Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykodynamisk terapi

Psykodynamisk terapi blir kjenneteikna av fokus på korleis ubevisste mønster, kjensler, relasjonar og tidlegare erfaringar påverkar problem i nåtid. Saman med behandlaren utforskar du korleis tidlegare erfaringar og relasjonar påverkar korleis ein forstår seg sjølv og andre og handterer kjensler. Målet med psykodynamisk terapi er ikkje berre å lette symptom, men også auka innsikt, betra sjølvkjensle og meir fleksible måtar å handtere kjensler på.

Les meir om psykoterapi og andre terapimetoder:

Sist faglig oppdatert 20.07.2026

Kontakt

  • Kontakt Haugaland DPS

    Oppmøtestad

    Vi held til i Haugesund og i Kopervik.

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    Oppmøtested

    Floravegen 75

    5535 Haugesund

    Kart

    Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

    Oppmøtested

    Asaldalvegen 1

    4250 Kopervik

    Kart

    Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Transport

    ​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

    Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Kopervik. Søk på haldeplassen "Eide kryss" i reiseplanleggaren. 

    Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

  • Kontakt Valen sjukehus

    Oppmøtestad

    Vi held til i sjukehusvegen 23, 5523 Valen.  

    Her finn du kart til og meir informasjon om Valen sjukehus

    Pårørande og besøk

    Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

    Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

    Et tre med en bygning i bakgrunnen

    Valen sjukehus

    Sjukehusvegen 23

    5451 Valen

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30

    Transport

    ​For informasjon om lokalbusstilbod og hurtigbåttilbod i Valen og Kvinnherad, sjå www.skyss.no.

    Praktisk informasjon

    Det er ikkje apotekutsal ved sjukehuset. Næraste apotek ligg på Husnes. SPAR Valen har utsal av enkelte reseptfrie legemiddel.

    ​Næraste daglegvare er 0,7 km frå sjukehuset: SPAR Valen, Eplehagen 3, 5451 Valen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    Kantina er open måndag til torsdag kl. 11.30-12.30. Kantina er stengt på fredagar. 
    Måltid blir serverte på postane. 

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    ​Parkering for pasientar og besøknade ligg sentralt på sjukehusområdet. Parkering er gratis.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.