Sigdcelleanemi er ein samansett og kronisk sjukdom som treng tverrfagleg, persontilpassa oppfølging heile livet av ein lege som er spesialist på blodsjukdommar, kalla hematolog. I tillegg kan det vere aktuelt med nevrolog (spesialist på hjerne og nervesystem), augelege, nefrolog (nyrelege) og kardiolog (hjartelege).
Det finst fleire medisinske behandlingsmoglegheiter ved sigdcelleanemi. Formålet med behandlinga er å unngå kriser, lindre symptom og forbygge komplikasjonar. Den vanlegaste behandlinga er medikamentet hydroksyurea. Dette er ei sjukdomsmodifiserande behandling, som kan bidra til å forhindre komplikasjonar. Foreløpig er det berre beinmergstransplantasjon som er den einaste heilande behandlinga som er tilgjengeleg i Noreg. Beinmergstransplantasjon er berre aktuelt for nokre få barn, fordi ein helst ønsker søskendonor. Ei anna mogleg heilande behandling er genterapi, men dette er ikkje tilgjengeleg i Noreg i dag.
Medisinsk behandling
Hydroksykarbamid (= hydroksyurea) er eit legemiddel som kan redusere anemi, førebygge komplikasjonar og smertar. Hydroksyurea finst som tablettar og som mikstur. Behandlinga kan starte frå 9 månaders alder, og i spesielle tilfelle frå 6 månaders alder. Medisinen blir tatt éin gong per dag, og blir dosert etter kroppsvekt og blodprøvesvar.
Hydrosyurea er ei cellegift og verkar ved å auke produksjonen av føtalt hemoglobin i beinmergen. Føtalt hemoglobin finst hos alle nyfødde, og bidrar til å hindre danning av sigdcelleforma raude blodceller. Dette vernar mot kriser og betrar blodmangel/anemi. Medisinen gir auka livslengde og færre komplikasjonar av sjukdommen og er førstevalet for behandling. Nokon kan få biverknader av medisinen, som vondt i magen, tynnare hår, pigmentsforandringar på neglene og nokre gonger redusert blodcelleproduksjon.
Ver merksam: Det er usikkert om Hydroksyurea kan gi skadar hos foster og må ikkje brukast av personar som ønsker seg barn (verken av kvinner eller menn). Hydroksyurea kan gi nedsett sædkvalitet, men dette er vanlegvis reversibelt når ein sluttar på medikamentet.
Personar med sigdcelleanemi kan ta alle vaksinar, også levande vaksinar, under behandling med eller utan hydroksyurea.
Blodtransfusjonar
Blodtransfusjonar blir gitt til personar som ikkje har god nok nytte av hydroksyurea, eller som har alvorlege komplikasjonar av sigdcelleanemi. Ofte blir blodtransfusjonar nytta saman med hydroskyurea. Blodtransfusjonar kan bli nødvendige både akutt – men også som fast og regelmessig behandling. Ved regelmessig behandling med blodtransfusjonar blir dette vanlegvis gitt som utskiftingstransfusjon, der ein samtidig tappar ut sigdcelleblod og set inn nytt blod. Denne behandlinga blir utført typisk kvar 4.–8. veke. Etter mange blodtransfusjonar kan nokre personar få problem med jernopphoping, og må starte på medikament for å fjerne jern frå kroppen.
Beinmergstransplantasjon
Beinmergstransplantasjon er den einaste kurative (heilande) behandlinga mot sigdcelleanemi som er tilgjengeleg i Noreg. Dette er aktuelt for nokre få barn, og helst før pubertet på grunn av komplikasjonar ved eldre alder. Alle barn som har sigdcelleanemi og som har eit friskt søsken som er vevsforlikeleg får tilbod om beinmergstransplantasjon. Vevsforlikeleg betyr at det er ein god match mellom ulike antigen i immunsystemet. Det er berre 25 % sannsyn for at eit friskt søsken er vevsforlikeleg, og derfor er det få barn som får denne behandlinga. I spesielle tilfelle kan beinmergstransplantasjon med ubeslekta donor vurderast. Denne behandlinga blir gjord ved Oslo universitetssykehus.
Genterapi
I Europa finst det nå genterapi mot sigdcelleanemi. Foreløpig er dette ikkje tilgjengeleg i Noreg. Ved genterapi er det personen sine eigne blodstamceller som blir genmodifiserte til å lage friskt blod, og deretter tilbakeførte til pasienten. Personen må ha cellegift før ho/han kan få dei friske stamcellene tilbake. Dette kan bli eit alternativ i framtida til personar som ikkje kan beinmergstransplanterast og som har alvorlege komplikasjonar av sigdcelleanemi. Behandlinga er berre godkjent til barn over 12 år og unge vaksne.
Støttebehandling
Folsyre
Alle personar med sigdcellesjukdom har behov for ekstra tilskot av folsyre (5 mg dagleg som kan fåast i tablettform eller mikstur på paragraf 3).
Antibiotika
Alle barn skal ha førebyggande behandling med Penicillin fram til 5 års alder, på grunn av auka risiko for alvorleg infeksjon med Pneumokokker (bakterie som kan gi lungebetennelse).
Smertebehandling
Ved milde smerter er det nok å ta reseptfrie legemiddel, for eksempel paracetamol eller ibuprofen. Mange personar kan også ha nytte av varm dusj og drikke godt.
Ved sterke smerter kan legen skrive ut resept på eit svakt morfinliknande stoff, for eksempel kodein. Legar skriv ofte ut ein kombinasjon av ulike legemiddel mot smerter. Alle kan ha biverknader, spør legen om kva for nokre moglege biverknader du kan få.
Ved svært sterke smerter må personen innleggast på sjukehus, og det kan vere aktuelt med morfin, intravenøs væske og oksygen på maske. Legar skriv ofte ut ein kombinasjon av legemiddel mot smerter.
Det er viktig at personar med sigdcelleanemi har ein klar plan for å handtere smerter, har open dør til sjukehuset, og kjenner til triggerar som kan utløyse smerter.