Symptom kan vere
- kløe i handflater og fotsolar
- trøyttleik
- vekttap
- mørk urin
- smerter øvst i magen
- lys/kvit avføring
- ein sjeldan gong gallestein
Får du desse symptoma bør du ta kontakt med jordmora/fastlegen din for å ta ei blodprøve.
Symptoma kan oppstå før det gir utslag på blodprøvene. Ved vedvarande og typisk kløe men normale blod verdiar bør det derfor vurderast å gjenta prøvetakinga. Det er ikkje samanheng mellom kor mykje du klør og gallesyrenivåa.
Symptoma kan forvekslast med gallestein og ved tvil bør du visast til ultralydundersøking av lever og gallevegar. Symptoma kan også forvekslast med svangerskapsforgifting, akutt feittlever i svangerskapet og virusinfeksjon. Ved tvil vil det bli tatt utvida blodprøver.

