Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rehabilitering - vurdering av førarkort etter erverva hjerneskade

Av ulike helsemessige årsaker kan ein miste retten til å køyre bil midlertidig eller for alltid.

Dei fleste som har fått ei hjerneskade på grunn av ulykke, hjerneslag eller liknande, opplever nedsett funksjon. Kva område som er ramma og kor stor skaden er, avgjer når det er aktuelt å vurdere om du fyller helsekrava for å ha førarkort.

Medisinske forhold

Medisinsk forhold som er viktige å kontrollere er

  • synsvanskar
  • epilepsi
  • ulike medisinar ein brukar eller
  • motoriske vanskar

Kognitive vanskar kan også verke inn på evna til å køyre bil, for eksempel redusert merksemd, vanskar med å gjere fleire ting på ein gong eller nedsett reaksjonsevne. Nokre kan også ha endra personlegheit etter hjerneskaden; at ein blir meir impulsiv eller har redusert innsikt i eigen måte å fungere på. I desse tilfella er  førarkortvurdering aktuelt, anten du har midlertidig køyreforbod eller har fått førarkortet inndrege.

Personer med erverva hjerneskade skal sikrast ei fagleg vurdering for til førerkort.

Helsekrav for førerkort har heimel i lova «Førerkortforskriften», og er skildra ytterlegare i Helsedirektoratet sin rettleiar for førarkortsaker.

Tilvising og vurdering

Tidspunkt for førarkortvurdering skal avtalast etter at primærrehabilitering er avslutta, eller etter søknad frå fastlege. Før ein gjer ei slik vurdering må medisinske forhold vedrørande syn og epilepsi vere avklart.

Før

Det er ingen spesielle førebuingar i samband med førarkortvurdering.

Under

Dei fleste førarkortvurderingar blir gjorde som dagbehandling eller poliklinisk konsultasjon.

Formålet med ei førarkortvurdering er å undersøke prosessar i hjernen som kan vere påverka av skade/sjukdom og som kan påverke di evne til å køyre bil.

Eksempel på slike funksjonar er merksemd, reaksjonsevne, avgjerdsevne, rom- og retningssans, impulsivitet og motorikk (nedsett kraft og rørsle i arm eller bein).

Etter

Dersom vurderinga konkluderer med at du fyller helsekrava for førarkort, vil du kunne få hjelp og rettleiing i korleis du går fram for å sende søknad til Fylkeslegen ved Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) for å få tilbake førarkortet ditt, eller å få starte oppkøyring om du ikkje har førarkort frå før.

Dersom vurderinga konkluderer med at du ikkje fyller helsekrava for førarkort, vil melding om dette gå til Fylkeslegen ved Statsforvaltaren. Denne avgjerda kan du klage på ved å sende klaga til Fylkeslegen.

Ved behov for praktisk køyreprøve, går saka til Statsforvaltaren ved Fylkeslegen. Praktisk køyreprøve er ei tilleggsundersøking som blir utført på trafikkstasjonen til vegvesenet.

Kontakt

Stord sjukehus Rehabilitering og fysikalsk medisin

Kontakt Rehabilitering og fysikalsk medisin

Oppmøtestad

Rehabiliteringsdøgnposten er i 3.etasje i hovudbygget til Stord sjukehus.
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk held til i 1.etasje i gamle administrasjonsbygning (kvit trebygning).

Terapeuttenestane nytter trenings- og behandlingslokaler i 1.etasje i den kvite murbygningen til høgre for sjukehuset sin hovudinngang. Her finn du òg basseng.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.