Diagnose, Preeklampsi
Svangerskapsforgifting
Svangerskapsforgifting, også kjend som preeklampsi, er ein sjukdom som berre kan oppstå i samband med svangerskap. Tilstanden er definert som nyoppstått forhøga blodtrykk i svangerskapet saman med protein i urinen etter 20. svangerskapsveke. Vi definerar også nyoppstått forhøga blodtrykk saman med andre tekn på dårleg fungerande organar, slik som leversvikt, som svangerskapsforgifting.
Årsakar
Ingen veit enno kva som forårsakar svangerskapsforgifting. Vi veit imidlertid at årsaka kan knyttast til morkaka si funksjon. Vi tror i dag at stoff frå morkaka kjem over i den gravides blodsirkulasjon og påverkar blodåreveggene slik at kvinna får auka blodtrykk samt lekkasjon av proteinar gjennom nyrenes årevegger. Nokre kvinnar med preeklampsi har tekn på dysfunksjon av andre organar enn nyrene, slik at dei i staden for proteiner for eksempel har auka leverenzymer i blodet.
Om kvnna berre utviklar forhøga blodtrykk utan proteinar i urinen, eller andre organsvikttekn, blir tilstanden kalla svangerskapsindusert hypertensjon. Nokre kvinner har eit forhøga blodtrykk allereie før 20. svangerskapsveke, eller frå før dei blir gravide, dette blir kalla kronisk hypertensjon.
Til saman kallar ein svangerskapsforgifting, svangerskapsindusert hypertensjon og kronisk hypertensjon i svangerskapet for hypertensive svangerskapskomplikasjonar.
Hypertensive svangerskapskomplikasjonar kan gi komplikasjonar både for mor og foster.
Referansar
Norsk gynekologisk forening (Den Norske legeforening) har laga ein rettleiar i fødselshjelp. I vedlegg til kapittel 28 finn du meir informasjon om hypertensive svangerskapskomplikasjoner.
Pasientinformasjon om preeklampsi fra Norsk Gynekologisk Forening
Patient Information about Preeclampsia from the Norwegian Society for Gynecology and Obstetrics
Før
Vi anbefalar ein normal og sunn livsstil før og under graviditeten med fysisk aktivitet, eit sunt kosthald og normal vekt for å førebyggje komplikasjonar i svangerskapet, også hypertensive svangerskapskomplikasjonar.
Sjølv med ein eller fleire risikofaktorar kan du få eit normalt svangerskap og fødsel.
Under
Blodtrykksenkande medisinar
For å forhindre komplikasjonar (som hjernebløding) får kvinner med alvorleg hypertensive svangerskapskomplikasjonar ulike former for blodtrykkssenkande medisinar. Behandlinga minskar risikoen for komplikasjonar, men behandlar ikkje sjukdommen i seg sjølv.
Hos dei fleste normaliserer blodtrykket seg nokre dagar etter fødsel, men nokre kvinner treng å bruke blodtrykkssenkande medikament ei tid etter fødselen. Nokre få må bruke medikament resten av livet. I sjeldne tilfelle kan svært alvorlege hypertensive svangerskapskomplikasjonar gi varige helseskadar.
Ultralyd
Du blir følgt tett på svangerskapspoliklinikken med kontroll av blodtrykk, undersøking av urin, eventuelt blodprøvar og registrering av barnets hjarterytme (CTG). I tillegg utfører vi ultralydundersøkingar for å undersøke fostervekst, måling av blodgjennomstrømming i navlesnora og fostervatnmengde. Kor tett du vil bli følgt opp, kjem an på alvorlegheitsgraden.
Observasjon på fødeavdelinga
For å overvake deg og fosteret med alvorlege hypertensive svangerskapskomplikasjonar blir nokre gravide innlagde på fødeavdelinga til observasjon. Det optimale forløysingspunktet er basert på fleire faktorar. Helsa di må vegast opp mot barnets risiko for komplikasjonar, for eksempel for tidleg fødsel.
