Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spiseforstyrring hos vaksne, døgnbehandling

Spiseforstyrringar er psykiske lidingar som blir kjenneteikna av overinteresse for kropp, mat og vekt. Dei vanlegaste spiseforstyrringane er overspisingsliding, bulimi og anoreksi.

Diagnose og behandling

Anoreksi blir kjenneteikna av eit utilstrekkeleg matinntak som fører til alvorleg undervekt, og med ei intens frykt for vektauke. Sjølvkjensla er overdrive knytt til kroppsbilde. Mange synest det er vanskeleg å forstå alvoret i situasjonen.  

Bulimi blir kjenneteikna av gjentatte episodar med stor overeting etterfølgd av tiltak for å unngå vektauke, som for eksempel sjølvframkalla oppkast. Personen har ofte ei kjensle av å vere ute av kontroll under episodane med overeting. Sjølvkjensla er overdrive knytt til kroppsbilde. 

Overetingsliding blir kjenneteikna av gjentatte episodar med raske inntak av større mengder mat, utan at ein sjølv har kontroll over kor mykje ein et. Episodane førekjem i snitt minst éin gong kvar veke. Mange kjenner på følelse av skam og mangel på kontroll i samband med overetinga. Overspisningslidelse kan minne om bulimi, men matinntaket blir ikkje etterfølgt av sjølvframkalla oppkast eller andre handlingar som skal forhindre vektauke.

Det finst også andre spiseforstyrringar, som uspesifisert spiseforstyrring, atypisk anoreksi, og atypisk bulimi.  

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen og legevakt er dei som i hovudsak viser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta vil då, på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Ved svær avmagring, særleg dersom dette har skjedd over kort tid, og ved mistanke om alvorlege somatiske komplikasjonar, vil det vanlegvis vere indikasjon for innlegging i sjukehus.

Alvorlege bulimiske episodar, misbruk av laksantia eller diuretika, vil også kunne gi grunn til innlegging.

Sjølv om kriteria nemnde ovanfor ikkje er oppfylte, kan det i sjeldne tilfelle vere aktuelt å leggje inn pasienten for å komme i gang med eit reernæringsopplegg, dersom langvarig poliklinisk behandling ikkje gir resultat.

Utgreiing

For å kunne gi eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjere ei utgreiing av dei problema du som pasient søker hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for deg, skal tilleggast stor vekt. Behandlaren din skal lytte til det du har å seie, og dine oppfatningar skal bli tatt på alvor. 

Ved utgreiing i sjukehusavdeling vil behandlingsteamet jamleg ha samtalar med deg, for i samråd med deg å vedta kva tiltak som bør settast i verk. 

Det er viktig å få informasjon om følgande forhold: 

  • Fysisk helsetilstand, inklusive blodprøver
  • Matvanar: mat og drikke
  • Behov for evaluering av tannlege
  • Psykiske plager og lidingar
  • Sjølvmordsfare  
  • Bruk av rusmiddel 
  • Barndoms- og oppvekstforhold
  • Negative hendingar før og nå  
  • Problem i privatliv og arbeid  
  • Personlege ressursar og moglegheit for støtte frå andre
  • Om du har barn og om dei har spesielle behov nå som bør varetakast 

Sentrale spørsmål er korleis spiseforstyrringa artar seg og kva som bidrar til å halde oppe henne. Motivasjonen din for og ønsker om endring er også eit viktig tema. 

På bakgrunn av utgreiinga skal behandlaren din kunne stille ein diagnose. Så set du og behandlar opp ein plan for behandling. Du skal her får god informasjon om ulike former for behandlingstiltak. 

Dersom du ønskjer det, har du krav på ein individuell plan for å samordne tenester som du skal ha.

Les meir om Individuell plan på helsenorge.no  

 

 

Behandling

Behandlingstilbodet blir tilpassa kvar enkelt person. Overordna mål for behandling må alltid sjåast i lys av sjukehistoria di, ressursane dine og motivasjonen din for endring. 

Viktige mål kan vere: 

  • Innsikt i fordelar og ulemper ved endring
  • Rett mengde mat regelmessig gjennom dagen, tilpassa grad av fysisk aktivitet
  • Kunnskap om kva som utløyser og held oppe spiseforstyrringa, og om kva du sjølv kan gjere for å bli betre
  • Auka evne til problemløysing
  • Styrkte sjølvkjensle og sjølvtillit
  • Betring i forholdet til andre menneske
  • Stabil vekt, og for kvinner regelmessig menstruasjon
  • Kunnskap om kva du kan gjere for å hindre tilbakefall 

Ved undervekt så vil eit mål vere vektauke og å stabilisere vekt i normalvektområdet. 

I samtalar med behandlaren din får du informasjon om spiseforstyrring og korleis han kan forståast og meistrast. Samtalane blir også retta mot innsikt i og endring av negative handlingsmønster og tenkemåtar, og meistring av vonde kjensler. Du får snakka om vanskar og dilemma i kvardagen din og om tidlegare hendingar som du tenker har noko å seie for problema dine i dag. Du lærer meistringsstrategiar som gir deg auka tryggleik og kontroll. Ved behov kan du få hjelp til å løyse problem i skole eller arbeid.  

De samarbeider også om at du kan oppnå og halde ved like eit regelmessig matinntak og ei stabil vekt. Dessutan får du kunnskap om kva du kan gjere for å førebygge tilbakefall. 

Behandlinga består av samtalar individuelt eller i gruppe. Inkludering av pårørande er høgt prioritert. For nokon kan det vere aktuelt med medikamentell behandling. 

Alle som går i behandling for spiseforstyrringar bør også gå til regelmessig kontroll hos lege, for blant anna å ta blodprøver. 

Kor går behandlinga føre seg? 

Dei fleste får poliklinisk behandling på eit distriktspsykiatrisk senter (DPS). Nokon DPS har spesialiserte poliklinikkar for spiseforstyrringar og tilbyr poliklinisk dagtilbod eller døgnbehandling. Ved behov for meir spesialisert behandling kan pasienten visast til eit Regionalt senter for spiseforstyrringar og få poliklinisk behandling der. 

Oppfølging

For mange tar det tid å bli frisk av ei spiseforstyrring. Ved døgnbehandling er det derfor avgjerande med ein god overgang til poliklinisk behandling. 

Etter at du har avslutta behandlinga i spesialisthelsetenesta er det viktig at du får oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Ein nyttig reiskap her er ein plan for førebygging av tilbakefall, med punkt for konkrete tiltak du kan gjere, bygd på erfaringane dine om kva som hjelper. Spesielt viktig er det å følge opp anbefalt kostplan. Det er viktig å fortsette normalisering av matinntak og vekt. 

Sist faglig oppdatert 20.08.2026

Kontakt

Haugaland DPS

Kontakt Haugaland DPS

Oppmøtestad

Vi held til i Haugesund og i Kopervik.

Pårørande og besøk

Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF

Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

Oppmøtested

Floravegen 75

5535 Haugesund

Kart

Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

Oppmøtested

Asaldalvegen 1

4250 Kopervik

Kart

Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30

Transport

​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Kopervik. Søk på haldeplassen "Eide kryss" i reiseplanleggaren. 

Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no