Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Røntgen av tjukktarm hos barn

Dette er ei røntgenundersøking der vi bruker kontrastmiddel for å framstille endetarm og tjukktarm.

Denne undersøkinga blir gjord for å kartlegge korleis tjukktarmen fungerer. Barnet får kontrastmiddel gjennom eit tynt kateter som blir ført inn i endetarmen.

Tilvising og vurdering

Tilvising blir send frå legen til barnet.

Før

Det er viktig at barn og unge som skal til undersøkinga, er godt førebudde. Vi anbefaler derfor at foreldre eller føresette les informasjonen nøye og forklarer barnet kva som skal skje.

Viktige førebuingar

For barn under 6 månader er det ikkje nødvendig med spesielle førebuingar.

For barn over 6 månader kan det vere nødvendig å tømme tarmen før undersøkinga. Les derfor innkallingsbrevet og eventuelt tømmingsregimet nøye.

Dersom han/ho bruker avføringsmiddel, kan det hende desse ikkje skal nyttast dei siste 24 timane før undersøkinga.

Under

Når røntgenbilda blir tatte, må barnet ligge på ryggen på eit undersøkingsbord og vere avkledd nedantil.

Vi startar med å føre eit tynt og mykt plastrøyr (kateter) forsiktig inn i endetarmen. Deretter fyller vi tarmen varsamt med kontrastvæske. Kontrastvæska er flytande og kan vere kvit eller gjennomsiktig. Den gjer at vi kan sjå tarmen på røntgenbilda, og er nødvendig for at undersøkinga skal bli god.

Barnet kan kjenne eit lett press i magen, og nokon kan føle at dei må på do. Bilda blir tatte mens barnet ligg på sida, på magen eller på ryggen. Det kan også vere nødvendig at barnet snur litt på kroppen undervegs, slik at vi får tatt bilde frå fleire vinklar.

Foreldre eller føresette kan vere med under heile undersøkinga. Gravide kan ikkje vere inne på røntgenrommet.

Sjølve undersøkinga varer vanlegvis i omtrent 30 minutt. Barnet kan reise heim rett etterpå.

Radiolog hilser på barn som skal til undersøkelse


Her er noko av utstyret vi kan bruke under undersøkinga.

Bilde av utstyr som brukes i undersøkelsen, blant annet sprøyte , kontrastvæske og tape


Kontrasten vi bruker gjer at vi ser tjukktarmen på bilda.

Kontrast i engangssprøyte


Barnet blir liggande på eit bevegeleg bord med eit bevegeleg røntgenrøyr over seg. Han/ho kan ikkje ha på eigne klede mens vi utfører undersøkinga.

En jente ligger i et røntgenapparat, mens mor og radiograf sitter på hver sin side


Foreldre/føresette kan vere med under heile undersøkinga. Dette er ein stor tryggleik for barnet.

Bilde av radiograf, barn og mamma. Radiografen peker opp på en skjerm og de to andre ser opp på skjermen.


Alle barn får med seg ein liten premie etter at vi er ferdige.

Radiograf gir et lite lykketroll til en liten jente

Alle foto: Sykehuset Østfold

Etter

Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging. Bilda blir vurderte av ein røntgenlege og svaret blir sendt tilvisande lege.

Sist faglig oppdatert 16.02.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no