Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skjelettscintigrafi, vaksen – nukleærmedisinsk undersøking av skjelettet

Ved skjelettscintigrafi bruker vi eit radioaktivt merkt stoff som inneheld fosfat. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det tatt opp i skjelettet. Ved hjelp av eit gammakamera eller eit SPECT-CT vil vi kunne ta bilde av fordelinga av det radioaktivt merkte stoffet i kroppen din. På denne måten kan vi påvise ulike forandringar i skjelettet.

Før

  • Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig. Der får du informasjon som er viktig for undersøkinga.
  • Om du ikkje kan møte til timen, gi beskjed om dette så fort som mogleg.
  • Ta kontakt med oss dersom du er gravid, trur du kan vere gravid eller om du ammar, eller nettopp har vore til urografi eller CT med kontrast. I dei aller fleste tilfella skal da denne undersøkinga ikkje gjennomførast.
  • Om du skal undersøke biskjoldkjertelen kan du ikkje ta undersøkinga om du dei siste 8 vekene har vore til CT-undersøking der du har fått intravenøs jodhaldig kontrastvæske.

Viktige førebuingar

  • På undersøkingsdagen blir du beden om å drikke mykje og tisse ofte, og du bør ta med deg ekstra kateterutstyr eller bleier om du bruker dette til vanleg.
  • Om du har sterke smerter og har vanskeleg for å ligge stille over tid, bør du ta med deg smertestillande medisinar.
  • Om du er sterkt plaga med klaustrofobi, bør du ta med deg roande medisinar. Du kan ikkje skal køyre bil etter inntak av roande medisinar.
  • Ikkje ta med gravide eller små barn til undersøkinga.
  • Ikkje ha på deg smykke eller andre metallgjenstandar når du kjem til undersøking.
  • Ta med informasjon om høgda og vekta di.

Det kan vere ulike medisinar du må slutte med før undersøkinga. Ver vennleg og les innkallingsbrevet nøye.

Under

Du får ein kanyle i armen der vi set dei ulike radioaktive stoffa undervegs i undersøkinga.

Under undersøkinga ligg du på ein undersøkingsbenk som blir rett plassert i forhold til kameraet. Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bilda skal bli bra.

Korleis blir bilda tatte?

Vi tar ofte bilde i fleire omgangar, nokre gonger med ventetid imellom. Når vi tar bilde, kan det ta mellom 10 og 60 minutt kvar gong.

Du får ein injeksjon med eit radioaktivt merkt stoff og må vente i 2–5 timar før bilda blir tatte. Av og til tar vi bilde samtidig som du får injeksjonen.

Du får informasjon om når bilda skal takast, og du treng ikkje å opphalde deg i avdelinga i denne ventetida.

Det radioaktive stoffet skilst ut i urin, derfor er det viktig at du drikk minst 1 liter væske, og tissar eller tømmer kateterpose ofte i desse timane.

Du vil også bli beden om å tisse eller tømme kateterpose dei siste 5–10 minutta før du skal ta bilda. Dette er først og fremst viktig for at vi skal få god kvalitet på bilda, men også for at du skal klare å ligge stille lenge.

Bildetakinga kan ta 30–75 minutt.

Du vil få meir utfyllande informasjon undervegs på undersøkingsdagen.

Etter

Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.

Bilda skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Vi sender svaret på undersøkinga til legen som har tilvist deg.

Sist faglig oppdatert 03.11.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Radiologisk avdeling

Kontakt Radiologisk avdeling

Oppmøtestad

Radiologi Haugesund

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

Radiologi Stord

Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

Radiologi Odda

Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Praktisk informasjon

1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no