Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Sputumprøve

Slimanalyse hos barn og unge

Ved langvarig hoste med slimdanning kan det vere aktuelt å undersøke om det er bakteriar i slimet. Det er viktig i vurderinga om ein skal starte med antibiotikabehandling, og eventuelt kva for antibiotika ein skal gje.

Før

Analyse av slim er sjeldan aktuelt å gjennomføre dersom du allereie står på antibiotika. Gi derfor beskjed om du for tida bruker dette.

Under

Store barn/ungdomar kan ofte hoste opp og spytte ut slim på oppfordring eller eventuelt etter at det har blitt gitt inhalasjon av saltvatn via forstøvar. Hos yngre barn tek vi gjerne denne prøva ved å suge ut slim frå halsen med ein sugeslange. Barnet må då gjerne sitje på fanget til foreldre. Dette medfører kortvarig ubehag og eventuelt brekningsrefleks.

Etter

Slimet blir sendt til dyrking i laboratoriet. Svaret er klart etter nokre dagar og du får då melding frå sjukepleiar eller eller lege.

Sist faglig oppdatert 16.02.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund