Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Renografi med ACE-hemmar – nukleærmedisinsk undersøking av nyrene

Ved ACE-hemmar renografi bruker vi eit radioaktivt merka stoff som blir teke opp og skilt ut av nyrene. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det teke opp i og skilt ut igjen av nyrene, og vi kan følgje denne prosessen ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT-CT-maskin. Du får også ein medisin som påverkar blodårane i nyrene dine, slik at vi kan seie noko om det høge blodtrykket ditt kjem av noko i nyrene eller ikkje.

Før

  • Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her får du informasjon som er viktig for undersøkinga.
  • Om du ikkje kan møte til timen, gi beskjed om dette så fort som mogleg.
  • Ta kontakt med oss dersom du er gravid, trur du kan vere gravid eller om du ammar, eller nettopp har vore til urografi eller CT med kontrast. I dei aller fleste tilfella skal da denne undersøkinga ikkje blir gjennomført.
  • Om du skal undersøke biskjoldkjertelen kan du ikkje ta undersøkinga om du dei siste 8 vekene har vore til CT-undersøking der du har fått intravenøs jodholdig kontrastvæske.  

Viktige førebuingar 

  • Du skal drikke godt med vatn før du møter til undersøkinga. Du vil også bli beden om å drikke noko vatn når du møter til undersøkinga.
  • Ikkje ta med gravide eller små barn til undersøkinga
  • Ikkje ha på deg smykkar eller andre metallgjenstandar når du kjem til undersøking
  • Ta med informasjon om høgda og vekta di 

Det kan vere ulike medisinar du må slutte med før undersøkinga. Ver vennleg og les innkallingsbrevet nøye. 

 

Under

Under undersøkinga ligg du på ein undersøkingsbenk som blir rett plassert i forhold til kameraet. Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bilda skal bli bra. 

Du får ein kanyle i armen der vi set dei ulike stoffa undervegs i undersøkinga. 

Vi tar bilde i fleire omgangar, med ventetid imellom. Når vi tar bilde kan det ta mellom 10 og 60 minutt kvar gong. Av og til skal vi ta fleire rundar med bilde. 

Etter den første runden med bilde, vil du få ein blodtrykkssenkande tablett. Vi måler blodtrykket ditt undervegs. 

Du skal vente ei tid før vi kan ta neste bildeopptak. Før andre bildeopptak får du også meir drikke av oss. 

Du vil få meir utfyllande informasjon undervegs på undersøkingsdagen. 

 

Etter

Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.

Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Vi sender svar på undersøkinga til legen som har tilvist deg.

Sist faglig oppdatert 03.11.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no