Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Hyperemesis

Svangerskapskvalme

Nesten alle kvinner opplever noko kvalme eller oppkast når dei er gravide. Den vanlegaste svangerskapskvalmen er plagsam og ein kan kjenne seg veldig sjuk, men han fører som oftast ikkje til ernæringssvikt eller sjukdom hos mor eller foster.

Alvorleg svangerskapskvalme rammar berre eit fåtal gravide. Det gjev så ekstrem kvalme og så store plager at du treng helsehjelp.

Les meir på helsenorge.no

Vanleg svangerskapskvalme

Kvalmen er verst dei første 12 vekene. Etter kvart som svangerskapet utviklar seg, vil kvalmen minke. Kosthaldsendring (små, proteinrike måltid) og/eller reseptfri, kvalmestillande medisin kan hjelpe mot kvalmen. Spør fastlegen eller apotekpersonell om råd.

Alvorleg svangerskapskvalme

Nokre gravide (1–3 prosent) utviklar alvorleg svangerskapskvalme (hyperemesis gravidarum) som kan føre til væsketap (dehydrering), elektrolyttforstyrringar og ernæringssvikt, og det er ofte behov for behandling på sjukehus.

Intens kvalme og oppkast påverkar arbeidsevne og kapasitet til å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar. Den mest frykta, men svært sjeldne komplikasjonen for mor, er hjerneskade på grunn av mangel på vitamin B1 (tiamin).

Fleire studiar har vist at barnet kan ha auka risiko for å bli fødd for tidleg eller bli fødd med låg fødselsvekt. Risikoen for dette er auka om kvinna ikkje får korrigert væske- og næringsinntaket. Det er derfor viktig at gravide med alvorleg svangerskapskvalme får behandling – og at dei følger behandlingsopplegget og råd frå lege/jordmor.

Tilvising og vurdering

Svangerskapskvalme kan bli gradert ved eit spørjeskjema som på norsk blir kalla SUKK – Svangerskapsutløyst Kvalme Kvantifisering (på engelsk heiter skjemaet PUQE) og inneheld tre spørsmål:

  • Kor mange timar per døgn er du kvalm?
  • Kor mange gonger har du brekt deg?
  • Kor mange gonger har du kasta opp?

Høg skår betyr at du har alvorleg svangerskapskvalme.

Legen går gjennom Sukk-skjema med den gravide og graderer deretter svangerskapskvalmen som lett, moderat eller alvorleg. Vi undersøker også om det kan vere andre sjukdommar/faktorar som kan vere årsak til kvalmen.

For pårørande kan det vere vanskeleg å forstå kor sjuk ei kvinne med hyperemesis vere, men det er viktig at kvinna får god støtte av familie og venner og at ho føler at dei er der for henne. Angst, uro, ustabil partnar / heimesituasjon kan forverre tilstanden. Samtale med lege, jordmor eller anna kompetent helsepersonell kan vere til god hjelp for mange.

Før

Du vil bli vegen og målt. Du vil også gå gjennom ei ultralydundersøking for å bekrefte svangerskapslengde og trivsel hos fosteret. Vi tar også urin- og blodprøver blant anna for å kontrollere salt-, elektrolytt- og ernæringsstatus hos den gravide.

Kvinner med mild og moderat svangerskapskvalme kan ofte behandlast heime med symptomlindrande tiltak som kvalmestillande medisinar, kosthaldsrettleiing, vitamintilskot og ro. Det er ofte nødvendig med heilt eller gradert sjukmelding i denne fasen.

Under

Gravide med alvorleg svangerskapskvalme treng ofte innlegging på sjukehus. Kvinna får kvalmestillande behandling og tilførsel av væske, elektrolyttar og næring, inkludert vitamintilskot.

Den beste måten å få tilført næring og nødvendige vitamin på (om ein ikkje klarer å ete/drikke sjølv) er ved hjelp av ein sonde, ein tynn slange som blir lagd ned i magesekken. Næring blir tilført via sonden.

Under sjukehusopphaldet blir allmenntilstanden, vekt, urin- og blodprøver kontrollert regelmessig. Når allmenntilstanden er betra, kan den gravide skrivast ut med avtale om vidare kontroll og korleis behandlinga skal følgast opp heime. Mange blir skrivne ut frå sjukehuset med sonde og held fram med sondeernæring heime.

Etter

Ro, og moglegheit for kvile og søvn er sentralt i behandlinga av tilstanden. Hjelp og støtte frå partnar, familie og venner er avgjerande for at behandlinga skal gi effekt. Psykologisk støtte og ro er ein viktig del av behandlinga.

Sterke lukter kan provosere fram kvalme. Dei som er rundt den gravide bør derfor unngå å bruke sterk parfyme. Unngå alt med sterk duft som matlaging, mat som luktar og blomster, da dette kan framkalle kvalme og brekkingar.

Spis små måltid. Det første måltidet bør takast i senga Det er lurt å ha kjeks og vatn på nattbordet, for å ete før du står opp. Unngå å legge deg like etter eit måltid. Spis gjerne før du blir svolten. Ein tom magesekk kan forverre kvalmen ved matinntak. Drikke blir ofte tolt best kald, klar og med kolsyre, gjerne i små porsjonar mellom måltida. Ispinnar kan vere ein god måte å få i seg væske på. Varme, høgluftfukt, høge lydar og bilkøyring, kan også forverre kvalmen.

Dei fleste går til fastlegen for vidare kontroll. Nokon vil trenge gjentatt væskebehandling som kan bli gjord poliklinisk (utan at ein blir innlagd på sjukehuset). Dersom dette ikkje er nok, kan det bli nødvendig med ny innlegging.

Sist faglig oppdatert 25.09.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Gynekologisk sengepost, Haugesund

Kontakt Gynekologisk sengepost, Haugesund

Oppmøtestad

Gynekologisk sengepost finn du i 3. etasje i nybygget Sydvest på Haugesund sjukehus. Vi held til saman med fødeavdelinga.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.