Igangsetting av fødsel eller keisarsnitt
Vi kan sette fødselen i gang eller utføre keisarsnitt avhengig av mor og barns helse, svangerskapsalder, livmorhalsens modenheit og om du har fødd tidlegare.
Etter
Både kvinner og barn har etter svangerskapsforgifting ein noko auka risiko for å utvikle hjarte- og karsjukdommar seinare i livet. Det føreligg enno ingen klare retningslinjer for korleis kvinner som har hatt svangerskapsforgifting bør bli følgde opp, men Norsk gynekologisk forening har i sin rettleiar laga eit forslag som du kan diskutere med eigen lege, dersom du har gått gjennom preeklampsi.
Vi anbefaler at du som har hatt svangerskapsforgifting har ein livsstil som kan bidra til å førebyggje hjarte- og karsjukdom. Det er viktig at du:
- er fysisk aktiv
- har eit variert og allsidig kosthald
- begrensar inntak av metta fett, salt og sukker
- unngå røykjing
- opprettheld normal vekt
Retningslinjer for oppfølging etter svangerskapsforgifting
6–12 veker
- kardiovaskulær risikokartlegging – enkel
- livsstilsrådgiving
1 år etter fødsel
- kardiovaskulær risikokartlegging – utvida
- livsstilsrådgiving
- eventuelt medikamentell intervensjon
Kvart femte år til 50 års alder
(for eksempel ved kontroll i livmorhalsprogrammet)
- kardiovaskulær utgreiing – enkel
- livsstilsrådgiving
- eventuell medikamentell intervensjon
50-årsalder
- kardiovaskulær kartlegging – utvida og NORRISK2
- livsstilsrådgivar
- eventuell medikamentell intervensjon
- vidare kontroll etter generelle retningslinjer
Kva skjer på kontrollane?
Livsstilsrådgiving
- røykeslutt
- fysisk aktivitetsnivå
- normal vekt
- sunt kosthald
Kardiovaskulær risikokartlegging – enkel
- kroppsmasseindeks
- røykevanar
- fysisk aktivitetsnivå
- blodtrykk
Kardiovaskulær risikokartlegging – utvida
- som enkel – i tillegg:
- arveleg disposisjon for hjarte-/karsjukdom
- dyslipidemi (LDL og totalkolesterol)
- glukoseintoleranse (HbA1c)
Medikamentell intervensjon etter retningslinjer fra helsedirektoratet.
(Retningslinjer frå Helsedirektoratet)
Kontrollar
Du bør ta opp di historie med svangerskapsforgifting ved rutinesjekk hos fastlege 6 veker etter fødsel. Fastlegen kan leggje opp eit vidare kontrollopplegg tilpassa din generelle helsetilstand og andre risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar. Dette kan for eksempel være kvart tredje år samstundes med screening for livmorhalskreft.
Har du kronisk sjukdom som kan påverke hjarte- og karhelsa anbefaler vi at du blir følgt opp av fastlege/spesialist i neste svangerskap og seinare i livet.
Friske kvinner som har fått svangerskapsforgifting og som fortsatt har høgt blodtrykk ved heimreise frå føde/barsel blir tilrådd å følgje eit kontrollopplegg utanfor sjukehuset til dei har fått normalt blodtrykk.
For deg som har hatt alvorleg svangerskapsforgifting kan det vere aktuelt med kontroll på svangerskapspoliklinikken 2–3 månadar etter fødsel.
Neste svangerskap
Dersom du har hatt svangerskapsforgifting kan det vere aktuelt med dagleg Albyl-E frå veke 12 i neste svangerskap. Dette får du beskjed om ved heimreise eller ved kontroll etter fødsel. Vi anbefaler tidleg svangerskapskontroll med eventuell ultralyd i neste svangerskap og kontrollar i samarbeid mellom fastlege eller jordmor og svangerskapspoliklinikken ved sjukehuset der du skal føde.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Føde og barsel Haugesund
Oppmøtestad
3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.
Besøkstider og retningslinjer for besøk
- Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
- Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00
Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund