Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Røntgen skoliose

Røntgen skoliose er ei undersøking som viser heile ryggen, frå nakken til bekkenledda. Røntgenundersøking kan vise om du har ein skeivskap i ryggen, og eventuelt gi eit objektivt mål på grad av skeivskap.

Det er ingen spesielle førebuingar til denne undersøkinga, men det er viktig at du les denne informasjonen nøye slik at du veit kva som skal skje.

Før

Når vi skal ta røntgenbileta, kan du ikkje ha på deg tøy med kraftig strikk, knappar, glidelås, trykk eller pynt. Det beste resultatet får vi gjerne når du har på berre undertøy. Det kan difor vere lurt å tenkje på kva du har på deg. Vel gjerne boksarshorts og ein tynn singlet.

Bruker du korsett?

Korsettet skal takast av kvelden før du har time til røntgen. Det skal vere av til du er ferdig på røntgen. Er du avhengig av å ha korsett på for å komme til sjukehuset, kan du behalde det på.

Under

Når undersøkinga byrjar, må du stå på eit stativ inntil eit røntgenapparat. Dersom du ikkje kan stå, kan vi ta biletet sitjande eller liggjande.

Vi bruker ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking. Dersom du ønskjer det, kan du ha med deg ein pårørande inn til undersøkinga.

  • For å få bilete av heile ryggen, må vi som oftast setje saman to bilete.
  • Du vil sjå at røntgenapparatet bevegar seg medan vi tek bilete.
  • Det er veldig viktig at du klarer å stå heilt stille, slik at bileta passar saman til slutt.
  • Kor mange bilete som blir tekne, varierer ut frå problemstillinga.
  • Heile undersøkinga tek 5–15 minutt.

Når undersøkinga er ferdig, kan du kle på deg og forlate avdelinga.

Har du ein kjend skoliose, og har fått time til operasjon?

Som eit ledd i førebuing til operasjon, er det vanleg med ei røntgenundersøking som tek litt lengre tid. I tillegg til dei vanlege bileta, skal vi ta nokre bilete som kartlegg kor stor del av ryggen din som er bevegeleg, og kor mykje han kan bevege seg.

Vi tek bilete der du skal bøye ryggen sidevegs til høgre og venstre. Desse tek vi helst medan du står.

I tillegg skal vi ta bilete medan du ligg på ein undersøkingsbenk. For å få eit bilete av kor bevegeleg ryggen er, kjem vi til å trekkje i skuldrer og bein før biletet blir teke.

Når undersøkinga er ferdig, kan du kle på deg og forlate avdelinga.  

Etter

Resultatet av undersøkinga vert sendt til den legen som har henvist til undersøking. 

Ver merksam

Resultatet av undersøkinga blir sendt til den legen som har tilvist til undersøking.

Sist faglig oppdatert 04.01.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no