Behandling
Skjev nese (Rhinoplastikk), nynorsk
Skeiv nase kan rettast ut ved ein operasjon som er kalla rhinoplastikk. Operasjonen skal gjøre nasen meir open ved å lage den ytre delen av nasen rettare. For å rette nasen må vi ofte fjerne litt brusk inni nasen. Det kan hende vi må meisla bort litt bein på ytre del av nasen.
Før
Før operasjonen må vi vite om du har sjukdommar eller allergiar og om du bruker medisinar. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.
Alle må på førehand fylle ut "Eigenmeldingsskjema om helsetilstand" . Dette er for at sjukehuset skal vite om sjukdommar eller symptom som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om du skal leggast inn før eller etter operasjonen.
Har du tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose, vil vi gjerne at de fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.
Ta med medisinlisten din til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisinar eller kosttilskudd. Det er anestesilegen som avgjer kva for medisin du kan ta før operasjonen.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Medisinar
Det er viktig at sykehuset veit kva for medisinar du bruker, spesielt gjeld dette blodfortynnande medisiner (for eksempel Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin). Ta med medisinlista di til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisiner eller kosttilskudd. Det er anestesilegen som avgjer kva for medisiner du kan ta før operasjonen.
Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
Du kan ikkje ha på deg ringar, klokker, piercingar, kontaktlinser, sminke eller neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på.
Sjukehuset må vite om du har tannprotesar, bro, krone, stift eller lause tenner. Protesar kan du behalde til du er inne på operasjonsstua. Dei må takast ut før du sovnar.
Under
Operasjonen blir gjort i narkose. Anestesisjukepleiar og anestesilege passer på at du søv godt og får rett mengde bedøving. Blodtrykk, puls og mengda surstoff i blodet målast gjennom heile inngrepet.
Operasjonen blir gjort gjennom nasebora. Kirurgen fjernar og retter på brusk og bein på naseskiljeveggen. Dette er for å lage god plass på begge sider av veggen. Det blir sett inn tampongar i begge nasebora for å stanse blødingar. Skiljeveggen blir støtta opp med mjuke plater og du får gips på nasen.
Etter
Etter operasjonen må du vere på oppvakningsrommet i minst 1 time. Du vil få medisinar for smerte og eventuelt for kvalme dersom du treng det.
Heimreise
Alle som får utført rhinoplastikk kan i utgangspunktet reise heim same dag. Pasientar som har meir enn 1 time reiseveg, overnattar med ein vaksen pårørande på pasienthotell. Ingen får forlate sjukehuset aleine etter ein operasjon, du må avtale at nokon kan kome og hente deg. Du skal heller ikkje være aleine første kvelden eller natta etter operasjonen.
Smertelindring
Før heimreise vil legen og sjukepleiar snakka med deg om kva du må passe på etter operasjon. Du vil og få informasjon om bruk av smertelindring. Legen sender elektronisk resept på smertestillande som du kan hente på apoteket. Det er lurt å kjøle ned nasen den første kvelden. Du kan pakke inn is i ein pose eller ein klut. Hold den på nasen så lenge du orker. Det er vanleg at det renn litt blod frå nasen dei første dagane.
Skyljing med saltvatn
Nesetampongene blir vanlegvis fjerna dagen etter operasjonen. Etter at tampongane er fjerna må du byrje å skylje nasen med saltvatn. Du kan kjøpe ferdig utblanda saltvatn på apoteket eller lage sjølv. Då kokar opp 1 liter vatn og tilsett 1 stroken matskei salt. Saltvatnet bør ha kroppstemperatur når du bruker det. Saltvatnet må du snufs inn i nasen minst 3 gonger dagleg. Dette skal du gjere frem til første kontroll, eller i minimum to veker.
Kontroll/oppfølging
Det er vanleg med kontroll etter 1 dag for å fjerne tampongane i nasen. Etter 7 dagar kjem du på kontroll for å fjerne støtteplater, gips og sting. Deretter er det vanlegvis kontroll etter 6 månadar.
Sjukmelding
Det er vanleg med sjukmelding i 7-10 dagar. Det varierer ut frå kva arbeid du har.
Trening og aktivitet
Du må ikkje trene i dei første 2 vekene etter operasjonen. Etter 2 veker kan du starte med roleg trening og auke etter kvart. Kontaktidrett, som for eksempel fotball, må du unngå i 6 veker.
Bruk av nasespray
Nokre pasientar bruker nasespray som Nasonex, Avamys, Rhinocort eller Flutide Nasal. Du bør vente ein månad etter operasjonen før du bruker nasespray. Det er fordi det er hevelse, skorper og gammalt blod i nasen den fyrste tida etter operasjonen.
Når kan du snyte deg?
Det er vanleg renn litt blod og sårvæske får nasen dei første 2 dagane etter operasjon, men du bør vente 10 dagar etter operasjonen før du snyt deg. Ved snyting oppstår det eit høgt trykk i nasen og det kan lage blødningar. Skyl heller nasen med saltvatn.
Du kan føle deg tettare i nasen dei første dagane etter operasjonen. Det er fordi slimhinnene er hovne. Når støtteplatene blir fjerna vil nasen kjennast meir open. Det tek vanlegvis ein månad før du kjenner kor open nasen blir.
Mat og drikke
Unngå varm mat og drikke i to dagar etter operasjonen. Varmen kan gjere at du lettare begynn å blø.
Generelt
Det er vanleg at nasen ikkje vert heilt rett etter operasjonen.
Hevelse rundt auga er også vanleg. Infeksjon er sjeldan, men dersom nasen vert raud eller om du får feber må du kontakte oss.
Luktesansen blir ofte dårligare ei stund etter operasjonen, men kjem tilbake etter kvart. Det er svært sjeldan at ein opplever varig tap av luktesans. Ta kontakt dersom du blør store mengder eller ikkje klarar å stoppe blødinga. Ta også kontakt om du har teikn på infeksjon som feber, smerte eller nedsett allmenntilstand.
For ein liten del av pasientane blir det ikkje lettare å puste gjennom nasen. I nokre av desse tilfella kan det vere tilrådeleg med ny operasjon.
Ver merksam
Sjeldne komplikasjonar
Enkelte pasientar kan oppleve ein bli veldig sensitiv i øvre tannrekke og i gane den første tida etter operasjonen.
I nokre sjeldne tilfelle kan det oppstå hol på naseskiljeveggen. Dersom dette fører til plager i form av nasetettheit, skorpedanning, bløding eller spesiell lyd ved pusting kan det vere at du må gjennom ny operasjon.
I andre sjeldne tilfelle kan det utviklast hud-, blautvevs- og nerveskadar og tørre slimhinner med skorpedanning.
Forandring av ytre nase med senking av naseryggen og forskyving av brusken i naseskiljeveggen kan også i sjeldne tilfelle skje.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Øre-nese-hals
Oppmøtestad
Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.
Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund