Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skjelettscintigrafi, barn – nukleærmedisinsk undersøking av skjelettet

Ved skjelettscintigrafi bruker vi eit radioaktivt merka stoff som inneheld fosfat. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det bli teke opp i skjelettet. Ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT-CT vil vi kunne ta bilete av fordelinga av det radioaktivtmerkte stoffet. På denne måten kan vi påvise ulike forandringar i skjelettet.

Før

  • Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her finn de informasjon som er viktig for undersøkinga. Ofte blir innkallinga send frå barnepoliklinikken for å førebu barnet til undersøkinga før oppmøte på nukleærmedisin.
  • Om de ikkje kan møte til timen, ber vi de gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at de har fått innkallingsbrevet.
  • Gravid forelder bør ikkje følge barn til undersøkingar på nukleærmedisin. 

Viktige førebuingar 

  • På undersøkingsdagen skal barnet drikke mykje og tisse eller skifte bleie ofte, og de bør ta med kateterutstyr eller bleier om barnet bruker dette til vanleg
  • Barnet kan ete og ta eventuelle medisinar som vanleg
  • Ta med informasjon om høgda til barnet og vekt
  • Ta gjerne med ei leike/bok/bamse som barnet er glad i   

 

Under

 

Barnet får ein kanyle i armen der vi set dei ulike radioaktive stoffa undervegs i undersøkinga. På små barn blir kanylen som regel sett på barnepoliklinikken. 

Under undersøkinga skal barnet ligge på ein undersøkingsbenk. 

Det er viktig at barnet ligg roleg under heile undersøkinga. I mange tilfelle kan det vere nødvendig å hjelpe barnet til å ligge stille. Personalet vil gjere sitt ytste for at undersøkinga skal bli god nok, samtidig som opplevinga til barnet skal bli så god som mogleg. 

Korleis blir bilda tatte? 

Etter injeksjonen må barnet vente 2-5 timar før bilda blir tatte. Av og til tar vi bilde samtidig som barnet får injeksjonen. 

De treng ikkje å vente ved avdelinga, de vil få beskjed om når de skal komme tilbake for å ta bilda. 

Det radioaktive stoffet skilst ut i urin, derfor er det viktig at barnet drikk rikeleg og tissar og skiftar bleie ofte i desse timane. Det er også viktig at barnet prøver å tisse, tømme kateterposen, eller skifte bleie, rett før vi skal ta bilda. Dette er viktig for at vi skal få god kvalitet på bilda, men også for at barnet skal klare å ligge stille mens vi tar bilde. 

Bildeopptaket tar 30–75 minutt. Foreldre kan vere til stades i rommet heile tida under bildeopptaket. 

 

 

Etter

De kan reise heim når undersøkinga er ferdig. Det er viktig å gi barnet rikeleg med drikke også i etterkant av undersøkinga. Hugs å skifte bleier ofte, da det radioaktive stoffet skilst ut i urin. 

Bilda skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Svaret på undersøkinga kjem til legen som har tilvist barnet. 

 

Sist faglig oppdatert 03.11.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund