Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Tilstanden kan vere medfødd, eller kan ha oppstått etter ein naseskade. Denne operasjonen kallast septumplastikk, og i det ligg det at naseskiljeveggen (septum) vert flytta eller endra på. Dette utførast på pasientar med ein - eller tosidig nasetettheit der årsaka er at naseskiljeveggen står skeivt. Nokre gongar vert det også gjort nasemuslingforminsking (conchaplastikk) samstundes.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
Operasjonen vert ofte utført dagkirurgisk, og varer opptil et par timer. Du kan difor (som oftast) reise heim same dagen som operasjonen er gjort.
Du kan ete vanleg mat etter 4 timar. Du bør avstå frå varm mat det første døgnet for å redusere blødingsrisikoen. Det er vanleg at det siv litt blod frå nasa eller bakover i svelget dei første døgna.
Du får kontrolltime på ØNH-poliklinikk etter 2-4 dagar for å fjerne nasetampongar, og etter 7-10 dagar for å fjerne støtteplater. Her kan det vere individuelle skilnader i kontrollopplegget.
Sjukemelding:
7-14 dagar avhengig av yrke.
Smertestillande:
Etter operasjonen får du smertestillande i form av paracetamol (Paracet eller Pinex Forte) eller anna betennelsesdempande medisin (til dømes Voltaren). Saltvasspray/skyljing er rutine dei første vekene etter inngrepet, men først etter at tampongane er fjerna.
Det er vanleg å få litt hovudpine og trykk over/rundt auger og midtansiktet dei første dagane etter operasjonen. Det er då ofte lindrande å liggje med hovudet høgt.
Om du får feber over 38,5 eller sterke smerter etter operasjonen, skal du kontakte poliklinikken for råd.