Røntgen av skjelettet – barn og unge

Røntgen av skjelettet gir oss bilete av ein eller fleire knoklar eller ledd. Vi tar skjelettundersøkingar for å avklare om det er skade eller sjukdom i og/eller rundt beinvev. Skjelettundersøkingar er også ofte kontrollar på innopererte protesar, gamle brudd eller tidlegare forandringar.

Før

Det er ingen spesielle forberedelser til denne undersøkinga, men det er viktig at du les denne informasjonen nøye slik at du veit kva som skal skje. Dersom du ønskjer det, kan du ha med deg ein pårørande inn til undersøkinga.

Påkledning

Når vi skal ta røntgenbildene, kan du ikkje ha på deg tøy med kraftig strikk, knappar, glidelås, trykk eller pynt. Det kan difor vere lurt å tenke på kva du har på deg.

Under

Du blir henta på venterommet av ein radiograf. Når du kjem inn på røntgenrommet, må du ta av deg tøy på dei delane av kroppen vi skal undersøke.

Bildet tas av og til medan du står, og av og til medan du ligg på ein benk. Radiografen viser deg korleis du skal stå eller ligge, og ofte tas det bilete i fleire ulike stillingar.

Vi bruker ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking.

Når undersøkinga er ferdig kan du kle på deg og forlate avdelinga.

Etter

Når vi får svaret på prøva, sender vi det vidare til legen som tilviste deg. Svar og eventuelt vidare kontrollar får du hos den som har tilvist deg. 

Sist faglig oppdatert 25.06.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no