Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Røntgen av buken

Røntgen av buken blir brukt for å vurdere mage- og tarmområdet. Undersøkinga kan gi nyttig informasjon i enkelte situasjonar, og kan stundom erstatte meir omfattande undersøkingar.

Røntgen av buken kan blant anna brukast til å: 

  • påvise røntgentette framandlekamar 
  • følge kontrast i tarmen ved røntgen tarmpassasje 
  • kontrollere plassering av røntgentette instrument, som slangar og kateter 
  • gi ei grov vurdering av passasjehinder i tarm eller fri luft i utvalde situasjonar 
  • følge utviklinga av nyresteinar 

Før

Dersom du er gravid, må du informere oss før undersøkinga. 

Utvendige metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og smykke må fjernast frå området som skal undersøkast. 

Under

Kva bilde som blir tatte, avheng av problemstillinga og om du kan stå. 

Dersom du klarer å halde pusten ei kort stund når bilda blir tatte, gir det best mogleg bildekvalitet. 

Undersøkinga er smertefri og tar vanlegvis 5–10 minutt. 

 

Etter

Bilda blir vurderte av ein røntgenlege. Svaret på undersøkinga blir gitt til legen som tilviste deg. Du får vidare informasjon og eventuell oppfølging hos den som tilviste deg. 

Sist faglig oppdatert 29.10.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no