Du må ligge i ei seng.
Spinalhovudverk – blodlappbehandling
Postspinal hovudverk er ein hovudverk som oppstår etter spinal- eller epiduralbedøving, og han kan vere svært smertefull. I somme tilfelle kan vi sette ein blodlapp ved plagsam postspinal hovudverk. Dette gjeld spesielt nybakte mødrer som skal ta seg av eit nyfødd barn.
Postspinal hovudverk betrar seg ved å ligge i ro. Dei fleste spinalhovudverkane går over av seg sjølv i løpet av 1–3 veker ved hjelp av smertestillande og tilstrekkeleg væskeinntak.
Ved ein blodlapp set vi inn ei lita mengde av ditt eige blod mot det området spinal-/ epiduralbedøvinga blei lagd. Vi trur årsaka til hovudverken kjem av ei lita rift i hjernehinna slik at det siv ut litt væske (cerebrospinalvæske). Når vi set inn litt blod mot dette holet blir det danna eit koagel (som eit lite plaster) og lekkasjen stoppar opp. Hovudverken gir seg da etter nokre få minutt.
Tilvising og vurdering
Du blir som regel vist frå sengepost på sjukehuset, men fastlegen kan også tilvise for vurdering.
Før
Under
Du blir køyrd opp enten på intensiv- eller operasjonsavdelinga. Her vil anestesilege vaske ryggen din sterilt og dekke til. Så får du lokalbedøving i huda og vi gjer ein epiduralpunksjon (som om vi skulle legge epiduralbedøving). Anestesisjukepleiar legg så inn plastrøyr i blodåre på handa (venflon) og ut frå denne trekker vi 20–30 milliliter av blodet ditt. Dette blodet set anestesilegen inn i epiduralrommet.
Etter kvart vil du oppleve eit slags press i ryggen og da avsluttar anestesilegen injeksjonen. Hovudverken vil ofte gi seg av i løpet av nokre minutt. Du får beskjed om sengeleie dei to–tre første timane, slik at koagelet får tid til å stabilisere seg.
Etter
Du skal ligge på rygg i senga dei første to–tre timane. Deretter kan du bevege deg fritt. Dei første to–tre døgna etter behandlinga skal du ta det med ro og ikkje trene. Skulle du i løpet av nokre dagar utvikle ryggsmerter, feber eller aukande hovudverk må du ta kontakt med lege.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Nevrologisk avdeling
Oppmøtestad
Nevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund