Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sterilisering av menn

Sterilisering er blant dei sikraste formene for prevensjon. Ein liten operasjon hindrar sædcellar i å kunne befrukte, og hindrar dermed evna til å få barn.

Sædleiarane blir lukka, slik at det ikkje kjem sædceller ved utløysning. Hormonbalansen og lysta på sex er den same som før steriliseringa. Inngrepet kan i utgangspunktet ikkje gjerast om. Ved den minste tvil, bør du difor velje ein annan form for prevensjon. Sterilisering hindrar graviditet, men vernar ikkje mot seksuelt overførbare sjukdomar. Bruk kondom dersom du er sterilisert og har fleire partnarar.

https://helsenorge.no/sex-og-samliv/prevensjon/sterilisering

Tilvising og vurdering

Dersom du ønskjer å bli sterilisert, kan du ta kontakt med fastlegen din eller ein klinikk som driv med prevensjonsrettleiing. Legen skal gje deg opplysingar om korleis operasjonen blir utført, og om risikoen som er knytt til å late seg sterilisere. Legen vil også fortelje deg om andre aktuelle prevensjonsmetodar. Du må vurdere nøye, fritt og uavhengig om sterilisering er den beste måten for deg å hindre uønska svangerskap.

Dersom du bestemmer deg for å bli sterilisert, må du underteikne skjemaet «Begjæring om sterilisering». Her stadfestar du også å ha fått informasjon om inngrepet. Legen skriv deretter ei tilvising til sjukehuset eller den privatpraktiserande spesialisten som skal utføre steriliseringa, og sender skjemaet med di underskrift dit.

Legen som utfører operasjonen, skal på førehand forsikre seg om at du har fått informasjon om inngrepet, eventuelt informere deg sjølv. Ventetida for å bli sterilisert varierer frå sjukehus til sjukehus. Oppdatert informasjon finn du på www.frittsykehusvalg.no. Sjølv om du har skrive under på at du ønskjer å sterilisere deg, kan du når som helst ombestemme deg før operasjonen. Hugs då å avbestille timen for inngrepet.

Før

Under

Etter

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.