Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Kreftsjukdom kan påverke livssituasjonen på mange måtar; fysisk, mentalt, praktisk og sosialt. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og meistring heilt frå begynninga av behandlinga. Målet er å fungere og ha så god livskvalitet som mogleg under og etter kreftsjukdom.
Det finst ei rekke tilbod som kan hjelpe deg med å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom, blant anna rådgiving, fysioterapi, sexologisk rådgiving, opptrening og kurs.
Om nokon av tilboda krev førebuingar, får du beskjed om det.
Lista nedanfor er ei oversikt over kva rehabiliteringstilbod som kan vere aktuelle der du bur. Ta kontakt med fastlegen din eller ditt lokale sjukehus for å finne ut kva som er tilgjengeleg der du bur og/eller blir behandla.