Det er viktig at barn og unge som skal til undersøkinga er godt førebudde. Vi anbefaler derfor at foreldre og føresette les informasjonen nøye og forklarer barnet kva som skal skje.
Viktige førebuingar
Barnet skal faste før undersøkinga. Faste betyr at barnet ikkje skal ete, drikke, tygge tyggegummi eller bruke pastillar i denne perioden.
- Barn under 2 år: Barnet skal ikkje drikke eller ete 2 timar før undersøkinga.
- Barn over 2 år: Barnet skal ikkje ete mat dei siste 4 timane før undersøkinga.


