Rehabilitering – vurdering av rehabiliteringsbehov

Dette er eit tilbod til personar med behov for tverrfagleg vurdering i spesialisthelsetenesta med bakgrunn i funksjonsnedsetting etter nevrologisk skade eller sjukdom. Opphaldet inneber ei heilskapleg vurdering av funksjon, aktivitet og deltaking.

Vurdering

Målgruppa er vaksne personar.

Vurdering av rehabiliteringsbehov kan vere aktuelt i samband med endring i funksjon og ved livsfaseovergangar. Vurderinga blir gjord på grunnlag av tilvisinga der det må komme klart fram kva som skal kartleggast.

Vi vurderer og gir råd om nødvendige tiltak som kan betre funksjonsevna og deltaking innanfor livsarenaer som heim, bustad, opplæring, yrkesdeltaking og fritid.

Aktuelle tema under opphaldet kan vere ulike typar rettleiing og behov for tekniske og ortopediske hjelpemiddel blir også vurderte. Der du kan ha rett til offentlege ytingar gir vi informasjon om aktuelle tiltak.

Målet med opphaldet er å gi råd og rettleiing om korleis du kan fungere best mogleg med helseutfordringane dine.

Eventuelle tiltak sest i samanheng med tilbod frå heimkommunen og moglegheit for oppfølging etter opphaldet.

 

Sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering blir regulert av forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator. I forskrifta blir habilitering definert og rehabilitering på følgande måte:

«Habilitering og rehabilitering skal ta utgangspunkt i kvar enkelt pasient og brukars livssituasjon og mål. Habilitering og rehabilitering er målretta samarbeidsprosessar på ulike arenaer mellom pasient, bruker, pårørande og tenesteytarar. Prosessane blir kjenneteikna ved koordinerte, samanhengande og kunnskapsbaserte tiltak. Formålet er at kvar enkelt pasient og bruker, som har eller står i fare for å få avgrensingar i sin fysiske, psykiske, kognitive eller sosiale funksjonsevne, skal givast høve til å oppnå best mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking i utdanning og arbeidsliv, sosialt og i samfunnet.»

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator §3

Tilvising og vurdering

Sjukehus, fastlege eller spesialist kan vise deg til rehabilitering. Tilvisinga skal innehalde beskrivingar av områda i sjekklista under.

Merk at Stord sjukehus ikkje tilbyr rettleiing om energibalanse og ernæring som del av behandlinga.

  1. Namnet til pasienten, fødselsnummer, korrekt adresse og telefonnummer, eventuelt namn på føresette.
  2. Tilvisaren sin namn, adresse og telefonnummer.
  3. Diagnosen og beskrivinga til pasienten av korleis plagene påverkar dagleg funksjon knytt til arbeid, utdanning og fritid (fysisk, psykisk og sosialt).
  4. Andre forhold som kan påverke rehabiliteringsevna (komorbiditet, inkludert psykiske lidingar og rusmiddelproblem).
  5. Legg ved oppdatert oversikt over legemiddel i bruk.
  6. Opplysningar om trygd og arbeidsstatus.
  7. Vurder om pasienten har behov for tolk.
  8. Om aktuelt, gi opplysningar om smittestatus som krev isolasjon på sjukehus (for eksempel MRSA, ESBL, VRE).
  9. Angi problemstillinga med bakgrunn for tilvisinga så konkret som mogleg. Kva er det konkrete målet til pasienten/motivasjon for rehabiliteringa? Opptrening/rehabilitering er for uspesifikt.
  • Kva tiltak er prøvde ut lokalt i førstelinjetenesta?
  • Kva effekt hadde tiltaka?
  1. Kva eigenaktivitet/eigentrening gjer pasienten i det daglege?
  2. Har pasienten ein individuell plan?
  3. Er pasienten vurdert av spesialist? Legg i så fall ved epikrisa.
  4. Har pasienten tidlegare tatt imot rehabiliteringsopphald/poliklinikk/dagtilbod i spesialisthelsetenestene (offentleg/privat) for same tilstand/diagnose?
  • Dersom ja, kva tilbod?
  1. Kva har lokale oppfølgingstiltak bestått av i etterkant av rehabiliteringsopphaldet?
  2. Kva har tilkomme av nye funksjonstap etter eventuelt rehabiliteringsopphald i spesialisthelsetenesta og/eller lokale oppfølgingstiltak?

Legg ved epikrise frå siste opphald.

Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.

