Det er ingen spesielle forberedelser til denne undersøkinga, men det er viktig at du les denne informasjonen nøye slik at du veit kva som skal skje. Dersom du ønskjer det, kan du ha med deg ein pårørande inn til undersøkinga.
Røntgen av skjelettet – barn og unge
Røntgen av skjelettet gir oss bilete av ein eller fleire knoklar eller ledd. Vi tar skjelettundersøkingar for å avklare om det er skade eller sjukdom i og/eller rundt beinvev. Skjelettundersøkingar er også ofte kontrollar på innopererte protesar, gamle brudd eller tidlegare forandringar.
Før
Under
Du blir henta på venterommet av ein radiograf. Når du kjem inn på røntgenrommet, må du ta av deg tøy på dei delane av kroppen vi skal undersøke.
Bildet tas av og til medan du står, og av og til medan du ligg på ein benk. Radiografen viser deg korleis du skal stå eller ligge, og ofte tas det bilete i fleire ulike stillingar.
Vi bruker ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking.
Når undersøkinga er ferdig kan du kle på deg og forlate avdelinga.
Etter
Når vi får svaret på prøva, sender vi det vidare til legen som tilviste deg. Svar og eventuelt vidare kontrollar får du hos den som har tilvist deg.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Radiologisk avdeling
Oppmøtestad
Radiologi Haugesund
Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus
Radiologi Stord
Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus
Radiologi Odda
Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord

Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda