Røntgen av matrøyr, magesekk og begynnelsen av tynntarmen hos barn

Dette er ei røntgenundersøking der vi bruker kontrast for å framstille matrøyr, magesekk og overgang til tynntarm.

Denne røntgenundersøkinga blir teken for å kartleggje funksjonen av øvre del av fordøyingssystemet. Barnet må drikke kontrast medan vi filmar med røntgen.

Tilvising og vurdering

Tilvisinga blir send frå legen til barnet.

Før

Det har mykje å seie at barn og unge som skal til røntgenundersøking er godt førebudde. Det er viktig at foreldre og føresette formidlar denne informasjonen vidare til barn og ungdom som skal gjennom undersøking med røntgen.

Viktige førebuingar

  • Barn under 2 år: Barnet skal ikkje drikke eller ete 2 timar før undersøkinga.
  • Barn over 2 år: Barnet skal ikkje ete mat dei siste 4 timane før undersøkinga.

Under

Litt om undersøkinga

Barnet må drikke eit kontrastmiddel for at matrøyret og magesekken skal visast på røntgenbileta. Kontrastmiddelet kan sjå ut som mjølk, men smaker annleis. Vi kan tilsetje sjokoladepulver for å gjere smaken betre. Av og til bruker vi kontrastmiddel som ser ut og smaker som saft.

Når vi skal ta røntgenbileta må barnet liggje på eit undersøkingsbord med eit ganske stort apparat som beveger seg. Vi tek fleire bilete og det er viktig at barnet ligg roleg slik at bileta blir gode og tydelege.

Foreldre eller føresette kan vere med under heile undersøkinga. Gravide kan ikkje vere med på undersøkinga. Heile undersøkinga varer i 30 – 45 minutt.

Vi fokuserer på at alle barn blir sett og høyrde her hos oss.

Radiolog hilser på jente og mammaen hennes
Foto: Sykehuset Østfold

Her er noko av utstyret vi kan bruke under undersøkinga.

Utstyr som brukes under undersøkelsen blant annet O`boy og plastikkopp med sugerør
Foto: Sykehuset Østfold

Barnet må liggje stille under bilettakinga medan han/ho drikk kontrast.

Jente i røntgenapparat
Foto: Sykehuset Østfold

Barnet blir liggjande på eit bevegeleg bord med eit bevegeleg røntgenrøyr over seg. Han/ho kan ikkje ha på eigne klede medan vi utfører undersøkinga.

Jente i røntgenapparat, drikker kontrasvæske
Foto: Sykehuset Østfold

Foreldre/føresette kan vere med under heile undersøkinga. Dette er ein stor tryggleik for barnet.

Radiolog viser jente og mamma bildene
Foto: Sykehuset Østfold

Alle barn får med seg ein liten premie etter at vi er ferdige.

Jente med premie etter utført undersøkelse
Foto: Sykehuset Østfold

 

Etter

Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging. Bileta blir beskrivne av ein røntgenlege og svaret blir sendt legen som har tilvist til undersøkinga.

Kontakt