentell behandling.

Kun menn har prostata. Ettersom menn blir eldre, kan prostatakjertelen blir større. Dette kan forårsake plager, for eksempel nattlig vannlating. En forstørret prostata er vanligvis ikke et alvorlig helseproblem.

Les meir på helsenorge.no

Før

 

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Hygiene

Du må komme nydusja til avdelinga. Det er viktig med god hygiene før operasjonen, for å førebygge infeksjon. Trekk forhuda godt tilbake for god reingjering, og rens navlen godt. Vask hender og føter godt. Du skal ikkje bruke sminke eller naglelakk. Ta av ringar og piercingar heime.

Medisinar

Ikkje ta eigne medisinar denne morgonen. Anestesilegen bestemmer medisinane du skal ha, og du får desse av sjukepleiar. Nokre pasientar får antibiotika før operasjonen. Bruker du inhalasjonar eller augedropar/nasespray, kan du ta desse med.

Under

Kikkertoperasjon

Du får spinalbedøving i ryggen, eller narkose under operasjonen. Når du er godt bedøvd, blir eit skop (eit kikkertrøyr) ført opp gjennom urinrøyret, og operatøren «høvlar» prostata så mykje som nødvendig for å få ein god passasje. Hos enkelte pasientar er det også nødvendig å spalte i blærehalsen, overgangen mellom blære og prostata, for å få tilstrekkeleg opning. Det blir lagt inn eit kateter som vanlegvis blir fjerna dagen etter.

Under operasjonen blir det heile tida skylt med steril væske gjennom instrumentet.

Open operasjon

Er kjertelen særleg stor, vil ein open operasjon vere aktuell. Vi legg da eit snitt nedst på magen, og får tilgang til prostata gjennom sjølve blæra.

Det blir lagt inn kateter til blæra med kontinuerleg gjennomskylling for å reinse ut blod. Kateteret blir vanlegvis behalde til dagen etter. Ved open operasjon (TVP) blir kateteret behalde i fem til sju dagar.

Etter

Dersom du er innlagd på sjukehuset, blir du liggande på oppvakningsavdelinga inntil observasjonane av deg er stabile. Sidan blir du flytta til sengepost. Du kan starte med litt drikke og mat når du har appetitt. Når du har fått tilbake kjensla i beina kan du stå opp. Når kateteret blir fjerna, må du informere personalet når vasslatinga kjem i gang. Av og til er det aktuelt å kontrollere med ultralydundersøking på magen at blæra er godt tømt.

Dersom du blir operert dagkirurgisk, blir du liggande på oppvakningsavdelinga til observasjonane av deg er stabile og skyljevatnet frå kateteret er lyst utan gjennomskyll. Du kan starte med litt drikke og mat når du har appetitt. Opphaldet varer berre nokre få timar. Du kan ikkje køyre bil etter ein operasjon med narkose.

Det kan oppstå kateterreaksjon etter operasjonen. Dette kan du merke som trong til å late vatnet eller smerte, og du kan om nødvendig få smertestillande. Dersom kateteret blir tett, kan det bli nødvendig å skylje, eventuelt skifte kateter.

Det vevet som er fjerna, blir sendt til undersøking i mikroskopet for vurdering.

Når du har komme heim

Du kan reise heim etter at du har late vatnet på naturleg måte. Det er viktig med rikeleg med drikke når du skal komme i gang med vasslatinga. Nokon må halde fram med kateter, enten som selvkateterisering ved vasslatingsbehov, eller med permanent kateter i nokre veker.

Sjukmelding etter inngrepet avheng litt av yrke, men er vanlegvis 2–4 veker.

Hypping vasslating og svie er vanleg den første tida etter operasjonen, men dette vil minke etter kvart.

Blod i urinen kan førekomme i opptil 4–6 veker. Derfor er det viktig å drikke rikeleg (1 1/2 – 2 liter per dag) for å halde oppe gode gjennomskylling av urinblæra. Blodig urin blir provosert av tunge løft, hard avføring og fysisk krevjande arbeid/aktivitet. Noko urinlekkasje er ikkje uvanleg i den første tida.

Kontroll

Hos nokre pasientar er det behov for ein kontroll ved poliklinikken etter cirka tre månader. Informasjon om dette vil bli gitt under utskrivinga.

Fysisk aktivitet

Du kan ta opp att normal aktivitet same dag som operasjonen. Det blir anbefalt å vente på trening, tyngre arbeid og tunge løft til 4 veker etter operasjonen.  

Ver merksam

Infeksjon etter operasjonen kan førekomme, med symptom som feber, smerter og endring i vasslatinga. Da må du oppsøke fastlege for å få tatt urinprøve, og eventuelt få behandling. Gjer legen merksam på at du er nyoperert, og at det er normalt å ha blod i urinen etter dette.

Mykje blod i urinen kan hindre vasslating og gjere det nødvendig med tapping på legevakta, eller innlegging på sjukehus for skyljing.

Ereksjonsproblem er ikkje vanleg, men kan førekomme. Sæden vil som regel da gå baklengs og opp i blæra i staden for ut gjennom urinrøyret ved sæduttømming. Ved første vasslating vil så sæden komme ut med urinen.

Lekkasje er ikkje uvanleg dei første dagane etter at kateteret er fjerna, men skal gi seg raskt. Dersom lekkasjen held fram, bør du kontakte sjukehuset, gjerne via fastlegen. Fysikalsk behandling med knipeøvingar er den første behandlinga som blir anbefalt.
Sist faglig oppdatert 31.10.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.