Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Røntgen av gane (epipharynx) hos barn og unge

Dette er ei undersøking som kartlegger funksjonen til ganen og øvre del av svelget.

Før

Det er viktig at du les denne informasjonen slik at du veit kva som skal skje. 
Foreldre/foresatte bør snakke med barn og unge om undersøkinga, slik at dei blir gjort kjent med informasjonen de får her. Informasjon og samtale bidrar til at barnet/ ungdommen kjenner seg trygg. 


Under

Du blir henta på venterommet av ein radiograf når det er din tur. Undersøkinga går føre seg medan du sit.  

For å få gode bilde, er det nødvendig å bruke kontrastmiddel. Dette er ei tjuktflytande, kvit væske som vises godt på røntgenbilda. Når undersøkinga byrjar, set vi litt av dette kontrastmiddelet forsiktig i nasen din. Du skal så prøve å snufse det inn i nasen slik at det kjem bak i svelget. Det vil så bli gjort røntgenfilmopptak av ganen medan du seier ord eller lydar som du hermar etter logopeden. 
 
Det kjem til å vere ein del folk i rommet som har forskjellige oppgåver. Ein logoped vil gje deg ord og lydar du skal gjenta, ein radiograf og ein medisinteknikar styrer apparatet som tar bilde og lagrar bilda, ein radiolog og plastikk-kirurg vurderer bilda.  
 
Vi bruker ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking. 
 
Dersom du ønsker det, kan du ha med deg pårørande inn til undersøkinga. 

Etter undersøkinga   

Når undersøkinga er ferdig kan du forlate avdelinga. Undersøkinga vil bli vurdert i samarbeid med logoped, plastikk-kirurg og radiolog.

Etter

Resultatet av undersøkinga vil bli formidla av plastikk-kirurg når det er klart. Dersom det er noko du lurer på i samband med undersøkinga, kan du ta kontakt med oss.




Sist faglig oppdatert 08.05.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no