Før

Vi ønsker at du tar med deg

  • dokumentasjon fra tidligere utredninger eller vurderinger
  • individuell plan eller individuell opplæringsplan dersom du har dette
  • medisiner for 1 uke og oppdatert medisinliste (legemiddelliste). Medisinlisten må inkludere alle doseringer og alle behovsmedisiner, dette kan du få hos fastlegen din
  • ortopediske og andre hjelpemidler dersom du har det
  • treningstøy og eventuelt badetøy dersom du ønsker å bruke sykehusets basseng

Vi trenger informasjon om

  • du har behov for tolk
  • du har behov for spesielle hjelpemidler
  • du har behov for bistand (personlig assistent, brukerstyrt personlig assistanse (BPA) eller bor i bolig med bistand)

Under

Poliklinisk vurdering

  • samtale og undersøkelse med lege, fysioterapeut, ergoterapeut eller nevropsykolog
  • kartlegging av funksjoner
  • planlegging av videre tiltak

Kartlegging

For å kunne gi et vurderingstilbud som er individualisert og rettet mot dine behov, gjennomføres det samtale, kliniske undersøkelser, tester og observasjoner.

Kartleggingen retter seg mot ulike funksjonsområder, som for eksempel

  • smerte og spastisitet
  • språk og kommunikasjon
  • motorisk og sensorisk funksjon
  • kognitiv funksjon
  • sosiale og miljømessige faktorer
  • arbeid, utdannelse og deltakelse

Tverrfaglig team

Du får et tverrfaglig team som kan bestå av ulike fagpersoner:

Lege, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, psykolog og evt. logoped.

Ved behov vil vi tilrettelegge for at dine pårørende og eventuelle andre viktige personer får informasjon og veiledning under oppholdet hos oss.

Forberedelse til videre tiltak

I løpet av oppholdet forberedes oppfølging dersom du har behov for det. Dette kan innebære:

  • Møte med pårørende.
  • Samarbeidsmøte med oppfølgende instans. Vi benytter også tele- og videokommunikasjon.
  • Videre rehabilitering i vår eller annen institusjon eller kommunal oppfølging avklares.

Under oppholdet og før du reiser hjem kan det bli forandringer med hensyn til hvilke medisiner du skal bruke. Før utreise vil du få en oppdatert legemiddelliste og eventuelt informasjon fra legen ved avdelingen om hvilke medisiner du skal bruke. Noen ganger får du/blir det gitt anbefalinger relatert til forandringer av medisiner. Beskjed om eventuelle endringer sendes til fastlegen via epikrisen, og oppstart av nye medisiner etter utskrivelser gjøres hos fastlegen. Eventuelle resepter sendes elektronisk til apotek.

Tjenesten «Mine resepter» (helsenorge.no) gir deg som har fått e-resepter oversikt over

  • dine aktive resepter
  • legemidler du har fått utlevert på apotek
  • antall utleveringer som er gjort

Før hjemreise bør du har oversikt over

  • om dine nye medisiner påvirker evnen til å kjøre bil eller arbeide med farlig utstyr
  • hvem du skal kontakte dersom du har spørsmål om behandlingen
  • om du skal ha noen oppfølging av helsetjenesten etter utskrivelsen

Etter

Epikrise blir send fastlege og tverrfagleg samanfatning blir send med ditt samtykke til aktuelle oppfølgande instansar.

Ved behov vil vi komme med oppfordring om vidare utgreiingar/tilvisingar og vidare behandlings- eller rehabiliteringstiltak.

I nokre tilfelle kan det også vere aktuelt med behandling og/eller oppfølging av tiltak via poliklinikken eller andre vurderingsopphald ved sjukehuset.

Rehabilitering i kommunar og ved private rehabiliteringsinstitusjonar

 

Det er ulike rehabiliteringstilbod og tenester i kommunane. Koordinerande eining eller tenestekontoret i kommunen din kan gi deg informasjon om dette. Vi kan hjelpe deg i å komme i kontakt med aktuelle lokale tenester.

Generell informasjon om kommunale hjelpetilbod kan du finne på den offentlege helseportalen helsenorge.no.

Det finst også rehabiliteringstilbod ved private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med dei regionale helseføretaka. Du kan finne meir informasjon om det på nettsidene til dei regionale koordinerande einingane i landet eller ringe  den nasjonalerehabiliteringstelefonen 800 300 61.

Du kan også søke på rehabiliteringstilbod på tenesta Vel behandlingsstad på den offentlege helseportalen helsenorge.no.

Kontakt

Stord sjukehus Rehabilitering og fysikalsk medisin

Kontakt Rehabilitering og fysikalsk medisin

Oppmøtestad

Rehabiliteringsdøgnposten er i 3.etasje i hovudbygget til Stord sjukehus.
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk held til i 1.etasje i gamle administrasjonsbygning (kvit trebygning).

Terapeuttenestane nytter trenings- og behandlingslokaler i 1.etasje i den kvite murbygningen til høgre for sjukehuset sin hovudinngang. Her finn du òg basseng.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.